Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
då skulde, som diktaren sa, «landet over vore grave
blomstre som en Herrens have». Varmt tala Pater;
augo hans gjekk gong på gong fulle av tåror, og det
bivra um den sterke munnen. Daniel vart uppglødd;
han laut stundom tenkja på kapellan Hirsch.
Men då Pater tok til å tala um det «personlige
guds-forhold»og um livet i Kristus, kunde Daniel ikkje fylgja
so godt med lenger. Han vart bljug som ein smågut,
og kjende at han i grunnen var framand her. Og di
meir Pater la ut um «den salige nådestand» og striden
mot kjøtet og freden i voni um det evige liv, dess meir
forstod Daniel at han ikkje var umvend. —
— «Ikkje sant,» slutta Pater, «dette er herleg og sælt,
langt større og rikare enn all den stordom og glede og
glans som det verdslege livet kann gjeva? Du hev kjent
det? Du hev upplevt detrs —Daniel totte ikkje at han
etter det han fyrr hadde sagt kunde svara anna enn ja.
«Det gled meg!» sa Pater; «det gled meg! Takka din
Gud for dette, og takka han ikkje minst for at han hev
frelst deg i dine ungdoms dagar, og frelst deg frå å
koma i lag med dei vantruande!» Dei stakkars folk! Pater
hadde so vondt av dei; dei var verst mot seg sjølve.
Utan fred, utan von, utan trøyst og hjelp i liv eller
daude . . .
Hm, underleg nok: han hadde nyleg vore gjesta av
ein av desse armingane, ein av dei frå Frams klikk;
rett ein fortapt son, som hadde freista so lenge han
kunde å metta seg med det masket som der var å finna;
a han jamra seg so sårt yver den sjele-sott og
hjarte-ufred han hadde røynt, so lenge han vandra på dei
vegar! Men no hadde han funne heim att til faderhuset;
og no var han so sæl. «Og tenk: han var so arm at
han knapt hadde klæde på kroppen; og kann De gjeta
kva han bad um? Ikkje um pengar, ikkje um mat, ikkje
um klæde, nei; men um ein bibelh — Daniel sat med
augo i golvet og skjemdest som ein hund; «det er
merkeleg,» sa han. «Ja, det er forunderleg,» heldt Pater
fram i si djupe glede. «Men so er det: når Gud fær
tak på ei sjel, so vert alt anna verdlaust; berre freden
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>