Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mange han hadde, og kor rare dei kunde sjå ut, han
fekk alltid noko ut av dei. Det var ein «metode» som
ikkje hev vore uppe korkje fyrr eller sidan; for metoden
var mannen, og mannen var eit geni. Og korleis det
gjekk og ikkje gjekk med gutane hans, — dei tala
aldri med slik varmhug um nokon mann som um
gamle Heltberg.
I grammatikken laut dei hjelpa seg med Madvig.
<Andre boller* skulde det sidan bli; «når jeg en gang
får ud min herlige grammatikk, som ligger hjemme i
min guddommelige bordskuffe, så vil der oprinde en
ny æra i dette formørkede land,» spådde Gamlen i
Homer-mål; eit ordrag or denne grammatikken skulde
dei elles snart fa. Men dei greidde seg med den
grammatikken dei fekk i timane. Det var ein sann
skalde-grammatikk. Sogor og bilete i fylgje og flokk: um
«sproggeniusen» som var komen til jordi og hadde
skapt tungemåli; um preposisjonane som ein gong
«stod pent i bås», men sidan braut seg ut, so alt vart
ei Babels røre, eller um ordbolkane som det ikkje var
tie, men tri av; «i evighed! der er tre!» Altting var
tri; det var endå ein fælt klok mann, som hadde vorte
galen av di han såg at altting var tri; og no var
trilogien den høgste filosofiske sanning.
Men når han tolka dei gamle skribentane, lika han
seg best. Då var han som ein eldleik av åndfulle
lentor, og bilete og likningar kom sprakande og lysande
so modigt og so lystigt som ei komedie av Shakespeare.
Men norsk var han; og Daniel vart upp i under
yver, kor godt han fekk latinen til å høva med vår
nordiske ånd. Når han fortalde um «Cæsarguten», som
kom og gjorde soll på remdølom og bellovakingom i
Gallia, den styggheita, som var so lå som kua upp i
åsen, då var det so ein kjende seg mest altfor mykje
heime, totte Daniel.
Men han kunde vera klassisk au. Som når han
fortalde um sin kjære Horats og um livet på hans
lyst-gard. Der levde dei idealt! Med kransar av vinlauv
låg dei til bords ved den sildrande kjelda og drakk den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>