Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat.
————=> 080 OD O——
Eit Blad aat de
Fort Vilkel
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
Å
Fraa Millomalderen.
3.
(Siste Stykket).
Daa det leid mot Slutten av Mil-
lomalderen, var baae dei tvo store
Magterne som raadde Millomalderen,
utliyde. Lensvæsenet sprengde (som
fyrr sagt) sund meir enn det samlad,
og det laut fira for Fridomen elder
for Einveldet, som kunne vera ein hø-
veleg Yvergang til Fridom. Og den
romerske Kyrkja var ingi Aandsmagt
lenger; ho var steingjengi i ei daud
Tru, og det romerske Presteskapet
var ikkje lenger eit Rike for seg sjølv
og kunde ikkje halda Folki ihop i eit
stort Broderlag. Liksom Uppfinningi
av Krutet vart til Mein for Feudal-
Adelen, vart Bokprentarkunsti til Mein
for Kyrkja. Upplysning breidde seg
ut, og her og kvar tok dei til aa ten-
kja sjølve yver Trui — som Wyelif og
- Huss —, og det store Truskiftet, Re-
formasjonen, lagad seg til. Daa
sprengdest Kyrkja, og Folki tok seg
den Trui, dei likad best. Kyrkja og
Presteskapet vart meir nasjonale.
Men heiltupp øydelagde vart korkje
Lensvæsenet elder Kyrkja. Dei hev
paa ein Maate haldet seg uppe radt
til vaare Dagar.
Truskiftet vekkte Liv umkring hjaa
Folki, og Fridomshugen vaknad mange
Stader. — I Sveits, som var Republik,
- fekk den verdslege Magti ikkje raada
i Kyrkjesaker, og der vart ikkje iun-
sett Bispar; men Kyrkje-Lagi valde
Prestar og andre Repræsentantar til
Synoden (Kyrkjethinget), som hadde
den øyste Styringi. Her gjekk Tru-
.skiftet og Sjølvstyret Haand i Haand.
Fraa Sveits fekk den reformerte Læra
18 Kyrkjeskipnaden stor Inngang i
Frankrike; men her forfylgde Katoli-
karne dei hardt, og det vart ein for-
fælande Ufred. Enden vart, at dei
reformerte (Huguenottarne) fekk fri
Gudsteneste, og dei fekk nokre Fest-
ningar, som dei kunne hava Tilhelde
paa, og dei skipad liksom ein demo-
kratisk Republik for seg sjølve; men
under Ludvig den 13de (1610—1643)
gjorde Richelieu (les: Risjeliø) Ende
paa Sjølvstyret deira, og fekk Kongs-
magti reint einveldig. Alt Sjølystyre
« vart tynt, og etter 1614 vart det aldri
meir tilstemnat nokon Riksdag fyrr i
1789. Etter 1626 vart det ikkje sa-
mankallat nokot Møte av Stormennerne
(Notablarne) dessmeir. Soleids kom
Truskiftet ikkje til aa hjelpa upp Fol-
kefridøomen i Frankrik.
Holland hadde tekket den reformerte
Trui og vart republikansk; -alt stort
og godt kom upp i Folket, daa det
slost for Fridomen sin mot Spania, og
Holland vart ei av Stormagterne 1
Europa. I Fyrstningi av det I7de
Aarhundrad hadde Holland t. D. 20,000
Handelsskip.
I England og Skotland og fekk den
reformerte Trui Inngang. Utyandra-
rar fraa desse Landi og fraa Holland
drog til Amerika og grunnlagde der
smaae frie Samfund, som sidan skulde
faa ein rik Vokster.
I Nordtyskland vart Luther-Trui
mest utbreidd. Her vaknad det og
Fridomstankar; mange tenkte paa aa
faa Tyskland samlat og fritt for Feu-
dal-Adelen, og dei forpinte Bønderne
sette seg upp mot Herrarne sine; men
dei foor aat som ville Dyr, og Adelen og
Fyrstarne vann. Fyrstarne fekk Sty-
ringi yver Kyrkja, og Truskiftet vart
her til Framhjelp for Einveldet, og
det vart reint gjort Ende paa all Fol-
kefridom. PERgE XEN
England fekk etter lang Strid si
eigi Kyrkja. ein Millomting millom den
lutherske og den reformerte; i Læra
liktest ho mest paa den reformerte,
meni Kyrkjeskipnaden paa den lutber-
ske; ho vart kallad den episkopale (bis-
pelege), fordi Bisparne hadde Magti;
men Kongen var yver Bisparne liksom
i Tyskland.
I Norig, Danmark og Sverike vart
Luther-Trui innførd og styrkte Kon-
gemagti.
I Spania og Italia vart alle nye Lær-
domar i Trui kjøvde i Blod og Brand,
og desse Landi steig attende i aandelegt
Myrkr under det katolske Kyrkjestyret.
Og ikkje berre der vann den romer-
ske Kyrkja. Daa ho saag, at ho heldt
paa og misste all Magti, reiste ho seg
upp av sitt djupe Nedfall; duglege
Parvar kom til Styret, og i Jesuitarne
fekk dei ein ypparleg og tru Herstyrke,
som sette Livet inn paa aa berga den
gamle Kyrkja. Samstundes var det
liksom Livet sloknad paa hjaa Prote-
stantarne, som gav seg til aa kjegla
med kvarandre um Trusaker og hatad
dei, som ikkje hadde nett same Trui,
likso mykje som dei hatad Katolikarne.
Men Jesuitarne arbeidde med Eldhug
alle Stader, og Bakstrævet fekk Yver-
haand baade 1 alle romanske Land
(Frankrike, Spania, Italia) og i Sud-
tyskland, Polen og Ungarn, og den
romerske Kyrkja saag tilslutt reint
faarleg ut for Protestantismeu. Spa-
nia var den katolske Hovudmagti og
sende ”den uvinnelege Floten? til aa
øydeleggja Kjættarskapen i England;
men Engelsmennerne varde seg man-
neleg liksom Hollendingarne. I Tret-
tiaarsufreden (1618—1648) vart Pro-
testantismen tynt i Kongeriket Bøhmen,
og dette Landet misste Sjølvstendet
sitt; men Enden vart i det heile, at
Protestantarne fridde seg. Sidan hev
dei protestantiske Landi gjengje du-
geleg fram, baade i Europa og i Ame-
rika.
Der. som Protestantismen fekk Inn-
gang, um det so berre var for ei Tid,
som t. D. i Frankrike, vart det og
Framgang; men der, som Bakstrævet
fekk raada aaleine, der vart Fram-
gangen liten, elder so gjekk det reint
til atters. Fraa den Tid kom Polen i
djupare og djupare Nedfall. Spania,
som var Heimlandet for Bakstrævet,
fekk svida hardt. Spanjolarne hadde
eingong meir Sjølvystyre enn Engels-
mennerne og var ikkje laakare enn
dei i nokon Maate. Men so innførde
Ferdinand den katolske Inkvisisjonen
og Spanjolarne, som i lange Tider
hadde slegjest med dei muhamedanske
Maurar, var so fanatiske, at dei tolde
det. I dei fyrste 18 Aari vart 8800
Menneskje livande brende, og Kongs-
folket sat og saag paa. Ferdinand,
som hadde samlat Spania til eit Rike,
nyttad Inkvisisjonen til aa gjera det
av med Menner, som han ikkje likad,
og faa Kongedømet sterkt, og no lagde
det mest fanatiske Kyrkjevelde og det
verste Hardstyre seg som ei Mara
yver heile Landet. Maurarne laut
taka Kristentrui elder so vandra ut,
like eins Jødarne; dei fekk Lov til aa
selja Eigedomen sin, men maatte ikkje
taka Pengarne med seg: men endaa
drog 160,000 Jødar ut, og Spania
misste soleids mange arbeidssame og
dugande Folk. Sidan fann Protestan-
tismen Veg til Spania; men Filip 2
(1556—1598) tynte den nye Læra reint
paa faa Aar. Det var ein myrk Mann.
Daa han spurde, at 30,000 Hugenot-
tar var drepne i Frankrike under
”Blodbryllaupet”, daa lo han for fyrste
Gong 1 sitt Liv, er det fortalt. Han
jagad ut av Landet alle Etterkoma-
rarne av Maurarne, fordi han trudde
dei i Løynd var Muhamedanarar, og
paa tyo Aar laut 800.000 Menneskje
røma, og det var dei beste og mest
arbeidsame av alle Spanjolarne, og
der dei hadde butt, vart ei Øydemark.
Handel og Industri vart det mest Slutt
med, og dei store Rikdomarne, som
Spania fekk fraa Nybygderne sine i
Amerika, munad ikkje, daa Kongen
paa alle Kantar sende Herar ut mot
Protestantarne. All borgerleg Dugleik
(1485), og alle frie Tankar kjøvdest,
D. Aarg,
vart det reint smaatt med; Spanjo-
larne sluttad med aa arbeida, og mange
vart Røvarar, men andre foor til Ame-
rika, og faakunnige og rike Prestar
og Munkar briskad seg alle Stader.
Jordeigedomen var i Henderne paa
Adelen og Presteskapet, og Graset
grodde paa Gatunne i Byarne. I Eu-
ropa misste Spania snart Magti og
vart ”ei Fallitbu etter Prestar og Kon-
gar”. Dei amerikanske Nybygderne
treivst ikkje vidare, dei helder; dei var
av Naturen rikare enn dei hollandske
og engelske og hadde Nøgdi av Gull
og Sylv, men kom aldri til slik Væl-
magt som der dei frie Hollendingarne
og Engelsmennerne rudde upp i Sko-
gen med Øksi.
I Frankrike og fekk Jesuitarne
stor Magt. Dei fekk Ludvig den l4de
paa den Tanken, at han kunde bøta
for alle Synderne sine, um han tynte
Kjættarskapen i Frankrike. Hugenot-
tarne var dei. beste og strævsamaste
Borgararne, Frankrike hadde; men
dei laut umvenda seg og fekk ikkje
Lov til aa vandra ut. Til aa tvinga
dei lagde han Dragonar i Kvarter
hjaa Hugenottarne, og dei aat og drakk
upp paa faa Maanar alt, som Huge-
nottarne hadde spart. ihop, skamfoor
Mennerne og tok Æra fraa Kvinnurne.
Han øydelagde dei reformerte Kyr-
kjurne. Mange av Prestarne deira
sende han paa Galeiarne, og der laut
dei sitja i Jarn og ro. Soldatar og
Herskip passad paa, at ingen skulde
smetta ut or Landet; men endaa slapp
25,000 ut med stor Livsfaare. Frank-
rik tok no til aa siga ned fraa si Væl-
magt; inkje godt vilde trivast i eit
Land, der all Aandsfridom og Sam-
vitsfridom slik vart nedkvævd. Reint
Yvertaket fekk Jesuitarne under Her-
tugen av Orleans, som var Riksstyrar
i Tidi millom Ludv. l4de (d. 1715)
og Ludvig l5de (myndig 1723). Her-
tugen var ein gaaverik Mann, men ei
stor Ukjura; Lauslivnad fekk Yver-
haand, og ein Mann, som reint ut
spottad all Tru, vart Erkebisp; men
samstundes drog dei dei reformerte
paa Galeiarne og foor hardt fram mot
Jansenistarne, som i nokre Stykkje
hadde andre Meiningar enn hine Ka-
tolikarne. dJesuitarne fekk Magti yver
Kyrkja, og ingen maatte tru an-
nat enn det dei vilde. Dei leet upp
Himmelportarne for dei rike Synda-
rarne, naar dei berre hadde den katol-
ske Læra paa Tunga, og leet Aalmu-
mugen talmast i Trældom og Aands-
myrkr. Dei raadde for Undervisningi,
og som Skriftefedrar for - Storfolket
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>