- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
272

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gamistane, som vilde binda Noreg og Sverike fastare i hop
(sfr. s. 103), Ein av dei skandinaviske ferarane i 60-åri,
professor L. Kr. Daa, var det som sa at landet vårt berre
var ei samling av 400 prestegjeld (sjå Vinje: Skr. i Utval
V. s. 320). — Side 214. ein gut som det var von i —
siktar t. d. til student Saamund Thormodson som døydde
24 år gamal 1858, og som Vinje hev skrive eit dikt um
av dette innhald (Skr. i smL V, s. 71). — Med Hærland
tenkjer vel Garborg her på t. d. Jon Klæbo (1839—74)
frå Nordland som dei sette store voner til, men som laut
slutta og døydde av tæring. Eller kann henda helst J, J.
Hjelmesæt (1840—77) frå Nordfjord som streva og sleit og
las astronomi, men døydde fyrr han vann fram. (Sfr. at
Hærland fortalde eventyr på sognemål, s. 105). Var med
i Fram-klikken.

I dei seinare verki åt Garborg møter me Daniel Braut
att, so me fær nokolunde greide på korleis det gjekk med
han i livet. Han levde «det ideale studenterliv» i nokre
år med rangel i lag med Olai Juberg. So las han eit par
år og tok teologisk embetseksamen og praktikum då han
var ikr. 3 r år. Då endeleg måtte han gifta seg med Hanna,
etter at dei hadde skaffa han ein tolleg god post på ein
gjenteskule. Aret etter gjekk proprietær Stensrud fallitt,
Storr kunde ikkje lenger halda han uppe. Daniel var
inn-harm lenge for dette, gifta seg til pengar og so ikkje få
dei, «at Vaarherre kunde tillata slikt». So gjekk han og
sleit på skulen, utriveleg og leid. Då han er 36—37 år,
fær me ein blenk inn i livet hans i boki «Mannfolk» (1886.)
Han søkte prestekall, og ein møter han att i «Læraren»
(1896), der det er han som gjeng laus på idealisten Paulus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0276.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free