Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
130
Fedraheimen.
20de August 1881.
Fredrik Wilhelm I
Konge av Preussen.
(Slutten.)
”Kor hadde det seg, at du vilde
ryma? spurde Kongen.
”Det kom seg av, at du hev faret
med meg som eg var ein Træl, og
ikkje som eg var Son din,” svarad
Prinsen. ;
”Kor vilde du av?”
”Til Algier; der kann ikkje vera
verre enn her.”
”Du er altso ein skarve Rømling
utan Æra!
”Eg hev likso mykje Æra som Du
og hev berre fylgt den Raadi, Du sjølv
hev gjevet meg.”
Daa han hadde sagt dette, vart
Kongen so galen, at han drog Kaarden
sin, og han havde stukket Prinsen ihel,
dersom ikkje General Mosel hadde lagt
seg imillom. So tok han Stokken sin
og raakad Prinsen med den i Andlitet,
so Blodet rann ned etter Ennet. Bleik
som ein Dauding, men utan aa for-
andra ei Mine, tolte Fredrik dette;
han sagde berre, at ”aldri hev nokon
av vaart Hus teket imot ei Fornærming
som denne.”
Alt same Dagen sende Kongen Son
sin med sterk Vakt til Kistrin. Sjølv
foor han til Berlin, og der maatte daa
Dronningi og den arme Prinsessa, som
hadde Brevi aat Bror sin i Forvaring,
staa for Støyten. ”Han var so sinnad,?
skriv Wilhelmine, ”at han var fæl aa
sjaa paa. Han var graa 1 Andlitet
som Oska, Augo lynte og Frauda stod
i Munnvikerne hans. ”Ditt ufysne
Ting, sagde han til meg, "kor kann
Du vaaga deg til aa koma meg for
Augo! Han treiv fat 1 meg og slog
meg fleire Gonger med Haandi 1 And-
litet. Eit av desse Slagi var so hardt,
at eg datt i Koll og hadde støytt Ho-
vudet mot Kanten av Panelingi, um
ikkje Madame Sonsfeld hadde trivet
meg i Haaret.” Voltaire fortel og um
dette. ”Prinsessa hadde sidan so lenge
ho livde eit Er yver det vinstre Brystet,
og ho hev gjort meg den Æra aa sjølv
visa meg dette Merket av faderleg
Kjærleik.” Daa Kongen fekk Skrinet
med Brevi i Henderne sine, slog han
det i tusund Bitar og skreik: ”Der
er Prov nok imot dei baae tvo, og det
skal kosta dei Hovudet!”
Dette var ikkje nokot laust Snakk
for Krunprinsens Vedkomande. Kon-
gen heldt ikkje Son sin for annat enn
ei Ikjøting av alle desse nymotens
Tankarne, som han var so galen paa.
”Den vesle Ve’rlauparen? vilde ikkje
gjera annat enn skipla heile hans Verk,
og difor skulde han døy. Og daa
Statsraadarne hans talde for han og
sagde, at Thrunarvingen var ukrenke-
leg, so tilsette Kongen ein Krigsrett,
som skulde døma ”Oberst Frits.
Krunprinsen sat under. Laas og
Bom i eit trongt Fangehol i Kistrin,
og Krigsretten forhandlad. Men daa
dei skulde til aa segja Dom, kastad
den gamle Prinsen av Anhalt Sabelen
sin i Bordet og svor paa, at han vilde
krevja kvar ein til Rekneskap, som
vaagad aa døma Krunprinsen skyldig.
Fredrik vart samrøystes frikjend; men
Kongen vrakad Domen og sette ein ny
Rett av meir bøygielege Folk. Og
denne Retten dømde Prinsen fraa
Livet.
Dei framande Magterne maatte
leggja seg frami for aa frelsa Krun-
prinsen.” Sverig, Polen, Holland gjorde
Innlegg; den tyske Keisaren leet Sen-
demannen sin segja, at Prinsen stod
under serleg Livd av sjølve Riket og
ikkje kunde klagast elder dømast utan
i Riksdagen. Fredrik Wilhelm vilde
ikkje gjeva seg; han tenkte endaa paa
aa føra Sonen med seg til Kønigsberg
som laag i Preussen serskilt og ikkje
høyrde inn under Keisaren, og der
han sjølv raadde aaleine; men langt
um lengje leet han seg daa segja, og
Prinsen fekk Naade.
No skulde det daa gaa ut yver dei,
som hadde voret med og hjelpt Prin-
sen. Keit hadde bergat seg til Hol-
land; men den unge Løytnant Katte
hadde ikkje fenget Tid til aa koma
seg unda. Han vart daa førd til Kon-
gen, og denne reiv av han Johannitter-
ordenen hans, slog han til Blods med
Stokken og trod paa han, daa han var
dotten i Koll paa Golvet. Den same
Krigsretten, som hadde dømt Prinsen
av med Livet, dømde Katte til Fest-
ningsarbeid; men Kongen strauk yver
Domen i Kross og Krok og skreiv i
Kanten: ”Krigsretten hev dømt Løyt-
nant von Katte til Festningsarbeid,
endaa han hev tilstadet og er yver-
vitnad um Majestætsforbrot; hans
Majestæt forstend ikkje, korleids so
mild ei Straff kann gjevast for eit so
audstyggjelegt Forbrot. Det synest
aa tyda paa, at Truskapen aat Offise-
rarne ikkje altid er litande paa. For
at ikkje nokon, som i Framtidi maatte
vaaga ein liknande Udaad, skal kunna
skjota seg inn under, at ein annan
hev sloppet for so godt Kjøp, so ser
hans Majestæt seg nøydd til aa upp-
visa eit Døme paa si Rettferd og av-
segja Domen sjølv: Endaa at ein
Høgbrotsmann som Løytnant von Katte
ikkje vilde verta straffad for strengt,
um han vart klypt med gloande Ten-
ger og deretter hengd, so hev hans
Majestæt, av Godvilje mot Ætti, mild-
nat Domen, og fyresegjer herved, at
han skal avhovdast. Gjevet i Berlin
den 2dre November 1730.”
Avrettingi skulde gaa for seg i
Kiistrin, so Krunprinsen saag paa det,
og difor vart denne Dagen fyreaat
ført ned fraa Holet sitt og inn i eit
Rom, som vende ut til Rettarstaden.
Det vart hengt fyre Vindaugo, so han
ikkje kunde sjaa ut; men heile Notti
laut han høyra paa Hamraslagi aat
Timbremennerne, som reiste Blokki,
og lida den fælaste Daudrædsla. I
Otta um Morgonen steig General Løpel
inn i Romet med fire Grenaderar.
Krunprinsen maatte staa upp, Solda-
tarne tok han under Armarne og førde
han til Vindaugat. No vart Forhengi
tekne burt, so han kunde sjaa den
svartklædde Rettarstaden, som var reist
like utanfor; det var endaa bygt ei
Bru millom Vindaugat og den. Trom-
murne ramlad, og tvo Mann steig
fraa Tunet og upp ei Tropp upp til
Blokki. Den fyrste av desse var Katte,
som etter Paalegg fraa Kongen var
klædd plent som Prinsen. Fredrik
var reint som fraa seg av Sorg; han
prøvde aa stansa Avrettingi; ”vent!
skreik han, ”lat meg skriva eit Ord
til Kongen, berre eit einaste Ord! Eg
fraasegjer meg Retten til Thruna, der-
som han gjev Katte Naade!” Til Ven-
nen sin, som alt hadde fengjet Bindet
for Augo, sagde han: ”Kjære Katte,
kann du tilgjeva meg? Seg meg, at
du tilgjev meg! Aa, at eg ikkje er i
din Stad!” Katte rette AÅrmarne mot
Prinsen og sagde: ”Um eg hadde
tusund Liv, eg ofrad dei med Gleda
for Dykk. Liv sæl; eg døyr med
Gleda !”
Øksi fall; — Fredrik vilde snu seg
ifraa; men Grenaderarne heldt han;
dei hadde Paalegg um aa halda han
fast paa Flekken til Slutten. Til aa
døyva Skriki hans heldt Kommandan-
ten han eit Plagg for Munnen; men
han fekk Senedraatt og seig i Uvit
upp i Årmarne paa Grenaderarne.
Liket av Katte vart etter Paalegg av
Kongen sett inn til Prinsen tett med
Sengi hans. Men daa han vaknad etter
Uvitet, hadde han sterk Feber og rasad.
Daa vaagad Kommandanten aa vera
Kongen ulydig og tok Liket burt.
Attan Maanadar maatte Prinsen
sitja 1 Kiistrin, og til Livemaate for
han var det fastsett paa Lag 20 Skil-
ling Dagen. Fraa Morgon til Kveld
laut han arbeida i ”Domænekammeret”,
der han hadde den lægste Plassen av
alle Embættsmennerne. Og kvar Kveld
kom Kommandanten sjølv inn til han
i Romet hans, naar Klokka slog ni, og
sløkkte Ljoset hans.
Fredrik Wilbelm eldest fort, og
med Alderen var det som han spaknad
og vart mindre girug og. Han gav
100,000 Dukatar til Sjukehusi i Berlin,
og ved ei av dei siste Mynstringarne
hans fekk Grenaderarne Dukatar ista-
denfor Stokkeslag. Daa han ikkje len-
ger var god-til aa halda Mynstringar
yver Soldatarne sine, leet han seg
draga rundt Slottet i ein Rullestol.
Ender og daa fekk han likevel Rider
av sitt gamle Lynne. Ein Dag um
Vaaren 1740 var han ute og køyrde
Gi amerikansk Preike.
(Av Dr. Murphy; umsett fraa Engelsk.)
Gjenom Allheimen styrer ein sjølv-
megtig Aand; hans Vilje er Lov, og
hans evige Tankar viser seg i Umyelt-
ningarne aat Planetarne, i Hendingarne
i Soga so væl som i alle Openberringar
av Sanning. Der er Tankar og Fyre-
maal innskrivne paa Jordlagi likso visst
som der er Merkje etter dei 5 store Tid-
bolkarne, Jordi hev gjenomfaret. Me
ser den eine geologiske Alderen leggja
Veg aat den andre. Den azoiske (liv-
lause) Tidi hadde den Gjerningen aa
laga dei store Bergi, byggja fram under
Vatni dei store Jordbolkarne og lyfta
dei sagteleg upp av det megtige Djupet.
Den palæozoiske "Tidi (Tidi med det
eldste Liv) gav Grunnlag for Skapningi
av Blautdyr, Korallar, Krosstroll og Kuv-
ungar, som det finst Leivningar av i
Berg og Stein. I denne Aideren vart
dei og nedlagde, desse umaatelege Lag
av Plantevokstrar, som sidan ved veks-
lande Søkkjing og Stiging under og upp
or Havet gjordest til Kol, som no gjev
oss Eldfang til Hus og Verksdrift. So
kom den mezozoiske Tidi (Tidi for Mil-
lom-Livsformerne) elder Orme-Alderen,
og deretter Beindyr-Alderen. I Fram-
ferdi og Arbeidet aat desse Aldrarne,
i alle dei Umveltningarne, som reiste
Fjeldi, i Øydeleggingi av dei gamle og
Skapingi av nye Vokstrar og Dyreslag,
ser me den veksande Framgangen af det
store Endeformaal, som var det aa byggja
Mannheimen elder fyrebua den femte
og gjævaste Alderen. Men likso tyde-
legt som der viser seg ut Fyremaal i
denne Tilbuingi av Jord-Yta, likso visst
gjeng der eit naadefullt Fyremaal strøy-
mande som ei Livs-Aa gjenom Soga,
gjenom alle dei ulike Folkeferderne,
gjenom alle dei vekslande Tidskifte.
Driven av ein Guddomstanke, som alt
fraa Upphavet av saag Enden, gjekk
kvart Folk til sitt Arbeid og lagde
si Flo elder sitt Lag til i den aalmenne
Uppseding, so dei etterkomande kunne
byggja vidare og arbeida fram meir full-
komelegt den guddomelege Tanken, som
skulde fyrebua Verdi til aa mottaka
Manna-Sonnen. Sogegranskaren ser, ”at
gjenom Aldrarne klaarnar det seg fram
eit veksande Fyremaal, og Mannatankarne
vidkar seg ut med dei framrullande
Soler.”
Det turvtest Aldrar af Røynd, av
veksande Kunnskap og Tanke, av Kul-
Fo
turframgang og idugt Stræv, fyrr Verdi
vart ferdig for Attløysaren sin. Alle
dei gamle Folkeferderne gjorde sitt i
det store Tilbuingsarbeid, men dei, som
gjorde mest til aa leggja Veg for Jesus,
var Jødarne, Hellenarne og Romararne.
Jødarne var utvalde til gudelegt Ar-
beid, dei tyo andre til det verdslege.
I. Lat oss fylgja Jødefolkets Arbeid
i den store Tilbuingi.
I. Millom dei fyrste Framsyningane
av Guddomsplanen var Framavlingi av ei
Avstengjingsaand, som lagde som eit Hav
av folkeleg Skilnad millan Jøde og Heid-
ning. Dette vart gjort gjenom For-
skrifterne i Moseloveu. Denne Avsteng;j-
ingi fraa Heidningsamfundet kallar Pau-
lus ei Skilje-Vegg og ein Fiendskap.
Denne Fiendskapen var so sterk i St.
Peters Tid, at det maatte eit Syn fraa
Himmelen til, Duken med dei mange
Slags Dyr, for aa faa han broten. Og
heile Jødekyrkja i Jerusalem klagad paa
Peter, daa han kom attende fraa Korne-
lius, fordi han ”gjekk inn til u-um-
skorne Menn og aat med dei.” Og Heid-
ningen gav Jødarne den same Fienska-
pen tilbake. Romarskalden Horats er
etter Jødarne med stikkande Spott.
Tacitus segjer: ”Moses hev stiftat ei Tru
og sett upp Forskrifter, som er reint
nye og motsette dei, som gjeld for andre
Menn og Land. Det, som me held for
heilagt, er ureint for Jødarne. Mange
Ting er lovlege og tillatne hjaa dei,
som er forbodne og ureine hjaa oss.
Dei er ubøygjelege i Trui si og beld
fast ihop; men mot andre Folk hev dei
eit brennande Hat. Dei jødiske Tru-
domsforskrifter er yverdrivne og raae.”
Det vil vera nok til Motlegg mot
den Hyklaraanden, som vender seg med
Uvilje imot denne jødiske Utvikling, og
det vil vera nok til Forsvar for den
guddomelege Viljen, aa segja, at der var
endelaus Visdom og Godleik i denne
folkelege Avstengjingi. Ved den var
det, at Folket vart haldet uppe som Folk
gjenom alle Umskiftingar, gjenom Krig
og Landlysing, under Framveksing og
Fall av dei store Riki rundt ikring dei.
Gjenom den vart dei varde mot aa
blanda seg med Heidningarne og mot
Avgudsdyrkjing. Gjenom den vart dei
og haldne frie av den heidenske Filo-
sofien.
2. Eit annat Stig i dette Tilbuings-
arbeidet hjaa Jødarne var Openberringi
av den pgudomelege Sanningslærdomen,
som det er so langt ifraa, at Mannamagt
kann finna fram.
a. Den fyrste store Sanningi, fram-
se
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>