Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
menner, og åt og drakk so roleg og hjarteleg som det ikkje
skulde finnast den tingpåjordi som heitte den dag i morgon.
Daniel sat og såg på dei gamle, til dess han forstod
dei. Dei hadde drøymt stort og fagert, dei au ein
gong; og so skulde dei no sitja her og maula lapskaus
millom arbeidsmenner og fiskekjerringar. Det var fælt
å tenkja på. Og endå vilde Jaabæk knipa; knipa og
knipa på kvar stakkars skillingen som ein arm statstenar
skulde freista livet med i den gledelause alderdomen.
«Folkets? Folket såg dei her rundt ikring seg, sterkt,
rått, friskt; folket levde likso godt som dei, betre enn
dei, og hadde ikkje kosta ein skilling på å læra vitskap.
Ein dugande arbeidskar tente kann henda ein dalar
dagen; og han hadde ikkje obligasjonar sugande på
seg som blodiglar; eller ein flokk gutar som var nøydde
til å studera . . . Folket hadde det godt; dei upplyste
hadde det vondt; og endå sat han bonden der uppi
tinget og vilde knipa og knipa ... for no var det
råskapen som skulde regjera; råskapen skulde styra rike
og land! Daniel kunde godt forstå at dei kalla Jaabæk
upp på sine hestar og hundar.
Embetsstandet måtte bergast uppe; han såg det klårt.
Den rå hopen vilde at alt skulde vera hop; og so låg
dei og nivellera og nivellera og vilde røra allting saman
i ei surpe. Det var kome so vidt, at bondegutar gjekk
her og gjorde narr av embetsmennene ... og dei hadde
rett på ei vis: embetsmennene var ikkje lenger det dei
hadde vore. Men slikt dugde ikkje lenger. Noko måtte
det vera i eit samfund som lyfte seg upp yver mugen;
noko måtte der vera som var stort og edelt og hadde
glans og autoritet; ein statstenar og hans yrke måtte
stå som noko høgt og heilagt; embetsstandet var det
einaste som kunde leva eit åndsliv her hjå oss, den
akademiske daning var ideens presteskap; og det var
uforsvarleg at ideens prestar svalt. Men folket skulde arbeida,
arbeida og tena pengar. Då vilde alt bli hyggeleg og
godt som i gamle dagar; skillingspolitikken vilde døy,
og den gamle odelsbonden vilde på nytt koma til makt
i Noregs dalar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>