- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
50

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

2dre April 1881.

til Naustet paa Bakke, sette dei upp

Tiæringen der, og Brødrarne gjekk
upp paa Garden, men dei hadde tjeldat
yver Bergtor i Naustet um Natti. Kona
bans Tormod Torlakson paa Bakke
het Torgjerd; ho var Syster til Tor-
brands-Sønerne. Dei fortel, at ho vilde
inkje ganga i Seng um Notti med
Tormod, Mannen sin, men daa kom
det ein Mann pedantil Naustet og
sagde, at daa hadde Bergtor sloknat.
Daa detta spurdest, gjekk Torgjerd i
Sengi si, for daa hadde ho fenget
Hemn fyr Brødrarne sine, og det er
inkje fortalt um, at det vart Uvenskap
millom henne og Mannen av detta si-
dan. Steintor for heim til Øyr um
Morgonen, og sidan gjorde dei inkje
Yverfall paa kvarandre meir um Vete-
ren. Um Vaaren totte godviljuge Men-
ner, at det var Skade, at dei skulde
vera uforlikte, som var dei gjævaste
der i Bygdi. Dei, tok ut dei beste
Mennerne, som var Vener med alle, og
dei freistad paa aa faa Forlik i Stand,
og Vermund Mjove var Formannen.
Dei fleste fortel, at dei let Vermund
døma i Saki, og han kunngjorde Domen
paa Torsnesting etter Samraad med
dei klokaste Mennerne, som der var.
Etter Domen hans Vermund gjekk
Saaret hans Tord Blig i Aalftafjorden
og Saaret hans Torodd, Son hans
Snorre Gode, upp i upp. Men Saaret
hans Maar Hallvardsson og det Hogget,
som Steintor hogg til Snorre Gode,
vart reiknat jamt med tri av dei Men-
nerne, som vart drepne i Aalftafjorden.
Men dei tvo Mennerne, som Styr drap,
ein i kvar Flokk, gjekk upp i upp.
Paa Vigrafjorden gjekk det upp i upp
Saari til Torbrands-Sønerne og Draa-
pet hans Bergtor. Draapet hans Frøy-
stein Bove kom upp i upp med den
Mannen, som var fallen av Mannska-
pet hans Steintor i Aalftafjorden, og
som inkje var reiknad med fyrr. Tor-
leiv Kimbe fekk Bot fyr Fothogget.
Men der Mannen, som var fallen av
Mannskapet hans Snorre Gode i Aalt-
tafjorden, gjekk upp i upp med det,
at det var Torleiv Kimbe, som fyrst
braut Freden der. Sidan liknad dei
ihop dei andre Saari, som Folk hadde
fenget, og Skilnaden vart utjamnad
med Bøter, og dei skildest forlikte paa
Tinget, og baade Steintor og Snorre
Gode heldt detta Forliket godt, so lenge
dei livde. —Torbrands-Sønerne Snorre
og. Torleiv Kimbe for sidan til Grøn-
land, og etter Torleiv hev Kimbavaag
i Grønland millom Jøklarne fenget
Namn. Torleiv budde der all si Tid,
men Snorre for til Vinland med Karls-
evne, og der fall Torbrand, Son hans,
i eit Slag med Skrælingarne. Torodd
Torbrandsson vart buande 1 Aalfta-
fjorden.

Ein buddhistisk Prest um Trufridom.

I 1873 vart ein fransk Missionær
og ein innfødd kinesisk Prest drepne av
Herkemugen i Landskapet Sze-tschuen.
Daa skreiv ein buddhistisk Prest nokre
Stykkje i det kinesiske Bladet ”Schun
pan? um Trufridom og Taalsemd, som
sidan vart umsette i ”Overland China

Mail”, og som Europafolk og vil hava
Moro av aa lesa. Presten skriv:

”Eit Augnekast utyver den euro-
peiske Soga syner oss den leide Tingen
at mest all Uro og Ufred i Fyrretidi
hev vakset upp av religiøse Kivsmaal;
baade innanlands Upprør og utanlands
Ufredar hev altfor ofte vortet vekkte
paa den Maaten. Leitar Fin etter
Grunnen til dette, so vil Ein finna, at
han ligg i den fullgalne Tanken, dei
hadde um religiøs Fridom. Fyrstarne
meinte, at dei berre kunde tola ei viss
Tru i Landi sine, og dei, som ikkje
samde seg um den, vart forfylgde og
hjartelaust medfarne. Dei tenkte ikkje
paa, at Folk kunde vera mykje gode
Undergivne, for det um dei hadde ei
onnor Tru, og dei gløymde, at det er
Skyldnaden aat Fyrstarne aa verja alle
gode Menneskje, utan Avsyn paa kva
Tru dei hev.

I Motsetning til dette viser Kinas
Aarbøker, at dette Riket altid hev hal-
det seg fritt for desse galne Synsmaa-
tarne fraa Vestheimen. —Fyrstarne
vaare hev altid fylst den Grunnset-
ningen, at Styret maa vera rettvist
(upartisk) mot alle, like godt anten
no Folk er Buddhistar, Taoistar elder
Muhamedanarar; dei hev fritt Lov til
aa hava kvar si Tru, og er alle haldne
for like gode Borgarar. Folket vaart
veit, at alle Menneskje innanfor dei 4
Havi er Brødrar; alle Grannarne vaare
hev det faret fram mot som Vener,
utan Avsyn paa Trui. Berre Vestheims-
mennerne hev lengje stumra ikring
utan aa kjenna denne store Samfunds-
loven; hjaa dei hev endaa berre eit
litet Avvik innanfor same Trui voret
nok til aa vekkja Fiendskap.

Som væl er hev dei framande i den
nyare Tidi tengjet Augo upp for denne
Daarskapen og dei forstend no den
høge Grunnsetningen, som Kina hev
fylgt fraa uminnelege Tider. Skulde
no me og liva og sjaa dei Ulykkur,
som er uskiljande fraa trudomslege
Kivsmaal og Trættur? Naar me ser
paa den Fiendskapen mot den kristne
Trui, som syner seg her i Kina, maa
me nok spyrja um dette.

Mange ulike Truer er spreidde yver
Jordi; Buddhismen, Kristendomen og
Muhamed-Læra hev dei fleste Tilhan-
garar. Dei kristne er skilde i mange
ulike Sekter, som alle hev same Grunn-
laget: Kann daa Grunnsetningarne i
den kristne Trui skada Sedugskapen i
Kina? Ein hev Lov til aa tru som
aalmenn Regel, at alle Religionar stræ-
var mot same Maal: aa hindra det
vonde og fremja Dygdi; og Kristen-
domen er ikkje nokot Undantak heri-
fraa. Mange av dei kristne Læreset-
ningarne er Gull verde, som &. D. den:
Ær dine Forældre, elska andre som
deg sjølv, osfr. Spyrr me, kor desse
Lærdomarne hev runnet upp og hev
si Rot, so er Svaret: ikkje i Europa,
men i Asia; derifraa fann dei Vegen
til Vestheimen og hev haldet seg der
til i Dag. Det finst væl kannhenda,
Europainenn, som ikkje trur paa det
guddomelege Upphavet aat desse Lær-
domarne; men dei og samstavar i, at
desse Forskrifterne og Lærdomarne er
dei rette, og at Fin bør liva og stræva
i Samklang med dei. Me veit, at

Tseng-krook-fan 1 eit Brev til Styret
hev lagt Lag paa, at det alt fyrr fannst
tri hell fire Religionar i Riket, og at
det altso ikkje kom an paa ein meir
hell mindre. Dette Ordet viser eit rett
Syn paa Tilstandi, og eg ynskjer berre,
at alle, som viser seg fiendtlege mot
Religionen i Vestheimen maa leggja seg
desse fire Synsmaatarne paa Hjarta.

Missionærarne vil me likevæl og
beda um aa minnast eit og annat.
Me Kinamenn hev Vyrdnad for dei
Lærdomarne, som me hev teket i Arv
fraa Fedrarne vaare. De paa Dykkar
Sida hev full Fridom til aa rosa og
lovprisa Dykkar Tru; men De maa
agta Dykk for aa vekkja Uvilje og
halda Dykk ifraa aa taka paa Lær-
domar, som hev naatt ned til oss fraa
eldgamle Dagar. Religionen Dykkar
stend paa, at den er den einaste sanne
og at kvar onnor Tru er falsk og vrang.
Naa, lat det so vera. Hald De daa
fram med aa tru paa Religionen Dyk-
kar; men me paa vaar Side hev og
Rett til aa krevja av Dykk, åt De
ikkje hæder den Trui, som me hev
havt fraa gamall Tid.

Uvenerne aat Kristendomen kann
derimot draga seg til Minnes, at Mis-
sionærarne, som upphavleg kom til
Kina, hadde dei beste Formaal. Dei
ynskte at dette Riket og skulde faa
Lut i Vælsigningi aat hin Religionen,
og me maa vyrda Ihugen og Uppot-
ringi deira. Aa fara fram imot dei
paa ulogleg og villmannsleg Maate
vilde berre føra &il, at Lærdomarne
deira spreidde seg endaa meir. Dette
kann me læra av Soga: —Forfylgjing
skaper Martyrar, og desse vekkjer fyrst
Samhug og deretter Tilslutning. Mor-
det paa dei tvo Missionærarne 1 Sze-
tschuen vart væl gjort av Folk, som
vilde hindra, at hin Religionen sprei-
dest; men det er rimelegt, at detmot-
sette no vil henda. Religionen aat dei
Kristne hev alt komet seg inn i Kina,
og det er for seint aa gjera aat for
det. Kristendomen fær hava sitt Laup.
Han hev millom sine Tilhangarar mange
gode Folk; skulde me no ikkje halda
desse for likso gode som Buddhistar,

Taoistar og Mubamedanarar? —Kvi
skulde me fara ille aat mot dei? Det

vilde dessutan berre føra til alskyns
Ugreidur. Alle vituge Folk bør under-
visa dei mindre vituge um denne Saki,
so at slike Brot ikkje skal gjerast
upp att.”

Det norske Samlag

heldt Aarsmøte den 25de Marts. Ikring

50 Lagsmenner var tilstades, derimil-

lom fleire Storthingsmenn.

Formannen, Hr. Statsrevisor Andr.
Hølaas, las upp
Aarsmelding for Samlaget i 1880:
Samlaget hev i 1880 utgjevet:
1. Guro Heddelid. Av Jørund Telnes
31/, Ark, Upplag 2000.
2. Heimskringla I. Andre Utgaava 17,
Ark, Upplag 1500.

3. Um Kristi Etterfylgjing. Av Tomas
fraa Kempten. Utgjevi av J. Bels-
heim 144/, Ark, Upplag 1500.

. Storegut. Av Å. 0. Vinje. 4de Ut-
gaava 71/, Ark, Upplag 2000.

5. Det norske Samlaget 1879 (Aarsmel-

ding, Manntalslista m.m.) 2 Ark,

Upplag 1200.

Tilsaman hev Samlaget altso utgje-
vet fyr 1880: 441/, Ark.

Rekneskapen fyr det lite Sam-
lagsaaret viser:

Innkomur:
EF Kassa, fraa 18791041 Kri. 33.93
Åarspengar fraa:
8 Medl. f. 78 Kr. 32.00
48 do 1200 450:00
428 do ” 80 — 1710-28
TGI ae GJ ee 40.00
Ed I SDS
Selde’Bøkern satt — 466.81
Etter Decision: 1.1: 080 == 1.11

Kr. 2740.13.
Utgifter:
Prenting og Papir Kr. 1503.52

Fyr Heimskringla — 190.20
Bokskrivarlön... — 109.80
Hefting ogBinding — .141.45
Porto og Boksen-

dine — 236.40
Løn til Rekne-

skapsførar og

Ekspeditør ... — 240.00

Kommission, Ly-
singar osfr.... 257.97

——— — 2679.84
I Kassa 31te Decbr. 1880 Kr. 60.79.

I Januar og Februar 1881 derattaat
innsendt Aarspengar fraa 130 Medlemer
med Kr. 520. Derav er 1 fraa 1879,
34 fraa 1880, og 55 hev betalat fyr
1881. Rekneskapen er eranskad av dei
Ettersynsmenn, som vart valde 1 siste
Aarsmøtet, den 5Ste Marts 1880. Inn-
stilling fraa denne legg me fram til Avy-
gjerd i Møteslaget.

Som Rekneskapen syner, stend det
ute mange Aarspengar; dette kjem væl
mykje av, at mange Lagsmenn er Folk
som hev litet Raad, og at Tiderne enno
er laake.

Ikkje faa nye Medlemer hev skrivet
seg inn i Laget sidan fyrre Aarsmøtet.
Men daa mange av dei éldre er anten
daane, burtflutte elder bev gløymt aa
senda Pengar, er Laget likvel ikkje
stort fjølgmentare i Aar em i WFjor,
naar Ein skal rekna etter deim, som er
aa lita paa*).. Vietigt for Samlaget vil
det vera, at det fær Tilhøve til aa gjeva
ut gode og nyttige nye Bøker. Det hør ar-
beida paa aa verta eit norskt Folkeupp-
lysningslag jamsides med det gamle ”Fol-
keoplysningsselskab”, som no arbeider
paa heilt dansk Maalbotn og ikkje len-
ger hev ein Tanke fyr Norskdom i
Tungemaalet.

Dei Pengarne, som ved fyrre Aars-
møtet vantad til Sigurdsson-Kransen,
kom inn utau Vande. Kransen, utførd
av Juveler P. A. Tie, vart utstilld 1
8 Dagar i den norske Håandværks- og
Industriforenings Hus i Kristiania og
deretter send til Kaupenhamn og deri-
fraa med Liket til Røykjavik. - Fraa
Islendingarne hev Samlagsstyret gjenom
Althingsmannen Tryggve Gunnarson
fengjet Takkebrev fyr Kransen. Hr.
Gunnarson hev derattaat sendt Samlaget
dei Songarne, som vart songne ved den
høgtidlege Likferdi i Røykjavik, og dei
Bøkerne, som det islandske thjodvinafélag
gav ut i 1879, deribland Aarboki
”Andvari”, som innebeld ei lang og
forvitneleg Livnadsteikning av Jon Si-
gurdsson.

Det norske Samlaget hev 1 det fram-
farne Aaret misst em av sine mest
namngjetne Medlemer, nemleg Magnus
Brostrup Landstad, som døydde ifjor.
For fleire Aar. sidan valde Lagsstyret
honom inn. som Heidrsmedlem i Sam-
laget, og faae hev gjort meir Nytte for
Norskdomen i Landet enn han.

Det Tiltaket, Styret i Lag med
Domsnemndi hev gjort paa aa faa teket
aat med ei Bibelumskrift paa det
norske Landsmaalet, hev etter som
me høyrer, gjort ikkje litet til aa festa

*) Samlaget hev ikr. 1000 Lagsmenn; ikr-

700 av dei hadde betalt Aarspengar ved

Utgangen av 1880. i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free