- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
66

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

Fedraheimen.

30te April 1881.

Lufti god for? ”Lufti er ein Bodbe-
rar, som fører til oss ymse Angar
(”Duft”), so me kann skilja ut, kva
som er godt elder ikkje godt til Mat”.
Mykje godt. Paa tridje Dagen leet
Gud Vatnet samla seg i sitt serskilde
Rom. Der spør Katekisma, kva Maate
Gud hindrad Havs-Vatnet fraa aa verta
utskjemt. Jau, fyrst aa fremst ved aa
halda det i Rørsla ved Flod og Fjøra,
og dernæst ved aa gjera Havsvatnet
—sålt. Og dessutan, legg den kloke
Religionslæraren til, hev Saltet den
Goden med seg, at det gjer Vatnet
tyngre, 80 Soli ikkje fær draga
for mykje av det til seg. Vidare.
Kva Gagn gjer Havet oss? Det for-
syner oss med Regn, Fisk og Perlur;
gjenom Skipsferdi fører det Rikdom
til oss fraa alle Land, og det lettar
Arbeidet med aa breida ut Trui mil-
lom Heimsens Folkeslag. Dette um
Havet. So kjem me til Urterne. Kvi-
fyre gjorde Gud dei grøne? Jau, fordi
grønt er den Liten, som er best for
Augo vaare! Og kvifor skapte Gud
Frukt-Tre? Jau, for at me av dei
skulde faa ei baade sunn og billeg
Føda. Dessutan viser Skaparen og
sin Umtanke for oss ved, at han ”læt
Frukterne mognast paa den Aars-
tidi, daa me treng mest til dei”.
Kva Nytte hev me av Maanen? Jau
han skipar (regulerar) — Jordbruksar-
beidet og lyser upp Vegen aat dei,
som maa vera ute um Notti, d. v. s.
naar han verkeleg lyser daa. Stjer-
nurne gjer oss og ”store Beinur”, mest
Nordstjerna, som viser oss Veg paa
Sjø og Land. Bland Aarstiderne vert
Vinteren nemnd, fordi han ”læt oss
njota godt av det, som dei andre Aars-
tiderne hev gjevet oss”. Paa den femte
Dagen vart Fiskar og Fuglar skapte.
Kva er der aa merkja um Fiskarne?
Jau, ”um Fiskarne hør merkjast, at
det er eit stort Under, at dei kann
lva 1 Havet, som er salt, og at dei
i det heile ikkje er utdøydde for lengje
sidan”. Kordaa? Jau, fordi dei store
allstødt et upp dei smaae! Eit stort
Under er det og, segjer den apostoli-
ske Pronotariussen, at Fuglarne er

fødte or Vatnet, og Guds Visdom kjem
hjaa dei for Dagen mill. a. i det, at
dei heilt skifter Hug og Natur, so
snart dei hev Egg aa liggja paa elder
Ungar aa føda. Hellest er det aa
merkja um Fuglarne, at dei ”kvart
Aar flyt til andre Land.” Um Skor-
dyri (Innsekterne) vert det framført
som nokot sers merkjelegt, at dei alle
hev ”kvar sin Profession:? Vevkjeringi
er Vevar, Bia Bryggjar, andre er Ke-
mistar og Reknemeistrar osfr. Serskilt
bør me læra av Biurne aa vyrda Raads-
magti, og det er aat oss, at dei sam-
lar og ”bryggjer” si Honning.

Um Protestantismen segjer Prouo-
tariussen ikkje stort; men det han
segjer, er nokso greidt. ”Protestantis-
meu”, heiter det, ”er ikkje den sanne
Religionen, ja det er ikkje nokon Re-
ligion dessmeir; for 1) er Protestantis-
men stiftad av 4 store Fritenkjarar (Ma-
chiavelli, Luther, Zwingli og Calvin);
2) hev han til Upphav desse heidenske
Grunnar: Upprørshug, Æresykja, Hug
paa framandt Gods, kjøtelege Lyster;
3) gjev han Løyve aa tru alt, kva Ein
vil, og gjera alt, kva Ein trur; 4) veld
han endelaust mykje vondt”. Um
Luther fær den katolske Ungdomen
vita og prenta i seg, at han preikad
berre range Lærdomar og førde eit
forargelegt Liv, og døydde just som

han kom fraa Bordet og etter sin Vane,

hadde yverfyllt seg med Vin og Mat!
Zwingli og Calvin vert og framstellte
som store Skarvar og Ljugarar. Den
sist nemnde fekk ein mest endaa verre
Ende enn Luther, heiter det; for han
døydde av ein ”skamleg Sjukdom”.

Denne Boki er ei aalment brukt
Jesuit-Katekisme, og han, som skreiv
henne, fekk ein Orden og eit stort
Takkebrev fraa Pave Gregor den 16de
for sit gilde Arbeid.

Olsen, Nilsen, Monsen.
Bysvall av e..a.
Fader hans Olsen aatte nokre tu-
sund Dalar. Han stod upp tidlegt
um Morgonen og gjekk paa Torget.

Fann han daa der eit godt litet Smør-
stykkje baud han paa det. og ban fekk
det gjerna nokot litet billegare enn
dei, som kjøpte, naar det leid paa Dag.
Han fekk vesle Smørstykket vegjet og
betalt og ut or Binnet havt med same,
og han bar det heim sjølv i den store
raude Lumekluten. Han var ikkje
vidare armesterk, Gamlingen, difyre
skifte han Byrdi tidt fraa eine Handi
og til hi. Han var gamalldags klædd
og gjekk stødt i Silkehatt. Naar Mo-
den var breid Skugge, var gamle 01-
sen mesta skuggelaus, og naar Moden
umsider snudde seg og vilde retta seg
etter Olsen, møtte han fram med den
gamle Mynstri og stor katolsk Skugge;
for Gamlingen ”fylgde Moden” paa si
Vis; han kom berre myket seinare enn
hine.

Helvti av Pengarune hadde han
standande i ymse Hus i Byen med
fyrste Panterett. Um Sundagen etter
Kyrkjetid, gjekk han stad og saag paa
desse Husi, fyrst paa det eine, sidan
paa hitt. Skulde det daa henda, at
ein av Taksteinom var i Ulag, var ei
Renna tildyttad, var det nokot aafaatt
med Bordklædningi, so steig Gamlin-
gen inn i Huset. Han gav seg god
Tid og rødde um mangt og myket fyrr
enn han leidde Talen burt paa den
Taksteinen, som var nedsigen; men
det kom seint um sidan med ei Paa-
minning til Eigaren, at ”Huset maatte
tilbørligen vedligeholdes?.

Olsen, Son hans gamle Olsen, var
”Skipshandlar ;” det vil segja, han selde
Maaling og Olje og Tjøra og Spiker
og Kaffi og Sukker og Kjøt og Flesk
og alt slikt, som eit Skip lyt hava um
Bord, naar det skal ut paa Ferd. Han
hadde god Handel, Olsen; han var
myket fyre seg og hadde Aararne ute
baade seint og tidlegt. Han hadde ei
stor Krambud utan Omn, for han vilde
ikkje hava Varorne utskjemde av Ver-
men Vetterdag, sa” han; men Kram-
budsveinen fekk Frost i Henderna,
endaa han gjekk med Pulsyottar og
tvo Frakkar, og han vardt ikkje fri
Frosten fyrr langt ut i Mai Maanad.
Kantoret hans Olsen var hyggjelegare;

der hekk ei amerikansk, sekskantad
Skipsklokka og Landkort og Vedrglas
med Gradestokk paa Veggen; i det
eine Hyrna eit Skaap med Flaskor og
Glas; midt paa Langveggen Pult og
Bøker og dJarnskaap; i det andre
Hyrna Pipebord med Sigarkassa og
Greidor; mjuk Rya paa Golvet og ein
god Vedbrand i Omni.

Nilsen og Monsen hadde voret i
Bakarlæra paa ein Gong, hjaa same
Meistaren. Monsen var rik Manns
Son og ei stor Læting; Faderen sette
Guten i Bakarlæra, mest fyre di han
vilde halda honom inne fraa Gata;
vilde daa Guten taka seg so myket
fram, at han kunde setja seg ned som
Bakarmeister sjølv, var ikkje det klena-
ste Bruket, meinte Gamlingen. Nilsen
var fraa Landet og jamgamall med
unge Monsen; desse tvo heldt myket
eit i Bakarhuset; det var sterke Gutar,
men dei tok det ikkje svært tungt med
Baksteren; dess betre fridde dei seg
fraa Hogg av dei eldre Bakarsveinarne.
Korkje Monsen elder Nilsen vardt ”Fin-
Bakarar”, men dei greidde daa Sveine-
stykki fraa seg baade tvo. Nilsen tok
seg ut til ein Handelsmann paa Lan-
det, og Monsen fekk seg Bruk i Byen:
Faderen kjøpte med Gleda den største
Bakargarden i Byen aat Son sin, som
hadde teket seg so godt fram og høgt
yver alle Voner. Unge Monsen vardt
forlovad med ei fin Jungfru; ho hadde
ikkje stort Skillingar, men fin var ho
og fager; godt Vit hadde ho visst og.
det vantade ikkje paa det, men ho
hadde sett seg fyre at ho vilde hava
ein framifraa fin og rik Friar, og han
kom ikkje; nokre Ungdomar som Folk
flest baud seg fram, men nei Takk;
den rette vilde inkje koma; det saag
ut til sein Sumar. Daa var det, Mon-
sen hadde seg i Vegen. Ho var ikkje
stød paa, um ho vilde taka honom.
Bakarfruva var no ikkje alt so fint
helder; Monsen stod seg godt; men ho
hadde tenkt aa koma høgare upp;
men ho fekk ikkje drygja alt for
lenge; endaa kunde den rette koma;
men — kom det daa ingen betre, og
kom det so ein, som ikkje var so god

sin

Fraa Spania.

Folk hev vant seg til aa tenkje seg
det umsungne Spania som éit blidt og
rikt Land, fullt av Blomar og Roman-
tik. Men den pyrenæiske Halvøyi er
tvertimot den villaste og audlegaste av
dei tri sud-eyropæiske Halvøyarne. Fir-
kantad og heil-bygd ligg ho der, ikkje
ei Vik skjer seg inn i Lande med Liv
og Friskleik. Innlande hev turre, vide
Høgsletter med eit uendeleg stuslegt og
syrgjelegt Lag, millom myrke, ville
Fjellbygder. Her er ikkje dette friske
og grøne og all denne Fuglesongen som
i Norden, og ikkje dei mjuke Linedrag og
dei smilande Dalanne som i Italia; Auga
finn ingenstad Kvild paa dei endelause,
solsyidde Flatunne, der det korkje finst
Tre hell Busk, ikkje eit Gjerde dibelder;
og Øyra fangar korkje Tone hell Ljod;
men her raar ei Togn, ei Gravstilla,
so Fin vert reint hugsjuk; Lande er
endelaust flatt og audt; det einaste Fin
ser er noko tunnt raudbrennt Gras.
Bles det t. D. ein skarp, kald Vind
nordanfraa Guadaramafjelli ned yver la
Mancha-Slettenne, daa er det ubyggje-
legt aa ferdast paa dei, trass i den klaare
blaa Himmelen.

Heile den kastilianske Høgsletti hev
dette turre, myrke Lage, men mest gjeld
dette um det vidkjende la Mancha. Ein
skynar, kvifor Cervantes hev lagt Sko-
depladsen for den namngjetne Romanen
sin, ”Don (Quixote”, til dette aude skif-
telause Landskape; for der fekk Draum-
synenne aat den gjeve ”Riddaren” den
største og friaste Leikvollen. Um Ein
eig: ei levande Inbilningskraft, kann Ein,
naar Fin reiser over denne Flata, mest
sjølv koma til aa taka sin eigen Skugge
for ein Motstandar, og Vindkyernar for
Kjempur. I dette stuslege Lande, der
Naturen liksom støyter oss fraa seg,
istadenfyr aa draga oss til seg, nøyder
so aa segja dei, som bur her, til aa grava
seg ned i seg sjølve og i sine eigne
Tankar.

Berreender og daa kann Ein sjan Aak-
rar paa desse Slettenne; men det er like-
væl mest faafengt aa sjaa etter Folk; for
la Mancha er lite bygt, og det er langet
millom Landsbyanne, som for det meste
berre er heirhyttur, fatike skitne
aa sjaa.

Vertshusi er jammerlege, anten so
dei kallar seg Posodas hell Ventos,
endaa dei fyste skulde vera noko likare.
Det finst ikkje Omnar hell Kaminar der,
som den reissande kunde verme seg ved

og

um Veteren, daa det kann vera bitande
kaldt paa denne Høgsletti med den skarpe
isande Nordanvyinden; Ein maa sjaa aa
koma seg inn til Kjøkenvermen, der
Ein ofte finn eit ymisvore og overs
blanda Lag av Muldyrdrivarar (Arricros),
Smuglarar, Kraamkarar, Villttjuvar o. a.
Men her fær Ein og ypperlegt Tilføre
til an læra Folkelive aa kjenne, og dei
sermerkte spanske Folkesonganne og Fol-
kedansanne, som det livlege Selskape
gamar seg med. Spør du um, kva ein
kann faa til Mat, svarar dei jamt: ”Todo
que Usted quiere”, (Alt De hev Hug paa),
men ein gjer snart den Røynsla, at det
lovnadsrike. ”"Todo” i Grunnen tyder
”Nada” (Ingenting), og at Ein gjer ret-
taste i aa forsyna seg med ei sod Mat-
korg fraa ein av dei større Byanne.
Det er med dei spanske Ventas som
Svensken segjer um Vermland: ”Bin
et bra der, berre ein hev ei god Matkorg”.
Nottelega er ikkje svært fjong; vaagar
Ein seg til aa bruke ei Seng, vil han
snart koma til sanne Ordi i Don (Qvix-
ote: "Ein skulde tru, at Ein laag paa
Flintestein”.

Det segjer seg sjølv, at dei mange
Jarnyegenne, som er bygde i Spania i
dei siste Aari, hev gjort ei stor Foran-
dring i alt dette, og at Jarnvegshotelli

er mykje betre enn dei gamle Verts-
husi. Men kjem ein burt fraa desse,
raakar ein strakst paa den gamle Usel-
domen att.

Lande ikring Madrid hev, som kjennt
er, heiltupp same Lage som den kasti-
lianske Sletta hellest; det er nake, myrkt
og lite dyrka, men det er daa noko
meir skiftande med Haugar og Dalar.

Faae Storbyar — ikkje aa nemne Ho-
vudstader -— hev eit so ufagert og uko-

selegt Lægje. Um Veteren kann det for
Skuld den store Høgdi over Have —
2,400 Fot —, vera bitterleg kaldt; det
fell ikkje sjeldan Snø, og naar den kalde
Nordanvinden bles skafpt ned fraa Gua-
daramafjelli, sveiper Spaniamannen seg
tett inn i Manta’en sin og gjeng med
Lumeduken for Munnen av Rædsle for
Pulmonia (Lungebrann), ein Sjukdom
som han varar alle Framande imot.
For Skuld Kulden trivst ikkje Appel-
sinenne helder der, endaa Appelsintrei
stend i Haganne som Prydvokstrar: dei
Citronanne og Appelsinenne, som vert
selde paa Gatunne i Madrid, er førde
dit fraa Middelhavslande.

Til eit Døme paa den forunderlege
Motsetningi millom Landskap, som ligg
tett attmed kvarandre, kånn me taka
fram Lande ikring Aranjuez. Haganne

|

Lør
h
el

Kb ger søte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free