Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dei kunde få høyra ho. «Gull hev me ikkje,» sa Strand;
«men det me hev, det gjev me deg: øl!» — «Kor mykje?»
— «Det røder me um sidan.» — «De kann snyta meg.»
— «Det kann du og. Hikstoria fyrst!» — «Pengane
fyrst!» — «So kann det vera det same.» — «Nå, fær
eg øl etterpå då?» — «Ja visst.» — Mjøltråvaren stakk
ut glaset sitt og rette det fram tomt: «og so fær eg
eitt no med det same til å mykja munnléret med.» —
Jens slo i. «Takk! Skal’n fortæle, så må’n smøre
halshvirvlene så’n aven og tel, skjønner dere,» sa han.
Og Mjøltråvaren fortalde. Han hadde som vanleg
vore i beit for mammon; og kor fanden skulde han få
mammon ifrå denne gongen? Då fekk han ein ide. Han
gjekk til i Pater omnipotens *1 og umvende seg. (Bravo!
Lått.) Godt og vel. Han kom til Pater omnipotens.
Og skrifta for honom dei syndene som han ikkje hadde
gjort; for dei han hadde gjort skulde fanden snakka
um! Men mest av alt jamra han seg yver at han var
komen inn i denne ugudelege Framklikken, der han
hadde kome ut for so mykje satans list og forlokking,
at han hadde vore nær på å tapa si barnetru. (Hurra!
Mjøltråvarens barnetru!). Pater omnipotens vart kløkkt yver
angeren til Mjøltråvaren; han heldt ein tale um røvaren
på krossen (lått); so spurde han kva Mjøltråvaren no
vilde taka seg til. Denne svara, at han fyrst og fremst
vilde «arbeide på sin Helliggjørelse» (bravissimo!) og at
han so hadde tenkt å freista med teologi (verre og verre!).
Då la Pater seg på kne! og Mjøltråvaren au måtte på
kne (ha! ha!); og Pater bad med gråtande tåror for
denne angergjevne syndaren og teologen i voni. Men so
var det mammon då. Kor skulde ein koma inn på noko
so verdsleg etter slik ei høgtidsstund ? Men han greidde
det. Han bad Pater um ein bibel. Han hadde slik
trong til å lesa i Guds ord, sa han, men hadde dessverre
so lite av denne verdens mammon, at han — sant å
segja — ikkje hadde råd til å skaffa seg livsens brød.
Då tok Pater i si hjartans glede upp 5 dalar og gav
han, og bad han koma att so tidt han kjende trong til
’ Paler omnipotens: allmektig far.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>