- Project Runeberg -  Bondestudentar /
282

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_282_

Odelsbonden, me skal lita paa, naar det knip!« —
Daniel kjende seg uroleg, der han sat; men han
trøy-stad seg med, at Storr var Materialist. Og so saag
han paa dei andre og forstod, at ikkje dei helder heldt
med han. »Men Storr dreiv paa. Me gjekk her og
snakkad um Upplysning . . .ja, godt og væl . . .
men . . . det var ein Ting, som all Skule og all
Upplysning her i Landet skulde gaa ut paa, og det
var . . . aa prenta inn i Folketanken — liksom med
Eldskrift — den gamle gode Setningen: poverty is a
crime, Armod er Synd! Det skulde vera det fyrste
Bud i vaar Folkekatekisme —: du skal ikkje vera
fatik. Dette Landet maatte verta ein Arbeidsstat
etter belgisk elder schweitsisk Mynster ... og so
gjekk dei her og gjorde det um til ein Kancelli- og
Litteraturstat etter tysk Mynster . . . Me kunde sjaa
det i all Ting, — i Bokheimen med all denne
Dikting og Drøyming og alle desse Idear . . . tysk
ideal Skodd, ein usunn, ulivande Hybel-Litteratur . . .
istadenfor aa segja Folk ærlegt Sanningi og læra dei
aa forstaa, kva det kostar aa liva . . . slikt gjorde
sitt til aa tøma Landet for Energi og Folk. — Og
so Statsbudgettet. Me kunde sjaa paa Statsbudgettet,
at me var eit Folk, som var styrt av Embættsmenn
— og av Bønder, som vilde vera fine . . . mest all
Ting gjekk til Kontorvæsen og uproduktivt Stell, og
li tet og ingenting til Framhjelp av Arbeid og Næring.
... Og vilde ein Arming lesa til Prest, so stod
hund-rad Mæcenatar og tankelause Geni-Uppdagarar ferdige
og vilde hjelpa han fram (tru det? tenkte Daniel);

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free