- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
73

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ropa bravo; men meir roleg, liksom når skulegutar ropar
vivat recior; Daniel visste at dette var professoren i
filosofi.

Hans Haugum og Ortvedt spratt upp og trengde seg
fram mot talarstolen; Daniel fylgde etter uroleg og glad;
no skulde han endeleg få høyra visdomens ord frå sjølve
kjelda.

Professor Darre tala ikkje høgt; men Daniel fekk
meining i det meste. Det var noko um at skuletidi
ikkje var so leid som ein ofte trudde; når ein vart eldre,
vilde ein sjå mangt på ein annan måte, og då vilde
minni frå skuledagane få både meining og liv. Og
professoren skaut nakken fram og glodde ut i lufti med
hornlyktom sine, liksom han øygna eitkvart der langt
uppe og ute, som andre ikkje såg; og salen ropa bravo,
bravo. Men, sa professor Darre, lat meg ikkje gå meg
burt! I kveld skal me ikkje vera gamle og kloke, eller
gamle og galne som det heiter i ein variant (bravo!); i
kveld skal me vera unge og øre, eller unge og galne,
um de vil (hurra); og kven veit: kanskje er ungdoms
galskap til slutt den største visdom (bravo).

Professoren vart no meir høgtidsam. Han kremta og
kom inn på ei lang utgreiding um det akademiske stand,
som han skildra som ein høgre mannheim ovanum det
vanlege livet. Den som kom her inn, var dermed vigd
til ideens prest; han skulde heretter leva, ikkje for det
endelege, men for det uendelege, leva åndslivet, tott
bion theon1 i menneskjeleg meining (bravo!), med eit
ord, mine herrar, i sanning leva for ideen (bravo!). Alt
det små og smålege, som fylgde det vanlege livet, måtte
han her frigjera seg frå; han måtte, å segja, alltid ha
brudlaupsklædningen på seg; for her galdt det å vera
menneske i høgste meining, leva i og for det som i
sanning var menneske verdigt. Der ute i kvardagslivet
var mannen sundbytt og sundskift i dei tusund
små-formål, so han aldri i fred fekk samla seg i det ideale;
han kunde ikkje i dette endelause kav høyra
ånds-harmonien gjenom alle dei spreidde røyster eller sjå

1 ten bion thton: livet åt gudane.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free