Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
unionsuppløysing, han vilde få burt statsreligionen,
preste-veldet og Pontoppidans forklåring og få fri religiøs
forkynning på grunnlag av Jesu eigne ord (Fjørtoft var sterkt
påverka av Renan, men vart rekna som ein gudlaus
fritenkjar). Etter kvart vart han teken av dei nye internasjonale
sosialistiske og kommunistiske ideane og kom i opposisjon
til arbeidarsamfundet, og vart utstøytt, endå so mykje han
hadde gjort. Fjørtoft var heller flmælt, men kunde verta
eldhuga og ordkvass i striden; han var ein streng logikar
som ikkje tolde avvik i tankerekkja, «hensynslos, med en
blanding av genialitet og raahed». Der kunde vera
underlege motsetningar i han, og han var noko sundsprengd.
Han var kravlaus og asketisk i si livsførsle og hadde ikkje
alltid lett for å greida seg. Motmennene spotta den
stor-talande radikalaren, som ikkje hadde nokon sosial posisjon.
Han vart meir og meir einsam og sjukleg, og døydde noko
burtgløymd, snautt 31 år gamal. — Garborg møtte ender
og då Fjørtøft og er noko påverka av han. (Han kalla
upp son sin etter Fjørtoft). Talane her er tekne frå ymse
stader i skriftene hans. Elles er Fjørtoft skildra i Gunnar
Heiberg: «Tante Ulrikke» («Student Fredriksen») og i
Kr. Kristofersen: «Rydningsmænd» og serleg «Paa
Forpost» der og heile klikken og miljøet er med. Olav Fjør
toft hev skrive ei bok um han. (Sjå og eit stykke av
Kau-rin i «Edda», 1930, s. 129). — tRovere fra
Apenni-nernat — ord frå Garibaldi-stridane i Italia. I r. utg. heiter
den eine «røvaren» «Ottkanten» som var ein kjend
gate-figur. — Side 120. Strand — sjå merkn. til s. 58 — dei
tvo teologane — den eine såg Garborg i mange år, han gjekk
alltid med kvitt, flagrande slips («engleslips»); han visste ikkje
namnet hans. — Side 121. haruspeksane — romerske
offerprestar, som tok varsel av innvolane i offerdyri, og tydde
og kunde avvenda naturhende. — den nye skulelovi — frå
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>