Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel
ordi, so hugsa han innhaldet; han lærde og snart å
gissa seg til meiningi i mange ord; dei som kom oftast
att lærde han. Det gjekk godt dette, totte Daniel.
Det same totte kapellanen. Han var fornøgd både
med guten og med metoden; på denne måten skulde
det koma ånd inn i sjølve tyskemålet. Og han skreiv i eit
skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye metoden.
Likso sæl som jæraren var i denne, likso sæl var
Daniel av di han endeleg kunde fortelja at han las
tysk. Han la serleg merke til slike ord og vendingar
som han kunde få bruk for; dei lærde han, so han
kunde ha noko å slå frå seg med heime, og noko å
briska seg med i klokkarskulen.
Der galdt han for mykje til kar; og han treivst der.
Millom anna og av di han lika so godt Inga Holm,
klokkardotteri. Denne Inga var ein rund, søt liten ting,
med eit godt blidt andlet og fagre fakter; augo låg
liksom halvt attlatne og smadrøymde, symjande i mild,
svevnug glans. Det var forunderleg so ljos og
hyggeleg skulestova vart når ho kom inn. Det var noko
serskilt ved henne som Daniel aldri såg hjå andre; alt
det ho gjorde, um ho so berre rørde ein finger, —
det var so tekkeleg, so uskyldigt, so vent å sjå på.
Men augo var som solglyttar. Kom ho til å sjå burt
på Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt uroleg
kjensle gjekk gjenom bringa. Daniel drøymde ofte
um dei augo; og når kapellanen fortalde um Ydun
eller Frøya, so hugsa Daniel alltid på Inga. Han tenkte
so smått, og vart blodraud ved tanken, at kanskje
elska han Inga Holm f —
Um ei stund laut dei til med latinen. Det var ikkje
etter metoden; men det fall seg so at kapellanen laut
driva på.
Daniel var stolt. Han visste det var latinen som
skilde millom lærde og ulærde; latinen var den tronge
vegen som førde frå kvardags-stimen til åndshimmelen;
ingen vart stormann som ikkje kunde latin; og no skulde
han få læra latin.
i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>