- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
232

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Christiern Pedersen kjende til mange av dei franske
forteljingane utn «Ogier le Danois», ein av mennene i
segnene um Kart den store. Til Danmark hadde og kome
ei umsetjing av den norske Karlamagnus saga, som hadde
skapt mange folkevisor. Holger Danske er elles
nasjonat-kjempa for danskane. Etter segnene og folketrui er han
ikkje død, han sit under Kronborg slott, og skal koma fram til
hjelp når landet er i naud (Sfr, s 166). — nyare norske
diktarar— i i. utgåva heiter det vidare «litt av Wergeland, som
Daniel totte var mindre aandfull, meir av Welhaven, som
daa var gildare, eit og annat av Munch og Ibsen, men
mest av Bjørnson.» Ingemann er og stroken. — Side 19.
fryna — frøyna, blåsa hådleg. — våbøn, ei ■— forbanning,
ubøn, vondt ynske; «heppe, skade. — Det er stroke vet

2 sidor frå r. utgåva midt på sida um «ånd», «poesi» og
«rasjonalismes. M. a. «Nordmanna-Aanden fraa Fedratidi
maatte upp, Folket maatte læra å elska Stordaad, Soga og
Song som i gamle Dagar. Kjempevisa, Eventyret og
Folke-segni maatte paa ny faa Liv, og gjenom att dette maatte
den gamte, sterke, apostoliske Kristentrui gløda som den
avfande Livskraft, so at Salma og Folkevisa, Soga og Trui,
det gudelege og det folkelege, kunde klinga saman i ein
heil, stor Harmoni; daa vilde Aanden paa nytt slaa ut
sine Vengjer, daa vilde Norig vera gjenfødt.» Daniel hadde
vandt for å få tak i kva «ånd» var. Men han sette seg
fyre at han vilde tru på huldri. «Det var so hyggjelegt».

— Side 20. Klokkarskultn — sfr. den frie skulen for
lærarlærlingar som klokkaren Velle Vellesen heldt i
heim-bygdi åt Garborg, og der han gjekk 1865. Elles hev
ikkje Garborg havt noko fyrebilete for klokkar Holm og
dotteri. —Side 21. Ceesars Bellum Gallia/m— det fyrste
latinske bokverket dei las i latinskulen, «Commentarii de bello
galtico», skildringar som Gajus Julius Cæsar hev gjeve av krig-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free