Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
————;. 2
Fedraheimen.
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat.
Eit Blad aat det norske Folket
DEG
Bladstyret i
Kristiania.
Not
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
Ekspedisjonen i
Fredriksstad B Aarg.
Fraa Thinget.
II.
Fin Komite heiter
fecn.
Protokolkomiteen skal gjenomsjaa
Regjeringsprotokollarne og sjaa etter
um Kongemagti styrer Landet paa
rette Maaten og ikkje fer fram med
galne elder logstridige Paafund paa
nokon Kant. Dessutan skal Protokol-
komiteen gjenomfara og gjera Innstil-
ling um dei Statsrekneskapssakerne,
som vert framlagde for Thinget av
Statsrevisionen.
Protokolkomiteen er Organet elder
Reidskapen for ”Odelsthingets kontrol-
lerende Myndighed”. Difor er det ein
Komite, som det stend Støkk av.
— Stod Støkk av, skulde me sagt!
For det vår nok helst fyrri Tidi, det.
No høyrer du visst sjeldan, at nokon
nemner Protokolkomiteen.
Og etter det, me her skal fortelja,
kann det! vera rimelegt nok, at den
Nemndi vert gløymd.
Protokolkomi-
Statsrevisionen hev i Aar innstillt,
at Styraren av Finansdepartementet»
Hr. Helliesen, skal ”tilsvara” elder be-
tala til Rikskassa Kr. 64,120.84, som
Staten hev tapt paa Stempelpapirfor-
valtar Schøyen, fordi at Regjeringi
ikkje brydde seg um aa halda denne
Mannen og Forretningi hans under
paalitelegt Tilsyn.
Det er ei gamall Sak.
Alt i Aaret 1848 bad Statsrevisio-
nen Regjeringi um aa føra eit skar-
pare Tilsyn med, at Pengarne for
stemplat Papir vart retteleg og tid-
visst innsende til Rikskassa. Odels-
thinget gjekk med paa denne Upp-
maningi. Inkje Svar.
I 1854 tok Statsrevisionen Saki
fram att. Det kom daa upp, at Re-
gjeringi endaa ingen Ting hadde gjort
for aa retta paa det, som Odelsthin-
get vilde ha rettat, og Statsrevisionen
tok difor uppatt Uppmaningi si og
det i endaa sterkare Ord, og minnte
um, at Stempelpapirforvaltaren etter
Innstruksen sin var skyldig til aa
lyda slike Paalegg. Og Odelsthinget
vedtok det Statsrevisionen hadde inn-
stillt. 2 Aar etter spurde Statsrevisi-
onen Regjeringi um det no var gjort
nokot i denne Saki. Nei. Det var nok
ikkje det. So vedtok Odelsthinget paa
nytt Uppmaningi til Finansstyret um
aa føra betre ’Tilsyn. Nyttad ikkje.
Statsrevisionen manad paa og manad
paa Gong etter Gong i fleire Aar..
jau, endeleg i 1861 kom Finansdepar-
tementet seg i Veg med eit Paalegg til
Stempelpapirforvaltaren um, at han
skulde gjera som Odelsthinget hadde
kravt. I 1862 vart det sett i Instruk-
sen hans, at han ikkje skulde drygja
lenger med aa avleggja Aurs-Rekneskap
enn til Utgangen av April Maanad
kvart etterfylgjande Aar. I 1864 klagad
Statsrevisionen paa nytt yver, at Stem-
pelpapirpengarne kom so seint inn; i
1865 like eins; i 1867—69 hadde Stats-
revisionen Saki uppe paa nytt og sagde
mill. A., at Stempelpapirforvaltaren
burde og kunde stella det so, at Pen-
| garne* kom inn for kvart Fjordungaar;
sidan hev Statsrevisionen stendigt havt
eit Auga med denne Saki, og sist hev
det havt henne uppe i 1872, 1873 og
1874. Men det nyttad ikkje.
den paa Soga vart, at Stempelpapir-
forvaltaren spilad upp, og at Staten
tapte Kr. 64,120,84.
3 Aar hev Statsrevisionen i ”Ved-
teikningarne” for 1877 fortalt heile
denne Soga for Odelsthinget og sluttar
Innstillingi si soleis:
”Den Mangel paa Kontrol, deri
saa høi Grad havde paakaldt Statsre-
visionens og Odelsthingets Opmærk-
somhed og saa uafbrudt gjenuem
Decennier fra Odelsthingets Side havde
foranlediget Henvendelse paa Henven-
delse i de mest bestemte Udtryk for
at nøde Regjeringen til at foretage
Skridt til at føre Indseende med Stem-
pelintradernes behørige Indsendelse,
er saa exempelløs og vidner om en såndan
aabenbar Tilsidesættelse af den kontrol-
lerende Statsmagts Beslutninger, at der
her om nogetsteds maa blive at ind-
stille paa, at Underballancen bliver at
tilsvare af Finansdepartementets Chef.
hvis private Sag det maa blive, at søge
Regres (Skadebot) i Schøyens Bo”.
— Hermed hev Statsrevisionen inn-
lagt Saki for Odelsthinget, som till-
slutt skal segja Dom. Men fyrst skal
Protokolkomiteen gjenomsjaa Saki og
gjeva endeleg Innstilling.
Det gjeng ikkje fort i Satens Gang-
verk: — men so gjeng det vel so mykje
vissare og betre?
Ja no skal du høyra.
Naar ei Rekneskaps-Sak kjem so
langt som i Protokolkomiteen, so er
ho alt so utgreidd og gjenomgranskad
av den Autoriteten, som dertil er log-
sett, nemleg Statsrevisionen, at Proto-
kolkomiteen berre hev aa gjenomsjaa
”Sagens Akter” og deretter ”innstilla
til Doms” etter det, som ”foreligger”.
.+ Fyrst hev Statsrevisionen gjenom sine
”Antegnelser” spurt Regjeringi um,
Og En-
korleids Saki forheld seg; so hev Re-
gjeringi gjenom sine ”Besvarelser” upp-
lyst og forklarat alt det ho veit aa
halda fram til sitt Forsvar — iallfall
hev ho. havt Tilføre til det! — og
endeleg hev daa Statsrevisionen i sine
”Vedteikningar” dryftat baade Saki i
det heile og dei framlagde Upplysnin-
garne, so at det maa vera Raad for
kven som vil aa setja seg inn i henne,
Men dersom Statsrevisionen i Vedteik-
ningarne sine kjem til det, at Saki
ikkje enno er fullt upplyst, so skriv
Revisionen ”Kontinuations”-elder Fram-
halds-”Antegnelse” og spyrr Regjeringi
paa nytt Lag, um ho hev nokot aa
upplysa elder forklara i Saki, og grei-
der ikkje Regjeringi for seg daa, so
fær ho sjølv taka Skaden.
— 80 skulde det iallfall vera.
I seinare Tider hender det, at Re-
gjeringi ikkje bryr seg um aa svara
skikkelig paa Statsrevisioneus ”Anteg-
nelser”. Ho svarar i Aust, naar Fin
spyrr i Vest, og sumt av det, Ein hev
spurt um, spring ho reint yver. Naar
Ein ser slikt endeframt Slurv, — so
skulde ein ikkje eingong skriva ”Kon-
tinuations-Antegnelser”, men berre med
ein einaste Gong ”decidera til And-
svar”, so lærde deu gode Regjeringi
nok aa lyda Logi og svara ein annan
Gong.
Men iallfall skulde det vera avgjort
at naar ei Sak fyrst var komi so langt
som i Protøkolkomiteen, so var lo ”upp-
teki til Doms”, og hadde daa ikkje
Regjeringi greidt for seg i rette Tid,
so skulde ikkje sjølve Domstolen smaa-
minka seg til aa føra Underhandlin-
gar med Syndaren. Viste det seg, at
Statsrevisionen ikkje hadde fengjet
Saki so upplyst, at Odelsthinget fann
aa kunna segja Dom, so laut Saki
ved Odelsthingsavgjerd sendast tilbake
tll Statsrevisionen til ny Randsaking;
men var her ”Statsskikk” i Landet, og
hadde Thingmennerne den minste Kjen-
sla av Thingets Vyrdnad og Høgd, —
so gjekk ikkje Odelsthinget utum sitt
eiget grunnlogsette Revisionsverk, og
so flåug ikkje Protokolkomiteen som
ein Visargut uppi Departementi for
aa beda Regjeringi um dei Upplys-
ningarne, som ho etter Logi er skyldig
til aa leggja fram!
— Men no høyrer me, at Protokol-
komiteen skal hava brukt denne mer-
kjelege og forunderlege Maaten i lang
Tid, —og brukar han framleides.
D. v. s. naar det er Andsvarssaker.
Naar Statsrevisionen innstiller ”Kan
passere” elder slikt, so berre straar
Protokolkomiteen Sand paa, for daa
TT
er Saki altid upplyst nok; men inn-
stiller Statsrevisionen paa, at Stats-
raaden skal betala Rikskassa tilbake
Pengar, som denne for hans Skuld
hev tapt, — daa tek dei høge Herrar
Domarar til aa skjelva i Knei, og daa
bøygjer dei seg so djupt for Regje-
ringi, at dei sjølve gjeng upp i De-
partementet og spyrr, um Regjeringi
ikkje naadigst hev fleire Upplysningar
aa gjera, so at Ein kunde sleppa den
saare Tingen aa ”decidera til And-
svar!” i
Paa den Maaten er det ikkje aa
undrast paa, at Regjeringi vert likesæl
um aa svara og forklara, der ho skulde
gjeva Svar, og at heile ”Kontrolver-
ket” vert kraftlaust og utan Myndig-
heit. Og paa den Maaten vert det
like eins lett aa forstaa, at endaa um
Statsrevisionen arbeider aldri so trutt,
Aar ut og Aar inn, so vil Regjeringi
halda paa med den same ravgalne
Administrationen sin sidan som fyrr;
for ho veit, at Statsrevisionen kann
”klinka til Andsvar” so lengje han vil:
naar so langt lid, so kjem Protokol-
komiteen ruslande upp i Departemen-
tet og bed Regjeringi um aa forsvara
seg, og so vert der altid ei Raad! —
Paa den Maaten kann Ein og for-
staa, at Statsrevisionen vert mindre
streng. den og, enn han kunde vera.
Meir enn ein Gong naar ein aalmen-
neleg Mann granskad Administratio-
nens store og gode Gjerningar, kann
han verta harm og segja med seg:
det bør dei Bandittarne betala! —
Statsrevisionen derimot — ja, Statsre-
visionen segjer kanskje paa Lag det
same: det burde, dei Bandittarne be-
tala! — men i dei allerfleste Tilfelle
ender han heilt fredelegt og rolegt
med, at ”man finder dog ikke ved
denne Leilighed at burde indstille til
Ansvar”. Og det gjer Statsrevisionen
”efter Omstændighederne” Retti. Kva
skulde det nytta aa innstilla til And-
svar? Dei strenge Herrarne i Odels-
thinget er mykje ræddare for aa
vedtaka ein AÅndsvarsdecision, enn
Regjeringi er for aa faa ein. For
Regjeringi veit, at um ho vert dømd
til Andsvar, so berre ho vil bry seg
med aa skriva ein liten Søknad til
Thinget um aa sleppa aa betala, so
segjer Thinget Ja strakst. Og den
norske Regjering er ikkje so saar paa
Æreprikken, at ho skulde gjera nokot
av aa skriva ein slik Søknad! Ho
søkjer gladeleg, liksom ingenting var,
— og fær det som ho vil hava det.
Det var fyrr i Verdi det, at Thing-
mennerne hugsad, at dei var Folkets
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>