- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
99

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er VET Jr 4 Me Ar NE

ss snnnsE

=

*



25de Juni 1881.

Fedraheimen.

So

Norskdomsfest likso væl som det er
ein Fridomsfest. Og kanskje just av
den Grunnen er det, at den Dagen hev
vortet slik ein aalmenn Folkefest.

Det finst i seinare Tid Bakstræva-
rar, som forstend at Norskdomen meir
og meir vert ei ”Magt i Folket,” endaa
«dei ikkje forstend, kva Samanheng
han hev med Fridomen. Desse Bak-
strævsmennerne hev difor stundom
prøvt aa vera nasjonale dei og, so godt
dei kunde; for dei hev set, at det
maatte til for den. som i Lengdi vilde
vinna Tiltru her i Landet. Men det
hev her som hellest vist seg. ati Livs-
og Framgangsspursmaal er Bakstræ-
vet magtlaust, fordi det er utan Til-
tak, fordi det kjem forseint, og
fordi det ikkje ser den historiske
Samanhengen. Difor vinn det ikkje
lenger enn — i det høgste til fagre
Ord. Dei einaste som hev vist seg aa
kunna lyfta det nasjonale Merket i
Aalvor og bera det fram, det er Fri-
domsmennerne. Det er dei, som. hev
set og skynat Tanken i rette Tidi, og
det er dei, som hev kumat taka eit
Arbeids-Tak for Tanken i sjølve Røyndi,
fordi at dei hev set han i ein so stor
og rik Samanheng, at dei hev kunnat
koma til aa elska Tanken. Og det
er Saki. —

Utan Fedreland-ingi Folkelukka;
utan Sjølvstende ingen Fridom; utan
full og heil nasjonal Æra ingen folke-
leg Framgang. Det forstend ikkje
Bakstrævet vaart. Men det er Norigs
Frelse og fagraste Von, at Folket tek
til aa forstaa det, og at Folkeforsam-
lingi meir og meir tek Tanken upp.

Det er langt ifraa, at alt er gjort,
som maa gjerast. Fin kann segja, at
Arbeidet onno er berre i fyrste Tilta-
ket. Men berre det er langt paa Veg.
For hev Folket og Storthinget fyrst
fengjet Syn for Saki, so veit me, at
den jamne, støde Framgangen er viss.

Dette hev me set mange Prov paa
i seinare Tid, og ikkje minst 1 Aar.

Den fyrste og største nasjonale
Uppgaava, me enno hev aa greida, er
Reisingi av eit norskt Maal.

Der er Strid um den rette Maaten

aa reisa dette Maalet paa. Men alle
er samde um, at eit norskt Maal maa
me hava. Og ein Ting til er alle
samde um: at skal me faa eit norskt
Maal, so maa fyrst og fremst Folke-
maalet koma til sin fulle Rett; for
endaa dei, som ikkje vil vera med paa
aa gjera Folkemaalet til Grunnlag
for det ny-norske Bokmaalet, treng
likevæl til aa faa Folkemaalet heilt
og fullt med som den eine Traaden
i Tvindingi. Det gamle danske ”Mot-
strævet” er i Grunnen alt daudt. Ein
kann snart telja dei no, som er med
paa det. Det einaste Striden no stend
um. er, um me skal vaaga oss til aa
byggja heilt ut paa heimleg Grunn og
berre bruka det framande som Dyg-
gje-Emne. elder um me skal halda
fram med aa byggja paa framand
Grunn, men faa inn so mykje norskt
Byggje-Emne som moglegt. Den Stri-
den vil avgjera seg sjølv, ettersom Tidi
gjeng. Men stort og gledeleg er det.
at Norigs Storthing hev komet so heilt
og fullt med paa Tanken. Alt det,
som paa den eine elder den andre
Maaten kann vera til Frambhjelp for
eit norsk Maal, og serleg daa det, som
kann styrkja og halda uppe Folke-
maalet — som 1 alle Tilfelle maa
med —, alt slikt kann no venta den
varmaste Medhug og beste Studning
av Storthinget. Framgangsfylkingen
hey teket Saki upp som si, daa det er
ei Gagns- og Æresak for Landet; og
Baktrævet hev ikkje lenger Mot elder
Magt til aa setja seg imot. Dette er
nokot av det største som hev komet
upp i det offentlige Livet vaart i sei-
nare Tid.

I 1878 kann Ein segja, at det na-
sjonale Merket i denne Saki vart reist
i Thinget, daa det vedtok, at Bygde-
maali skulde vera Undervisningsmaal
i Skularne! Og i Aar er der gjort
meir i same Stemnet.

Me hev fyrr fortalt, at Thinget hev
gjevet Pengar til ein Lærarpost i norskt
Folkemaal ved Universitetet. Dette er
eit stort og vigtigt Tiltak, som i mange
Maatar vil gjera Gagn, — liksom ein
slik Post berre for Skam Skuld ikkje

Spanjolen sjeldan Vyrdskapen sin, la
Grandezza, og ender gjerne Striden
"med ei skjemtande Vending. Naar ban
er so uppøst, at han vil ”sjaa Blod”, so
er det for det meste av Aabryskap, Tru-
domshat hell forskuld ei hard Krenkiug.
Fndaa hjaa den simplaste Spanjolen
tinnst det jamsides med Raaskap og
Faakunna ein viss Romantik, som er ei
Leiving: etter den spansk-mauriske Rid-
dartidi; han lever mykje meir i Drau-
meheimen enn i Verdi og ligg i Grun-
nen meir enn 100 Aar atterut i Daning,
noko som Uksekampar, Røvarskap, Ta-
terlry og Umstøytar vitnar um. Denne
Riddarskapen kjem og fram i desse vel-
kjende ”blømande Talemaatanne” i Sel-
skapslive; soleids naar ein helsar ei
Dame med: "Be kastar meg for Føtenne
Dykkar”, naar ein tiltalar alle, endaa
dei simplaste, med: "Dykkar Naade”, og
naar ein tilbyd Framandmannen som
Gaava alt det han ser paa og likar.
”Det er Dykkar”, høyrer ein allstødt.
Men Ein maa ikkje taka det etter Bok-
staven, for det er berre ein høfleg Tale-
maate; ein takkar, men segjer nei;
likeeins naar ein vert boden aa setja
seg tilbords med Huslyden, um ein kjem
inn ein Stad paa den Tidi. God Sed
krev, at ein svarar Nei Takk paa den

venlege Uppmaningi. Mot Framande
er Spaniamannen svært høtler, og hev
berre Gleda av aa vera han til Hjelp,
endaa um han maa ofre seg litt. Han
gjeng gjerne ein lang Krokveg for aa
rettleide Framandkaren og skilst so fraa
han med dei venlege Ordi:
til Tenest aat Dykk.

Spanjolanne er mykje maatebaldande
i Mat og Drikke, men er leide til aa
spela um Pengar og til aa røykja Tobak.
Likevel er det Skilnad. Dei røykjer t.
D. mest i Madrid og Andalusia, og minst
i Valencia. Daa Tobaksspindingi er ein
Serrett for Staten liksom i Frankrik
og Øysterrik, so er Tobakken etter Maa-
ten dyr; det røykjest dessutan sjeldan
Puros, Cigarar, men Cigarettos, som
kvar Spanjol kann laga sjølv.

So: høfleg som Spaniamannen er mot
Framandfolk, so gjeng han likevæl so
vidt i Fedrelandskjærleiken sin, at han

He ere

trur, at alt i Lande hans er betre enn

i andre Jind. Ingenting utanlands
kann maala seg med det, han hev heime,
endaa Spania i dei fleste Ting stend
langt tilbake. Det er væl mest eit
usælt romantisk Minne um den stolte
Fortidi, Spania hev havt, som avlar fram
dei store Ordi og dei braskande Tale-
blomanne i Staden for eit aalvorlegt

lenger bør saknast ved Norigs Høg-
skule.

Sidan hev Tinget bevilgat 1000
Kr. til Fyrebuing av det norske B1-
belverket.

Pengarne vart ikkje gjevne påa den
Maaten som det var søkt um; dei vart
gjevne ”til det norske Samlag”, for at
det skulde faa istand Prøve-Umskrit-
ter av Stykkje av det Nye Testamentet.
so ein kunde faa Tilføre til aa sjaa,
korleids Arbeidet vilde verta gjort, fyrr
Ein bevilgad fleire Pengar til dette
vigtige Arbeidet. Og so vart det til-
lagt, at Samlaget skulde lata Kyrkje-
Departementet uttala seg um Arbeidet
og godkjenna den Umskrivaren, som
Samlaget maatte velja.

Det norske Samlaget vil visst ikkje
hava nokot imot, at Pengarne vart
gjevne i denne Formi. Og alle vil
vera med paa, at det er naudsynlegt
vera svært var um aa faa ei god

ag
og gløgg og smakfull Umskrift.

At Kyrkjedepartementet fær Tilføre til
aa uttala seg i Saki er i Grunnen rett;
for paa den Maaten vil Verket faa ei
offisiel Godkjenning, som vil vera til
Tryggjing for mange, — dersom Kyr-

kjedepartementet hellest trur seg istand

Det
det

til aa døma um eit slikt Arbeid.
kann verta ei Spursmaal. Men
vert daa Departementets Sak.

Ordskiftet 1 Thinget um den norske
Bibelumskrifti var framifraa forvitne-
legt, so det lyt me og prenta av etter
Storth. Tid. Alle Maalmenn maa lesa
det. Dei vil derigjenom faa eit sterkt
Inntrykk av, at den Maalsaki, som
for nokre Aar sidan berre galdt for
ein ør Studentar-Draum, no er offent-
leg godkjend.

Til ei billeg Utgaava av ”Norigs
Soga” gav Thinget 1500 Kr. Det hev
væl ikkje hendt fyrr, at Landsfolk
hev sendt ein Søknad til Thinget um
Pengar til aa faa ei slik Bok spreidd,
og naar slikt hender, so maa det vera
eit fullgodt Prov paa, baade at Boki
i seg sjølv er eit framifraa Arbeid, og
at det Maalet, ho er’ skrivi paa, vert
likat av Landstolket. Det skulde vera
underlegt, um Prof. Joh. Storm etter
denne Dag skulde vaaga aa snakka um,
at den norske Bonden ikkje forstend
”Landsmaalet !” —

Det var hellest rart av Thin-
get. at det slog av 1000 Kr. påa den
Summen, som Samlaget hadde lagt
fram Rekning yver maatte til, dersom
Boki skulde kunna seljast so billegt
som for 80 Øyrur: Me forstend ikkje

Arbeid paa aa reise seg og arbeide seg
fram og dette er so fasterodd i Folke-
hugen, at det er eit av dei verste Mein-
høve for Framgangen. Det er ingen,
som bryr seg um aa læra av andre Folk,
naar han trur, at han sjølv er den
beste. Var alle Spanjolarne so trottige
og strævsame som Kataloniafolket og
Valencia- og Baskerfolke, so vilde Lande
vera væl dyrka, Verksdrifti trivast og
Folke vera rikt. Naturen hev gjort
sitt; Landet hev Rikdomar nok, naar
ein berre vilde bruke dei. Men Like-
sæld og Letingskap er eit Lyte, som
dei hev gjenom alle Klassur like til
Styre sjølv. Embættsmennerne er so
sluryne og likeglade, at det er reint ille.

(Meir).

dette. Men me fær vona, at Samlaget
paa einkvar Maaten finn ein Utveg.

At Boki etter alt det som no er gjort

maa koma ut i ei slik billeg Folke-
Utgaava, det segjer seg sjølv.

O. J. Høyems Søknad um Tilskot
til Skulebok-Tidsskriftet ”På bonde-
barnets bokmål” kom ikkje under
Forhandling, daa Søknaden vart teken
tilbake. Høyem veit nemleg ikkje um
han kann halda fram med aa utgjeva
dette Tidsskriftet.

Det, som Storthinget gjorde for
det norske Maalreisningsarbeidet i Aar,
var etter vaar Meining nokot av det
beste og fagnadsamaste, som i det
heile vart gjort. Og liksom Thinget
derigjenom paa nytt viste, kor heilt
det er med paa alt Arbeid til Styrkj-
ing av Nasjonaliteten og til Laudsens
Æra, soleids vil det for dette i løgt
Maal vinna Folkets Kjærleik, Tillit og
Takk, og det meir og meir til kvar
Tid. For dette er ei Sak, som tilslutt
vil samla alle.

Gjætaren.*)

Himlen er gruten og Lufti so vraa,

Og Lidarne lava utav Væta;

Og-Skodda ho gjyrmar i Lægda so traa,
Og endaa lyt eg sta aa gjæta.

Med svolteleg Mat. og med skarveleg Sko,
Dei dett? ut-av Fota, skam, snart beggje tvo!
Og litet var Sokkarne betre.

Um Morgonen tidleg dei jagav meg ut,

I Otta, fyrr Fuglanne vakna.

Eg flyg ut paa Sprengen med Hugverk
og Sut; —

Seg, eitkvart kom burt og vart saknat!

Men daa skal du høyra ei Preik og ein
Song!

daa skal ho Matmor faa Skolma paa

Eg ; Gong!
Eg memar, ho flaug meg i Synet!

Og

Og Dagen so lang uti Regn og i Rusk.
Aaleine uti Skogen eg traskar.

Og Væta ho drys ut-av Bar og av Busk
Og Røyve paa Kroppen ho vaskar.
Nedburden silar so stridt undan Sky.
Eg hev inkji Skjorta, eg veit inkje Ly!
Eg ynskje, eg laag ned i Gravi.

Men, Sanming aa segja, det stundom er be’r; —
Naar Skodda seg lettar or Lidi,

Daa plukkar eg Moltur og Tytingebær,

Og med det so skrider no Tidi.

Naar Skyi ho glosar, daa tonnar eg væl,
E$& somnar paa Tuva og drøyme meg sæl.
Eg vaknar som steikt utav Soli.

Og stundom eg stend uppaa høgaste Wjell

Og veltar paa Steinar utyver!

Dei rullar ned Djuvet med Røyk og med,
Smell,

Og høgt uppi Vedret fer ”Gjyve”.

Og Ørni ho flaksar forskræmt or sitt Reir.

Og aldri ho skal no faa Smalekjøt meir, —

Ho sunde vart slegi ”tav Raset!

Men kjeme so Bjørnen, Gud trøyste meg daa!
Han gjerer ei syrgjeleg Greida.

Eg fær slik ei Skjelte, eg ryma no maa,
Det er inkje betre te” segja.

Eg huar og skriker og hiver paa Stein,
Og stundom han styggest og gjer inkje Mein,
Men jamnast han tek, det han likar.

Ein Lur eg meg flekkjer, naar Borken vil av,
Paa den eg so flitteleg tutar.

So gløymer eg Møda og kjenner meg glad,
Det svarar i Berg og i Nutar.

Or næmaste Bergjet der kjeme eit Ljom,
Og langt burt i Rusti det høyrest attum,
So laagar” og laagare sidan.

*) ”Kven som hev skrivet. Visa, veit eg
ikkje. Eg fekk henne hjaa ei Gjenta,
som hadde lært henne av Mor si”, skriv
Innsendaren.

å

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free