Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
no, han sat ihopkropen som ein tull med ryggen
upp-skoten og olbogane til vern på båe sidor, og peip so
trufast og alvorsamt som det galdt livet. Daniel tenkte
med seg, at både Sven Dufva og Peder Monsen hadde
stelt seg betre enn han, kvar på sin måte; leid seg
var han.
Eit tungt, kvævt dunder høyrdest, langt burte eller
djupt nede; Daniel visste ikkje kva det var, og dei
som peip høyrde det ikkje; det var gongongen som
gjekk. So rykte politiet fram; det hadde vorte
mannsterkt no ned-i salen. Den eine piparen etter den andre
vart teken i nakken og sett på dør; heile andre rad
vart rudd; so tok dei til å sløkkja gassen. I tridje rad
var det berre ein som kom i politiklør; denne eine var
Sven Dufva.
Men Sven gav seg ikkje for politiet heller. Han klora
seg fast til bolkekanten med den eine handi og heldt
pipa med den andre og blés på; konstabelen måtte
bruka heile si makt til å få han laus. Og so laut Sven
Dufva fylgja konstabelen på rådstova. —
— Dei samla seg etter avtale i Kafé National, —
den flokken som stod under Ruds styring. Men dei
var færre no. Dei fremste i flokken var i ulag; der
hadde vore so mange svikarar, sa dei. Hadde alle gjort
sin skyldnad, so skulde det vorte ein annan dans. Denne
fordømelege norske reddhug! Dette usætande, dette
upålitelege ved oss! Alltid skulde det gå so midt i lag;
aldri kunde ein halda i hop og vinna stort. Me skulde
berre sjå kva «Den gode Borger» sa i morgon —: «en
Del unge Mennesker og Skoleelever ... en Del
Barne-trompeter . . . Politiet ordnet det hele i en Fart.»
Daniel hadde vore i stor tvil, um han skulde møta
upp på kaffikjellaren. Han hadde ikkje noko godt
samvit, Og dessutan . . . det han hadde lova Vårherre
. . . Men endeleg gjekk han. Han vilde forsvara seg,
um nokon skulde koma med snakk, tenkte han; og so
var han ikkje umvend . , .
«Nå!» ropa Jens Rud fornøgd, då han såg Daniel;
«der hev me då endeleg ein sann israelitt, som der ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>