- Project Runeberg -  Bondestudentar /
320

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_320_

til aa fljuga med, som han trudde vilde verta praktisk.
Han grov og leitte i alle Lommur etter ei Teikning,
han hadde gjort til denne Maskinen, men fann
ista-denfor den eit Brev, som førde Tanken hans inn paxi
ei ny Leid. Brevet var fraa ein Skulemeistar, som
hadde misst Posten sin^ fordi han var væl glad i
godt Lag; det hadde fleire Gonger voret Ugreidur
med han; men tilslutt hadde han gjort litt . . . litt
. . . »Skandale?« spurde Daniel; »aa ja«; og so
vart han sett paa bar Bakke. No vilde han her inn
til Hovudstaden og søkja si Næring, for det var ein
flink Kar; men Karl Magnus visste, at det ikkje
kunde nytta. »Ein Fyr, som er avsett for Fyll!« —
Daniel hadde i Grunnen vondt av Skulemeistaren;
men naar slike Folk ikkje passad seg, so kunde dei
ikkje venta likare . . .

»Ja, ja, det er det, som er Ulukka«, sagde
Daniel, han tok og til aa faa væl mykjé 01, »det er det
som er Ulukka . . . Folk vil liva godt og . . . hava
det godt . . . istadenfor aa arbeida og spara. Tener
dei litt, so gjeng elet til Stas og Fjas; dei ét det
upp, og drikk det upp ... og vil vera store Herrar
paa Kreditt; og so gjeng dei og drøymer og drøymer
og liter paa Slumpelukka . . . Gjeng det galet, so
kann dei altid faa nokot Arbeid sidan . . . Slikt gjeng
aldri godt. Det er Villmannsskap! Bonden er ikkje
lenger den . . . Odelsbonden, som han var i gamle
Dagar; Garden hans stend i Pant i Hypotekbanken
. . . og so gjeng Bonden og trælar for den, og det
vert upp i Fant alt ihop . . . Det hev voret sagt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0329.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free