Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
n
Og no sette alle desse nyfødde myndige menner seg
til å skrika ut av fyllte lungor si umåtelege glede; og
dei trampa samtykke med støvlehælane so salen skalv.
So vart russesongen spreidd ut-yver flokken, flaksande
gjenom lufti, som fivreld; musikken uppå trevet skar i
1 spela; og songen steig, ylande gjenom salen som ein
glad storm, sigersongen um at no var dei ikkje lenger
skulegutar, men russ, og at snart skulde dei, faustis
avibus, vera studentar,
Songen gjekk fyrst ein gong med musikk, og sidan
utan musikk; då vart det gildare endå. Dei skilde seg
sund i småflokkar og song kvar i sin takt; sidan kvar
på sitt vers; fridomen levde høgt, og gleda var fullkomi.
Ungdomen hadde slege seg laus, og dei gamle hadde
gløymt sin alderdom; alt som i salen var, løyste seg
upp i song og lått; og punsen gleid ned, so smeren
han var, som det skulde vore nektar.
Langt um lenge slutta songen. Det reiste seg eit
havbrak av klapping og tramping, fyrst frå ein kant,
so frå ein annan, sistpå frå heile salen, og gjenom
havbraket gjekk skakande rop på «forfatteren; forfatteræ—nb
til dess salen liksom ikkje var anna enn dette eine
villande ropet. Og det varde lenge. Dei kunde ikkje
trøytna, desse unge bringor; og det gjorde ikkje noko
um det sveid eit grand i dei mjuke hendene i kveld.
Til slutt laut den sæle diktaren fram. Det var ein ung
gut som alle dei andre unge gutane; skvatt upp på
talarstolen, bukka i hytt og vér og var burte att som
eit syn. Lang gledeiått; etter kvart meir roleg.
Mange som totte her var for trongt inne, eller som
hadde fenge nok av øyredøyving og tobakksrøyk, drog
seg ut i hagen eller på svalgangen og slo seg ned der
med punsen sin i småe, hyggelege bordsetningar. Inne
i saien vart det meir og meir utskiljing. Punsen tok
til å verma i dei unge skallane; fleire og fleire fekk
hug til å samtala med gode kjenningar i trumål. Hans
Haugum og Aslak Fjordan sat og dømde russetalen;
han var lite tess, totte Aslak, berre desse vanlege
talemåtane; men Haugum var forundra yver den unge fyren,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>