Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og håret som fallande fjør. Det er med dei som med
hunden og andre dyr, at dei ser mest åndfulle ut, når
dei er unge; sjølve nautet ser åndrikt ut når det er
kalv.»
Ein ny talar var komen upp; i fyrstningi var han so
veikmælt at fleirtalet brydde seg ikkje um han. Men
no voks karen, og mælet hans med; Daniel snudde seg
og vilde sjå kven dette var; gud hjelpe oss! — det
var Jens Rud. Ein frå fabrikken! Kunde det gå godt
. . . Daniel vart reint uroleg. Men Jens klara seg; og
Daniel kjende seg kaut; me var ikkje reint burte me
fabrikk-studentar heller! — Jens Rud tala for den
studenten som var «folkets søn»; han var den sanne
og sjølvskrivne beraren av «folkets sak»; og der var
meining i det han sa; han fekk og sagt nokre varme
og fagre ord um den norske skalden me hadde fenge
helsa på her i kveld. Sterk klapping. Skåli si vilde
Jens serleg tøma for dei studentane som var gjengne
fram av det ålmenne folket; dei hadde fyrst og fremst
den fyreloga a vera folkeupplysarar og folkeførarar, av
di dei kjende folket best; — «Skål for bondestudentane!»
Heile salen klappa; det var både fagert og
forunderleg. Daniel vart ålvorsam. Han mintest sine gamle
draumar; og det var som han jamsides Jens Rud såg
ein annan mann stiga fram, ein mann som han i lange
tider hadde altfor mykje gløymt: kapellan Hirsch.
Ja! han vilde vera berar av folkets sak, Han vilde
vera ideal student; han vilde arbeida for tankar og ånd;
og matstrevet vilde han alle dagar hata. A, at han
ikkje var rik!
Rundt um i salen surra og dura det som fyrr; ender
og gong steig eit rop, ein lått, ein songstubb, og døydde
i tobakksrøyken. Daniel kjende seg trøytt. Han vilde
ikkje vera inn-i alt dette sumlet lenger. Ut i hagen
og suga frisk luft, og drøyma store draumar!
Då han kom ut, fann han Hans Haugum og fleire
andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva og ein ukjend,
sitjande ved eit lite bord under eit tre. Han gjekk
burttil. «Åhl er det duf» sa Haugum; «ver so god!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>