Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
å leva . . . slikt gjorde sitt til å tøma landet for energi
og folk. —• Og so statsbudgettet. Me kunde sjå på
statsbudgettet, at me var eit folk som var styrt av
embetsmenner — og av bønder som vilde vera fine.
Mest all ting gjekk til kontorvesen og uproduktivt stell,
og lite og inkje til framhjelp av arbeid og næring. Og
vilde ein arming lesa til prest, so stod hundrad
mæce-natar og tankelause geni-uppdagarar ferdige til å hjelpa
han fram (tru det? tenkte Daniel); men var det ein
som gjorde ei nyttig uppfinning, so . . . ja so trudde
folk han var galen. Og um han grunna ein verkstad,
so gjekk staten og kjøparar tii utlandet like godt. Ja;
— og so jamra me yver at me var eit fatigt land! —
Javisst. — Sjølve Finnland hadde ei stor utførsle; kva
utførde me? Emigrantar! Sveits hadde ein industri
som sende sine varor verdi rundt; kva fabrikera me?
Akevitt og bayerøl! — «Ja skål da!» ropa student
Stensrud. Endre Storr kvakk upp og såg seg ikring;
«ja det er sant,» sa han; «det var skåli for . . . for
. . . ja, skåli for bonden. Ja; det hev nok ikkje vore
det beste samanheng i denne talen min ; men — men —
eg vil drikka ei skål for den bonden som —; for, at
bonden — og me alle i hop — må fa so mykje kultur,
at me vert glade i å arbeida ... og at han, og me
alle, må læra å forstå, at den som avlar ei tunne havre,
er større enn den som lagar ci medels bok ... at
den som fær tvo strå til å veksa der som det fyrr
berre voks eitt, — han er ein velgjerdsmann mot ætti!
Skål for den bonden, som arbeider, og arbeider med
lyst og framtak!» Skåli vart drukki; men ingen sa bravo.
Og Daniel tenkte: denne mannen vil Haugum segja
ikkje er materialist!
Han hadde drukke so smått medan Storr heldt på,
so han kunde få mod til skåli for fedrelandet; no var
glaset tomt, og han rusla inn i sideromet og fyllte det
att. For no vilde han tala. Og han skulde segja Storr
nokre ålvorsame ord, som både lensmannen og dei
andre skulde lika.
Som han stod der inne og blanda, kom Knutzon og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>