- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
42

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart drive mykje med leigefolk; garden tok til å koma
i nedfall. Ole Johannes var i skuld hjå Jens i
Larse-bakken, og no måtte han handla hjå honom mest all
ting; selja billeg og kjøpa dyrt. Ikkje var han so trugen
med boki heller som fyrr. Han låg heller og sov um
morgonen no i staden for å lesa bøni; og so kunde
ein ikkje venta anna enn at der vart «lite velsignels
med arbeidet». Daniel svara ikkje lenger.

Han trøysta seg med å drøyma um framtidi og um
Inga. Når han vart student, jamna alt seg; og da
vilde han bjoda Inga Holm hjarta og hand. Ho er
for fin for bondegutane, og for dei andre var ho ikkje
rik nok; so fekk ho stå fri, som blom på høgt fjell
til dess han kunde koma. —

Daniel fekk ikkje friplass på skulen næste år, då han
ikkje kunde skaffa attest for fatigdom. Men på skulen
kom han likevel; gamlingen tenkte der var ikkje anna
fyre. Og kor ille Daniel lika seg på skulen, so var
det betre i byen enn heitne på Sørbraut likevel. Ja
sjølve gamlingen vart ein annan, når han kom til byen.
Det var som han yngdest upp att her inne, totte
Daniel. Han kunde sjå so raud og frisk ut, og ha slik
ein glans i augo, at ein skulde ikkje kjenna mannen
att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, når han sag Ole
Johannes so livleg; lian nikka til Daniel og lo so smått.

Men ein gong ut på hausten — det var ein regnsur
og kald dag seint i oktober — totte Daniel at gamlingen
var kvatare mest enn rimeleg kunde vera. Og glansen
i augo var helst som ei dimme. Daniel forstod seg
ikkje på dette; koss kunde det ha seg, tru?

Ut mot kvelden skulde Ole Johannes på heimveg.
Då var han bleikare att og meir tagal; men det
underlege laget fylgde han. Og som han sat i den nye
bykjerra si og rødde nokre velfar-ord med Hans Nerstad,
såg Daniel at augo hans var stirande og stive som på
ein drukken mann. Då seig det ei tyngd yver guten.
Han gjekk upp på romet sitt; visste ikkje kor han skulde
gjera av seg. Han berre såg far sin som han sat der
nede og glodde med dei rare augo; og det verkte so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free