Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Proprietæren meinte han at fru Storr vilde greida best.
Ho var snild, og ho visste koss ein skulde taka gamlen;
Daniel gjekk til henne.
Fru Louise tok imot han smilande og glad. Og
skalkut: <iDe er nok en hjerteknuser, De?» Han svara
for seg som han best kunde og spurde kva ho meinte
proprietæren vilde segja. Ho drog på det eit grand:
«Ja papa, ser De, han har sine griller» . . . «Og je
eier jo ingen ting» . . . «Nå,» smilte ho, «Di vil snart
ha embedseksamen, og embede er så godt som arv;
men, ser Di» ... Ja var det noko anna, sa Daniel —
han såg på fru Louise med augo som gjenom brilleglasi
såg karakterfaste ut —, «so vil eg beda Dykk segja
proprietæren at det eg lærde av honom, det hev eg
tenkt yver; og no er eg . . . no er eg sjølvstendig!»
Daniel Braut sveitta. Ho heldt fram, liksom ho ikkje
hadde høyrt dette siste: «Ser De, far er so glad i Hanna;
han vil ikkje vera av med henne, er eg redd; men
herre Gud; den djerve hev lukka med seg ...» —
— Det var ein fager dag i slutten av mai. Alt hadde
greidt seg på beste måte. Og proprietæren hadde
ikkje vilja høyra eit ord um at ver-son hans skulde gå
og træla med skulemeister-arbeid; han skulde taka sin
eksamen; det vart nok råd med det. Og gamle
Stensrud hadde vore berre hyggeleg.
No var Daniel Braut på vegen til danseskulen.
Trulova mann måtte kunna dansa; og no hadde han råd
til å kosta lærdomen på seg og. Han drog seg
mak-leg nedetter gata i den unge solglansen; og han kom
til lags med seg sjølv um, at han i grunnen var vel
faren.
Han var komen so langt, at han var trygg ior seg.
Hadde nått hamn etter lang sigling og ymis kryssing.
Var ferdig med all den ungdoms ørske og uklåre han
fyrr hadde baska med. No var han komen til ro. Var
vaksen mann. Visste kva han vilde.
Vårherre hadde stelt det vet. Når han såg attyver
livet sitt, skjma han meiningi med det meste. Det
einaste kunde vera den haud’en til artium. Men den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>