Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vart meir livleg. Ein skulde ha kaffi, ein annan øl; ein
tok brød attåt; han hadde ikkje fenge middag, sa han.
Eit par kom med bøker under armen; dei bruka å sitja
her og lesa, av di dei ikkje hadde ved heime, Ein ung,
fatig-fornem student bad um øl av dei andre «då han
ikkje hadde kreditt her lenger»; «hev du kreditt nokon
annan stad då?» spurde dei. «Fanden heller,» svara den
unge. Då lo karane; og Strand — han med brødet —
meinte, at no kom då vel Baardsen endeleg til å hengja
seg upp, som han burde ha gjort for lenge sidan. Den
unge — Baardsen — drog på aksiom; «det er ingen
som vil borga meg eit reip,» sa han. «Du skal få eit
sekkeband av meg,» svara Strand, «men når du hev
brukt det, vil eg ha det att; eg hev snart bruk for det
til min eigen hals.» — «Gjev meg eit stykke mat, so
skal me forhandla um den saki,» sa Baardsen, «Fanden,
eg er ikkje halvmett sjølv! — Nå, din slyngel, din idiot,
ver so god; gjev det måtte forvandla seg til gråstein i
din hole hals og i din botnlause vombsekk!» — «Takk,»
sa Baardsen.
Daniel tok til å lika seg i denne flokken; dei var
fnnt liksom han, men kunde taka det lett. «A du,» sa
Fram til den eine røvaren, «kom hit med det fillebladet
ditt!» — «Eg hev ikkje lese det,» knurra røvaren. «Kom
med det!» kvesste Fram i; han måtte ha noko å skriva
på! Den andre reiv bladet i tvo og gav Fram
lysings-sida. Under dette kom det eit par ungdomar inn, som
Daniel dømde var teologar, og som nok ikkje høyrde
til laget; dei sette seg ved eit mindre bord burtmed
vindauga, og skjenkjedeigja kom med kaffi til dei. «Johanna!»
sa Fram «kor mange koppar hev eg fått no?» — «I
dag, meiner De?» — «Ja?» — «Seks.» — «Lat meg få
ein til, Johanna.» — «Berre ein?» spurde ho og lo til
dei andre med sine kvite tenner. «Ein i senn,» nikka
Fram og skreiv.
Men då kaffien kom, la han pennen frå seg. Han
rette seg upp og såg seg ikring; Daniel la merke til,
at han ikkje hadde halskrage; so gav han seg i ferd
med kaffien, Og då den fyrste torsten var sløkt, sa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>