- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
199

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sakna honom i år. Men no var det Lars Risvold; han
vert visst likso seig han. Karl Magnus hadde 16te låna
han pengar til eksamensavgift i år . . . 10 dalar netto,
reint burtkasta. «Ja, han lever på lån no», sa Strand.
«Men han held seg fin likevel!» svara Karl Magnus;
«han rakar seg og gjeng med kvitt slips . . . Det er
det tåpnaste du kann sjå; alle folk trur han er teolog!
Han ser ut som eit asen i messeserk eller som ein sau
i snibel» ... Di meir Karl Magnus drakk, di meir
høgmælt vart han; og han fikta med armar og aksler
i ustanseleg uro.

Ja det var mange av desse landsgutane det gjekk
sjeis med, sa Strand. Mange nådde ikkje artium; andre
rakk so langt, men ikkje lenger; sume stansa med andre
eksamen; og ikkje få døydde; vonde dagar og slit drap
mang ein mann; og dei som nådde fram var ofte
utslitne. «Og dei fleste vert oteologar,» sa Olai Juberg
med eit seint, roleg mål. A ja; Karl Magnus kjende
dei, desse nye bondeteologane; dei var audkjende; mykje
fæl fant; tunge som kjølsvin, med myrke, breide fanatiske
andlet, høvelege til tukthusprestar eller indremisjonærar . .
Men at bondegutar flest gjekk den vegen var rimeleg.
Dei var upplærde til det, fyrst på ålmugskulen og sidan
på seminarskulen; når dei kom her inn, visste dei ikkje
kva studering var; det einaste dei kunde, var å læra
leksor og tru på skulemeisteren; og so tok dei teologien.
Det kunde vera godt og vel, men . . . pokkeren take
han Gamte-Erik Pontoppidan. «Og ramslæringi,» sa
Strand. «Å,» svara Karl Magnus, *den er ikkje den
verste! Når det gjeld Pontoppidan trur eg ramslæring
er det likaste; for dei som lærer seg til å tru at dei
forste?id Pontoppidan, dei vert tullingar reint. Dei fær
tjøli for augo og ringen i nasen, so dei aldri lærer å
tenkja sjølvstendigt. Nei; men den kateketiske metoden,
far! den er ulukka! Det er beintfram upplcering i å
vera ettersnakkar og usjølvstendig; du skulde aldri sjå
slik styggedom!» — «Å, når det kjem til stykket,» sa
Strand, «so er det dogmatikken som må ut or skulen,
skal det bli folk av oss.» — «Skål, Strand!» sa Juberg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free