- Project Runeberg -  Bondestudentar /
333

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_333_

fyrr visst, at dei var so stygge. Og han kjende
Lukt av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin,
av Kaffemaskinar, Husholdningsbraud og Pultost, og
han saag Minningar av all den Vesaldom, som fylgjer
med, naar tunge Arbeidskrefter set seg uppaa eit
Kot og les istadenfor aa slita og arbeida i den friske
Lufti. Sjølve Maten smakad »folkelegt« her; han
maatte ha voret fælt demokratisk i den Tidi, daa
han fann denne Levemaaten god. Ender og daa
saag han Kjenningar, som han ikkje vilde raaka,
slike som Hærland elder Fram; dei saag endaa
skralare ut enn fyrr, totte han, og Fram var lang og
losliten og mager, med eit fælt, lurvutt Haar nedyver
Øyro og Aksler, so han saag ut som ein Kommunard;
det var ikkje likt til, at dei »store Idearne« kunde
korkje føda elder klæda sine Folk. Daa hadde dei
det betre, desse gamle Departementskararne og
Pensjo-nistarne, som hadde sitt visse Braud, — endaa dei
saag ikkje glade ut, dei helder, der dei sat og
mau-lad yver Labskausen og yver sine svikne Voner,
trøytte og leide, graae av Papirdumba og Kontorluft,
med smale, magre, turre Andlit, med Maanar og
Fleinskallar og graatt Skjegg . . . Busteperar,
Hønsehaukar med fallande Fjør, — underlege Motstykkje
til Studentarne. Men her og kvar sat Menn av
Folket, skitne, tettbygde, stolpesterke Arbeidsmenn, og
aat og drakk so rolegt og hjartelegt, som der ikkje
skulde finnast den Ting paa Jordi, som heitte den
Dag i Morgo.

Daniel sat og saag paa dei gamle, tildess han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0342.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free