- Project Runeberg -  Bondestudentar /
330

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_330_

So kom det ein Hr. Drilevig, som viste fram Attestar
fraa fleire Professorar og hadde fenget Hjelp og
Stud-nad av snart sagt kvar kjend Mann i heile Byen,
men som enno ikkje hadde lært dei tvo fyrste
Dekli-nasjonarne; sidan kom Bant Bu; han helsad paa
Daniel som »gamall Skulekammerat« og var kjend
med ein Gong. Daniel hugsad ikkje Pyren, ikkje
Navnet dessmeir, men torde ikkje annat enn halda
gode Minur; han reiv i 01 og drakk Skaal for »gamle
Dagar«, og var i si verste Beit. Men Bent Bu
fortalde med Laatt og Gaman um dei Maatarne, han
hadde brukt til aa freista Livet. Svoltet hadde han
tidt og traadt; meir enn ein Gong hadde han livt i
Dagevis paa berre kaldt Vatn; men like kaut hadde
han voret, og so hadde han havt det godt med, some
Tider. Millom annat hadde han skrivet i Avisur,
lagat ihop Skrynj ur og selt dei til »Posten« for ei
Mark, og annat slikt; men det beste Spikket, han
hadde gjort, det var daa han heldt Strid med seg
sjølv i »Bondevennen« og »Posten« um Folkehøgskulen.
Skreiv fyrst eit Stykke i »Posten« under Merket
»Audiatur et altera pars« — ha-ha! — skreiv so
eit Stykke i »Bondevennen« imot denne same
»Au-diaturHy fiktad mot seg sjølv so Busti fauk, og fekk
Pengar baade i »Posten« og i »Bondevennen«! — Ja,
ja! kva Fanden gjorde det? Kunde det ikkje vera
det same for dei Fillebladi, kven som skreiv, berre
det var godt skrivet? — Jau, Daniel kunde ikkje
motsegja det; han likad i Grunnen denne djerve, buse
Karen, som var so lite Partimann. — Men Enden paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0339.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free