- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
65

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med sitt: um Daniel ikkje kunde vilja tenkja på misjonen.
«Ikke så at forstå, kjære ven, at jæ vil lægge någet
præss på dej,» sa herr Finsen; men . . . han vilde
kunna hjelpa Daniel med so mykje større glede, um
Vårherre bøygde hans hug til misjonsarbeidet. Skulde
det ikkje vera herleg og stort å få vera med å byggja
Kristi kyrkje i Sululand? Måtte det ikkje vera eit sælt
arbeid å få føra frelsebodet utyver verdi til dei som
enno låg i myrkcr og i daudens skuggar? — Daniel
var i si verste beit. Då fekk han ein frelsande tanke:
«Mor vil ikkje,» sa han. Dermed slapp han. Og han
totte han hadde greidt seg godt. Det same totte mor
hans, då han sidan fortalde det til henne. —

— Då han var komen godt og vel inn til Kristiania
um hausten att, fekk han høyra at grosserar Helle hadde
spela upp. Daniel vart reint fortenkt, men —• ikkje
uglad. So var han då kvitt den formyndaren. Men
då han straks etter fekk brev frå lensmannen, at
heretter laut han berga seg med endå mindre pengar enn
fyrr, kolna gleda av att.

På skulen gjekk alt som fyrr. Men fire av gutane
var gjengne ut: Wall, Presler, Simon Husmo og Bernt
Bruvik. Den siste sa dei hadde gift seg med ei rik
slaktardotter og skulde vera handelsmann. Men tvo nye
var komne inn att, tvo som hadde vore uppe og
stroke. Den eine heitte Gregus Johnsen; det var ein
lang, bleik fyr som dei sa var diktar; han hadde endå
skrive vers i «Posten». Den andre var gamle
Vedun-derbø. Hans rette namn var Underbø; men han hadde
vorte namngjeten og umdøypt, av di han «snart i ein
mannsalder» hadde «gjenge her inne og stroke til artium».
Men kor lenge han strauk, og kor ille det gjekk, han
heldt ut og heldt ut, seig som eit vedunder. No var
han langt uti åri, so dei for moro skuld fortalde at han
hadde ein son som var student, og som i «eksamenstidene»
las privat med far sin «til å hjelpa den unge mannen
fram». Det var ålmenn tru, at Vedunderbø kom til å
gå som ein ny Jerusalems skomakar og stryka til artium
æveleg. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free