Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Nå; um nokre år var dei likso gamle som Hanna Stensrud;
han var ein fatigmanns son og fekk ikkje krevja det beste;
når han fekk pengar, skulde han nok greida det. . . Men
då han kom til postkassa, vart det med ein gong klårt
for han, at det kunde drygja med brevet til i morgon.
På heimvegen dreiv han innum Karl Magnus; hadde
ikkje hug til å vera åleine. Der sat Dølen og prata;
men det høyrdest ut til at han var i ulag, han med.
Han jamra yver, kor lite hjelp han fekk, og kor armt
dette landet var å leva i for folk som honom. Han
heldt seg sjølv for so god ein mann, både med
kunnskap og med gåvor elles, at i eit større land kunde han
havt det romt\ men her vart han ekstraskrivar. Og
sistpå tok dei ifrå han den biten med, so han berre hadde
sin arme «Døl» å halda seg til; og den vilde mange
lesa, men fa betala. Skadebot for det han ved sin ærlege
tale hadde mist kunde han heller ikkje få, og det endå
han meinte han hadde gjort likso mykje til framhjelp
for ein norsk bokavl han som sume andre.
Nei; ein skulde gjera guano i dette landet; det var
det einaste folk brydde seg um. Dette landet var eit
fjøs og ikkje ein folkeheim; og når kui fekk sitt vomb
fyll ho, so var ho fornøgd. Det kunde ikkje nytta å
bjoda fram varor som folk ikkje vilde ha; og kva fanden
brydde nordmennene seg um norskdom eller
guano-kratane um dikt f Regjeringi var eit hønsehovud som
ikkje forstod seg på anna enn det åndeleg daude; og
stortingsbøndene dugde ikkje til anna enn til å vera
rovediltarar for presten. Hål hå! jau det var
statsmenner! Dei gav i ooo dalar til kvar gamal prest som
ikkje lenger kunde gøy, og skalv i kneom so snart dei
såg fjøri i futehatten; men kom det ein mann som vilde
skaffa tankar inn i alt dette flesket, so fekk han gå til
fatig-kassa; kvi fanden gjorde han ikkje flesk han som
dei andre? Ein kunde stundom tru at desse samrøringane
hadde rett i, at landet var for lite til å vera eit rike,
eller at det ikkje var noko land, men berre ei samling
av 400 prestegjeld, som aldri kunde læra å tenkja anna
enn fatigmanns tankar; og Vårherre måtte vita, um dette
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>