Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. - XI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Det måtte vera noko som låg midt imillom her. Dei
gjekk for vidt på båe sidor; ein måtte kunna forlika
desse motsetningane. Og han mintest det han hadde
høyrt av professoren um å «mediere», semja motstridande
ting i «en høiere Enhed»; gjekk og bala med det ofte.
Han vilde gå ut frå dei grunntankane han hadde frå
Hirsch; so vilde han taka med so mykje han kunde
frå «Den gode Borger»; so måtte han ikkje koma i
strid med Pater heller; han fekk sjå å koma so godt
til lags som han kunde med Fram og Jens Rud au;
for det vilde ikkje vera greidt å bita i kjeppen med
dei heller, um det skulde koma til eit ordskifte. Men
di meir Daniel streva med alle desse «motsetningane»,
di meir hovudgalen vart han.
Den som kunde ha vore modig! Det beste vilde vera
å taka upp sine meiningar frå fyrr; vera «folkeleg» som
i gamle dagar, og forsvara sine meiningar med nebb og
klo, både mot proprietæren og mot dei andre. Men
slikt var ikkje tenkjande på no. Han var ikkje sin
eigen mann; andre hadde makti yver hans liv og hans
lagnad; vilde ikkje dei hjelpa han fram, so stod han
der. Sistpå såg han ikkje meir enn ein utveg. Han
fekk tru på sine gamle meiningar so fast han kunde,
men tegja med dei til dess han kom vel herifrå. Det
kunde aldri bera til å gå her og vera 24 års kar og
kandidat i filosofien og ikkje vita kva ein meinte! —
— Ein ting kunde han gjera som vilde hjelpa’n til å
kjenna seg meir vaksen, og det gjorde han: han lét
skjegget gro. Det meinte han kunde hjelpa ikkje so
lite; og so slapp han au det bryet å raka seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>