Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vera so tungt! I grunnen var det nok med
skulearbei-det som med alt slit; det var ei straff for våre synder.
Etter kvart merka han seg, kva det var for lærarar
ein kunde «ta det lett» med; og so tok han det lett
med dei. Lærde ikkje det dei sette ’n fyre, og var
ofte burte frå timane deira; kunde andre fara soleis, so
kunde vel han med. Han trøysta seg med at han var
nøydd til det.
Ein ujamn, av likt og ulikt samanreken flokk var det,
han var komen i hop med her. Det meste var
bondegutar og småfolks søner; men her og der kunde ein
sjå velstandsfolk med, som var burtviste frå latinskulen,
eller som av andre grunnar fann det lagleg å skjota
denne «beinvegen til eksamen». Her sat friske, grøne
sekstanåringar jamsides med røynde skjeggjebussar og
fieinskallar på 30; vyrdelege skulemeistrar sat saman
med glade sjøgastar; heilage menner som Ole Bentsen
måtte sitja i lag med ranglefantar og galningar som
kann henda ikkje gjorde stort anna enn å driva rundt
etter moro. Såg ein heile flokken under eitt, hadde
han noko fortrykt og forkome yver seg, eit drag av
strev og sut, av vonde dagar eller rangel; mange gjekk
låkt klædde, med skitne halskragar og handkragar,
med brøker upptrødde ned med hælane, med skeive
sko, med geniale hattar; burtmed omnen sat ein gut
med vinterfrakken på seg endå når omnen var raud;
tingen var at han hadde hol i broki si på ein stad . . .
der ein ikkje må hava hol i broki; og det kunde han
ikkje dylja på annan måte. Mange såg ut som dei
småsvalt; og dei som freista å fylgja med, gjekk gjerne
med ei jamn skodd yver heilen, tunge og mødde av
nattevaking og ovarbeid, so dei ikkje var heilt-upp seg
sjølve. Di lenger det leid, di tyngre det gjekk; det
vart mindre og mindre av godlag og godskjemt.
«Klasse-åndi», som aldri hadde vore sterk, døydde burt; flokken
skilde seg sund i småflokkar; og dei som ingen flokk
hadde å sokna til, gjekk og tusla åleine.
Det dei rødde mest um, var vel det dei hadde minst
av: pengar. «Den som hadde myntsorter!» —den visa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>