Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_327_
ja av Teologar hev eg høyrt det!? Kristian ruggad
paa Hovudet. »0g det, som er verre enn alt«, foor
Daniel fram, glad og ivrig, »eg hev høyrt dei segja
ende ut, at Konsekvensen av desse folkelege Tankarne
er Sosialismen! Sosialismen og Kommunismen . . .
er det ikkje fælt?« Kristian tagde og kom i Tankar.
»Eg for min Part«, heldt Daniel fram og gjorde seg
roleg, hev i seinare Tid funnet det best aa slaa meg
ifraa Politikken og dei Ting; for det er ikkje godt aa
vita, kor langt ein kann fylgja med no.« — »Nei«,
sagde Kristian, »det gjeld nok aa sjaa seg fyre.«
Daniel var so glad, at han undrast paa det sjølv.
Han aat til Kvelds hjaa Kristian, men fekk
korkje 01 til Maten elder Toddy etterpaa.
Kristian lagde iser ut um Grundtvigianismen og kor
faarleg- den var; sidan fortalde han um, at dei paa
Latinskulen hadde havt slik ein nierkjeleg Mann til
Religionslærar i dei siste Par Aari. Daa Daniel vilde
gaa, sagde Kristian: »Skulde det ikkje vera godt,
um me bad litt med kvarandre i Kveld?« — Au,
stend det slik til, tenkte Daniel; »jau, jau, gjerna«,
stotad han. Og so maatte han høyra paa Kveldsbøni
hans Kristian, som vart baade lang og drjug. Ja;
den, som kunde vera som Kristian! Daniel for sin
Part fekk væl drygja, til han vart Prest, tenkte han.
So lengje ein laag her og studerad, hadde ein so
mange andre Ting aa tenkja paa . . . det var ikkje
,so greidt. Hellest var det no som ein tok det til
med denne Bondeskikken aa »halda Bøni«; i fine Hus
brukad dei det aldri, og dei var væl like gode Kristne
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>