Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel laut ut i gata. Tenestgjentor kom berande med
mjølkespann og korger fulle av flaskor og brød; det
var so vondt å sjå; augo hans saug seg fast i dei
korgene. Alle folk hadde mat, alle folk levde godt; ingen
hadde ein bete til honom.
Utanfor ein hushaldshandel stana han; krambui var
full av folk. Han såg med svoltne augo på all den
maten som vart langa ut yver disken, brød, smør, ost,
pylsesnabbar, ølflaskor, kaffifjordungar, gryn, erter, flesk,
egg; og han stunde av hunger. Med ein sår sukk
drog han seg frå døri, men stana ved vindauga., Studde
seg til veggen; var so trøytt. Akslene verkte; knéi
bar han snart ikkje. A, å, eit grand mat; å, berre lite
turt brød og eit glas vatn . . . Han stirde med feber i
augo på alle del gode ting som var uppsette i
vindauga; store glas fulle av kjeks, drops, sviskor, sukker;
på ei snor øvst uppe hekk digre, herlege spekelår, og i
ei stor korg var det brød, store lekre brød, brunsteikte
og ferske; livsens brød .. . Han stod og stirde; drøymde;
tenkte seg den tingen å klemma ut ei rute . . . med
ein tjøreklut, so glaset ikkje skulde singla ... og taka
— taka det brødet der som låg so gullfagert og lokka;
so vakna han. Kulsa og fraus; samla seg i hop; sjangla
i veg att. Heim og leggja seg. Han var sjuk. Den
som berre kunde få sova. Hadde han havt Berta Maria
no, skulde han bede henne um mat i kveld. Ho hadde
ikkje sagt nei. Ah; åh . . .
Ned gjenom Homansbyen sagga han med seine steg.
Gata var full av folk; alle skulde dei heim og eta. Det
var kaldt og surt. Men ljos var det i alle vindaugo.
Og ei søt lukt av friskt brød og andre matvaror slo
ut frå krambuene som luftningar frå paradis, kvar gong
dørene gjekk upp. Kvar skulde han gjera av seg i
i morgon? — Gå til Pater omnipotensr —Ja hadde han
berre vore umvend . . . Men kann henda . . . når han
vakna, kom postmannen med ein gul setel: «Til hr.
stud. filos. D, Braut er ankommet brev, påtegnet . . .
10 spd.» 10 dalar; brød, smør, mjølk, nei øl; ost, nei;
heller ein pylsestubb ... eta godt . . . so til skoma-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>