- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
dublett

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TO

Fedraheimen.

7de Mai 1881.

sPilistrarne.*

I ”Kristiania Handelstandsforening”
vardt no sist Maandagskvelden teket
Avgjerd, um dei skulde vera med som
”Corporation” den 16 Mai daa Werge-
landsstøtta skal avslørast.

Herum verdt fortalt soleids:

Med yver 200 Røyster mot 30 vardt
det vedteket, at dei ikkje skulde møta
fram — dersom Bjørnson heldt Fest-
talen. —

Grosserar Peter Petersen sette fram
Forslag um, at daa sume av Stor-
thingsmennnerne var Upphavsmemn til
Støtta, so skulde ”Foreningen” fore-
slaa for Wergelands-Festkomiteen aa
beda Storthinget um, at ein av dess
Præsidentar vilde halda Festtalen!!

Dette Forslaget vardt vedteket,
men ikkje med so stort Røystetal.
Umframt var Ordkastet likt Avgjerdi,
det vil segja: for det meste grunnat
paa Bjørnsonshat. Der var endaa Ein
som gjekk so vidt, at han snakkad um
Bjørnsons ”Innsamling av Dollars i
Amerika” og at han var ”skuldig paa
Garden sin”? osfr. Same Karen talad
um, at AÅrbeidararne var raae!

Det gjekk so vidt, at ein Høgre-
mann reiste seg og klagad seg yver,
at ein ”politisk Meningsfælle” hadde
brukat so stygge Ord. Å

Det var nok ein bra, frilyndt Mann,
som var uppe og talad mykje og godt;
men det hjelpte ikkje, maatru, i den
”Foreningi”.

Er det Aalvori

Det var. um me ikkje misminnest,
”Fhrondhjems Adresse” som fyrst tok
til aa klunka paa den Strengen, at
det nok ikkje var so visst annat enn at
Kongen hadde absolut Veto i vanlege
Lovsaker og. Ikkje just etter Formi,
men like godt for det; for naar Stor-
thinget hadde vedtekje ei Avgjerd 3
Gonger, so ho altso etter $ 79 skulde
vera Lov utan Sanktion, — kunde Re-
gjeringi berre negta aa ”ut-øva” Loven,
og so var han dermed daud og magt-
laus, d. e. ikkje Lov.

Me trudde sannt aa segja ikkje, at
dette Snakket kunde vera heilt upp
meint elder heilt upp gjenomtenkt, og
iallfall trudde me ikkje, at Høgre i
det heile kunde vilja vera med paa
nokot so stygt.

Men kva skal me no tru? Noer det
ikkje lenger det Provinsbladet aaleine,
som vev um $ 79 paa den Maaten;
men eit Kristianiablad, som fyrr endaa
hev kallat seg ”Centrumsblad”, og som
i politiske Saker nok hev ikkje liten
Samanheng med Stor-Juristeriet her
dnne, tek til aa klunka paa same Stren-
gjen!

So skriv ”Fædrelandet:” ;

”Grunnlovens $ 79 har sagt, at Be-
slutningen tredie Gang bliver Lov, for
at sikre Lovens Tilblivyen, — hvad
der dog ikke er lykkets, fordi Grdl.
ikke i $ 81 har givet nogen særskilt
Regel om slige Loves Udfærdigelse”.

Og vidare segjer same Bladet:

”Vi er ogsaa enige i, at’ selv Love,

der er tilblevne mod Kongens Veto
(Grdl. $ 79), ikke skal adlydes af

Borgerne, før de er udfærdigede og
kundgjorte af Kongen”.

— Kva er det, dei meiner?

Skal det vera absolut Veto for
Kongen i vanlege Lovsaker? Altso
absolut Veto yver heile Lina?

Og denne $ 79, som Nordmennerne
fyrr hev voret so byrge av, dette ”Fri-
hedens Klenod”, dette Pant paa Folke-
suveræniteten, — skal me tru det er
Meiningi, at dei vil gjera «den Para-
grafen og til inkjes, liksom dei alt
lengje hev strævat med aa tyna $ 112?

Det ser underlegt ut.. Ein fær den
Tanken av det me her hev hermt
etter ”Fædrel.” at dei ikkje er uhuga
paa ag øydeleggja $ 79, og det paa den
Grunnen, at det ikkje stend nokot
i $ 81 um Maaten aa kunngjera
slike Lovar paa; — men fyrr dei er
kunngjorde — av Kongen —, tarv in-
gen bry seg um dei. ”Det er ikke
lykkets at sikre Lovens Tilbli-
ven” gjenom Forskrifterne i Paragraf
79, segjer Fædrelandet”.

Altso: ein stor, dyr, heilag Rett
skulde kunna gjerast upp i inkjevetta
for ei Form Skuld, — fordi det ikkje
er plent uppskrivet Ord for Ord i
Grunnloven, kva ”Former” ein slik Lov
skal kunngjerast i! — Juristarne regje-
rar * Verdi.

Men s: hev me Riksretten. Den
skal nok finna ei Raad mot dei Riks-
raadarne, som vilde prøva paa aa setja
seg so plent imot Grunnlovens klaare
Ord og Bod! — tenkjer Bonden.

— Ja; men Høgrefolki ligg og
kluukar paa det og; at det ikkje er
so plent visst med den Riksretten hel-
der. Morgenbladet hev sagt ymse
Ting um det. Og no ser me, at ein
Noyembermann i ”Lilleh. Tilsk.” vaa-
gar seg ut med den Lærdomen, at
Kongen ikkje altid er nøydd til aa
vyrda ein Riksrettsdom. — — —

Skal slikt vera Aalvor?
underlegt ut.

Gode norske Bonde, faa mange
Høgremenn inn i Thinget. Lat oss
faa eit Thing av Embættsmenn, By-
menn og Novyembermenn. Og naar
me so hev havt eit sovoret Thing eit
halvt Tjug Aar elder so, — kom so
her inn til Byen og spør etter paa
alle Gatur og kven du raakar, um det
er nokon som veit, kor det hev vortet
av Forfatningi av 1814!

Eidsvollsforfatningi er bygd paa
den store Grunnsetningen, at Folket er
suverænt, d. v. s. Herre yver seg sjølv.
,Suveræniteten er hos Folket; al Magt
har sit Udspring fra Folket*, skriv
C. M. Falsen i sit Grundlovsforslag ;
«fra Folket flyder alle Magter*, skriv
N. Wergeland i sitt. Og heile Fids-
vollsmøtet var med paa dette, tilmed
Grev Wedel-Jarlsberg.

- Men lat no Novembermennerne koma
til Magti! Dei hev ein gildare Lær-
dom, dei. Dei segjer:

Kongen hev Suveræniteten; all Magt
er fraa Kongen. Folket hev berre so-
mykje Magt som han av: sin Godvilje
og med klaare Ord hev gjevet det;
Resten av Magti eig han sjølv aaleine.

— Det er væl ein gild Lærdom det,
du norske Bonde!

Det ser

Mest 4060

Bønder hadde samlat seg paa Folke-
møtet i Haugsund:

Det var ikkj e forklædde Bymenn.
Og at det helder ikkje var Strilar
fraa Tysnes, det kann ein sjaa av dei
Resolusjonarne, dei vedtok. For dei
lydde so:

I. *Forsamlingen udtaler fuld Til-
slutning til Storthingets Beslutning af
Ode Juni 1880 og takker hjertelig de
74 Repræsentanter med Præsident Jo-
han Sverdrup i Spidsen*.

I. *Paa Grund af den økomiske
Tilstand og de politiske Forhold ud-
taler Forsamlingen Ønskeligheden af
en mere gjennemgaaende økonomisk
Statshusholdning; særlig tør vi pege
paa Udgiften til Kongehuset og Taf-
felpenge til Ministeren.

Desse Resolusjonarne vart vedtekne
samrøystes.

Og liknande Adressur kjem inn til
Storthinget mest Dags dagleg. Fraa
alle Kantar av Landet, fraa Aalmann-
møte, fraa Samlagsmøte, fraa Herads-
styre, fraa alle, som paa nokon Maate
kann uttala seg paa slik meir offent-
leg Maate, kjem det Adresse paa
Adresse til Thinget og til Sverdrup:
«Takk for den 9de Juni*.

— Rare Folk, desse Bønderne! At
dei daa ikkje kann forstaa, kor væl
Novemberfolket vil dei, naar det ar-
beider for, at dei skal sleppa aa styra
seg sjølve!

Og so vil dei hava *Økonomi+ i
Statsstyret! Liksom dei ikkje helder
burde vera glade til, at so fine Folk som
Kongar og Prinsar og Statsministrar
og Embættsmenn vilde gjera Skillin-
garne deira den Æra aa eta dei upp!

Det er for ille.

Nei, daa er der meir Vit i Strilen
fraa Tysnes. Han forstend, at han
er for dum til -aa styra seg sjølv.
Og han er glad, naar Bakstrævet
prøver aa taka ifraa han denne bry-
same Suveræniteten, som han ikkje
kann bruka. Tysnesstrilen og Nesodd-
Kaksarne, det er Folk, som forstend
seg paa Politikk, det!

Dei er so vituge og so snilde, at
dei mest kunde fortena at einkvar
Majestæten viste dei den store Naaden
og gjorde dei til Trælar, det vil segja
til Trælar i utvortes Meining og. —

Men desse Bønderne, desse Vill-
mennerne, som vil halda paa Fridomen
sin av 17de Mai, og som etterpaa alt vil
hava Sparing i Statsstyret, — ja, dei
burde faa den Straffi, at dei vart reint
forkasta" av dei store i Landet og
yvergjevne til Republikken og til alt
vondt. For so fekk dei kjenna, kor
godt det var. For etter som Stor-
kararne her i Landet trur, so skal
nok Fristaten vera mnokonlunde det
verste som er i denne Verdi, og altso
just ei høveleg Straff for alle desse
*radikale*, som vil hava ei Meining
sjølve um sine eigne Ting.

Det er forunderlegt, at ikkje dei
store’i dette Landet læt denne Straffi
koma yver dei norske Bøndarne og
Radikalistarne! — Novemberfolket og
Tysnesstrilen kunde som Dyri i Arken
bergast inn i Sverig so lengje; men
dei radikale, og Stormengdi av Bøn-

derne, og alle andre, som var so galne

at dei vilde vera "frie", dei skulde ut

i Republikken og pinast der, so lengje
fil dei vart mykte og bad vakkert um
Naade og absolut Veto. —

— Prøv den *Kur-Methoden* gode
Novembristar!

DER KER

Sr=te

Svar til Henrik Moses (Fedr. No. 12).

(Slutt).

Det, eg skreiv om at Moses leid
vondt for Tenestfolk, er so kjent her
i Gjeldet, at detingji vidare Utgreiding
treng. Eg skal berre fortelja, hoss det
gjekk daa Provsten skulde skiljast med
Tenestfolket sitt her i Haust. Det var
væl slik, at Tenararne var feste for Aa-
ret; men naa, daa Provsten reiste, skulde
dei slutta med Halvaaret. Rekneskaps-
dagjen kom daa, og ein av dei vart
innkalla. Eg veit ikkje, um det var so,
men det er inkje urimelegt, at dei hadde
gjort seg Tankar om nokot ”umframt”
denne Venda — det var daa seinste
Reknskapsdagjen! —; men nei, det vart
der ikkje Tale um; .halvt Aar, halv Løn,
meinte Provst Moses. Hadde han daa
viljat gjeva halv Løn for hi Helvti av
Aaret (Veten) tru? Ja me veit ikkje:
men han var so strid paa detti, at han
gav seg inkje, før dei fekk fatt paa
Lensmannen, som nok meinte, at han
fekk ut med %/, Aarsløn; og so vart
det. Kapellanen vil kanskje segja, at
”halyt Aar, halv Løn”, er Rett etter
Loven. Det kann nok vera, eg hev
inkje skulda Far hans for nokot ulov-
legt (at han tok ulovleg Hovudtiend,
hev eg inkje sagt enno); men der stend
ein annan Stad, at ein Prest (Bisp) bør
vera ”billeg”. BFp spør: hadde det voret
”billegt” og ei ”god Vinding”, um Prov-
sten ha fengjet sin Vilje fram denni
Gongen ?”

So er det denni Aagreida. Daa eg
trur, at der vil koma ei utførleg Ut-
greiding av ein annan um den, so vert
det helder stutt her. Sakji er ny og
uklaar for meg, og Kapellanens Innlegg
gjer ho ikkje stort klaarare, all den
Stund det vert sagt av kunnige Folk,
at det hev voret Aar, at John Moses
inkje hev kostat det Grand paa Aai.
Væl er det æveleg sannt, at denne El-
veafgifti kann verta ei Inntekt for
Prestegarden; det er daa væl mest eit
Hende, at ho gjeng med, elder daavist,
at der gjeng meir; men so maa det
paa den andre Sida vera likso greidt,
at den, som sit paa Garden maa kosta
ut — om det trengst — kvor Skjeling av
denni ”Inntekti”, ja leggja til av sin
eigen Pung, um det knip, elder og lida
Skade paa Garden. No vedgjeng Ka-
pellanen, at iallfall sumt av dessi Pen-
garne ”blev hans (Faders) private Eien-
dom”, og daa synest eg det er eit Spurs-
maal, um slikt kann forsvarast, at John
Moses, daavist naar ein kjem ihug dei
store Inntekterne han ha hellest, um
det daa kann forsvarast, at han utan
vidare tok upp Laan, — serleg det i
1875. Utan vidare, segjer eg, daa det
knapt var nokon, som visste om dessi
Laani, fyrr Kapellanen sjølv av eit Hende
kom med det. Det vakte sjølvsagt For-
undring, og der kom istand eit Møte
um det. Der var Ordføraren, fleire av
Formannskapet, altso mest alle vaare Til-
litsmenn, og fleire andre. Taraldsen var
riktignok ikkje med; ban hadde vist
nokot annat aa gjera. Kapellanen var
au beden om aa vera med; han kunde
ha gjeve mange Upplysningar; men han
kom inkje. Seinare — hev paalitande
Folk fortalt meg og bede meg skrive —
hev han kalla detti Møte eit ”Skandal-
møte”, og dei, som var der, ”hans Fars
Fiendar”. —

Paa detti Møte var det, eg fekk vita
det, eg skreiv i No. 9. Derifraa badde
eg uppgjevet dei Summarne, eg nemnde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free