- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
24

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i denne osen,» svara Daniel; han tok til å banka på
glaset att, men ikkje so sterkt. Likevel gjekk det upp;
dermed lét han det stå på glytt og tok til beins ut;
men gamlingen låg og koka burti sengi. Og so tok
vinden glaset og slo det heilt upp. Skjelvande krabba
gamlen seg upp og burt til vindauga; han slo det att
med ein rasande smell, som Daniel måtte høyra so sant
han var i huset.

Etter den dagen gjekk Ole Johannes lenge og berre
mur-tagde. Men for Mari slo han på, at Daniel visst
ikkje hadde godt av all denne lærdomen han fekk. Mari
forstod meiningi og gjekk straks til Daniel. Ho bad
han hugsa på, kva denne skulegonga kosta far hans.
Det var ikkje å undrast på um den gamle mannen vart
eit grand sår på det; pengane skulde han ut med; og
såg han so, at han fekk lite takk au —. Å, desse
pengane, rengde Daniel. Var det elles noko pengar å røda
um enno? Las ikkje kapellanen fritt kanskje? Han
brydde seg nok ikkje so mykje um pengane, han. Til
dette svara Mari, at ein kunde då vel ikkje for skam
skuld lata kapellanen streva for reint inkjevetta. Ein
laut alltid senda han ein kjøtfjordung eller ein
smør-ambar so då og då; og so laut ein ofra lite raust på
dei store høgtidene; på same måten var det med
klokkaren; so når alt vart ihoplagt, og dertil det Daniel
sjølv måtte hava, so vart det pengar av likevel. Ole
Johannes hadde somen i det siste året lånt ikkje so
lite. Daniel kjende seg som djupt nede i ei myr. Berre
matrekningar og mattankar; småskap, armodsdom heilt
igjenom. Han gjekk ut. Han måtte ha luft. Kor
skulde ein gjera av seg.

Men sidan torde han ikkje anna enn vera snild gut.
Han lempa seg etter husens skikk og gjekk far sin
under augo so fint han kunde. Ole Johannes småmylte
med seg. Det hev du godt av, far min 1 tenkte han;
det er ikkje verdt du vert storkar for snart! Men Daniel
lika ille på leiken. Han vart mest hatig på denne
ånd-lause moldtrælen til bonde som ikkje kunde forstå det
slag av det som var høgt og stort og edelt på jordi;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free