Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
10 dalar månaden hjå sakføraren hans; 10 dalar, smått
stell, tenkte Daniel. So lova Jens at han skulde sjå
å finna arbeid til han; nå, det vert vel ikkje so brått,
tenkte Daniel. Sistpå helsing frå kapellan Hirsch, som
var i Tyskland, men venta seg heimatt til våren; nå
ikkje fyrr, tenkte Daniel.
Men av tonen i brevet tok han den tanken, at Jens
ikkje lenger vilde ha noko kjennskap med han. Då kom
det noko ubljugt og kaldt iipp i han; og han sa for
seg sjølv: «Godt og vel! Likso godt at dei veit det;
so er eg kvitt dei.»
Men han lika seg ikkje rett. Han hadde liksom ein
usmak av seg sjølv; og han tenkte med fælske på, kor
fint Jens Rud kunde smila. —
— På dei teologiske fyrelesningane kom han til å
trivast godt. Han merka nok at han hadde gløymt
ymist av sin artiumskunnskap; og mangt av det som
ein her burde kunna, hadde han aldri visst; han fekk
taka seg ålvor fyre og lesa, so snart han fekk stunder
til det. Men sjølve teologien vart han glad i; og det
var noko tøv det Karl Magnus hadde sagt um denne
lærdomen. For her var meir enn nok til å prøva tanken
sin på, og meir enn nok til å granska. Mest dagstødt
kom professorane inn på djupe, vande spursmål, som
stundom var so svære at han aldri hadde tenkt det
kunde finnast slike i trui. Men di sværare dei var, di
gildare var det; for han visste alltid so trygt, at
professoren alltid vilde vita å greida dei til slutt på den
rette, fyreskrivne måten.
Ein av dei fyrste dagane råka han Haugum, som han
helsa på med stor glede; med honom skulde han vel
finnast att. Men Haugum viste seg å vera den same
som han hadde vore, kann henda heller eit grand
stri-dare. Han gjekk so vidt, at han kritisera sjølve
professorane; og alt som ikkje var etter hans hovud, det var
«åndlaust» og meiningslaust og ravgale på alle måtar.
Daniel kunde ikkje lika slikt. Det var fanatisme; og
han skyna at der ikkje var råd med Haugum. Sidan
tala dei sjeldan um høgare spursmål; Daniel kunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>