- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
194

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII. - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

kvart. Då han fortalde Hanna at han skulde reisa, såg
han at ho vart annars ved; og han kunde ikkje dylja
for seg sjølv at han lika dette.

XIII.



Med glede såg han Kristiania att, der det låg og dirra
i juli-soli, grått og svevntungt, tyrstande etter regn. Her
var då i grunnen den einaste staden der ein siudent
kunde halda ut å leva; og han tenkte med seg sjølv, at
han vilde heller slita sine dagar som ein ekstraskrivar
her enn grava seg ned på bondebygdi og vera lærar i
livsvisdom.

Han leigde seg eit 4 dalars rom i Homansbyen; vilde
bu som folk. So gjekk han til skreddaren. Betala sine
gamle klæde og borga seg nye, dei finaste han enno
hadde ått. Hjå hattemakaren kom han i skade for å
kjøpa seg ein flosshatt; hadde ikkje nettupp tenkt på
dette; men ein gong laut det no til. Sistpå kjøpte han
eit par svarte hanskar. Og då han so ein dag stod for
spegelen og mønstra seg, kunde han ikkje anna finna
enn at han såg godt ut. Skjegget hadde vakse og
håret myrkna; og akslene fekk han retta upp; det var
elles mange som var akslegruve. Han krulla på
munnskjegget og tenkte med seg, at når han no berre kom
på danseskule og fekk lært alt som høyrde den formelle
daning til, so skulde han bli ein rett presentabel herre.

Men då han kom på gata i den nye stasen sin, totte
han at folk gjekk og glodde på han. Dei fann det vel
rart, at han, som berre var bondegut, vilde gå og sprikja
og vera storkar . . . ha-ha; at slike tankar enno kunde
koma for ’n! Han keika seg upp og sette frons urbana
so godt han kunde; for det var den det spurdest um.
Men det var ikkje alltid det hjelpte. Folk var so
flirvise og krønske; fælt so store på det; men dei kunde
venta. Dei kunde venta, dei gode folk. Når han ein
gong kom i kappe og krage, og dei då kann henda sat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free