- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
154

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154

Fedraheimen.

ste Oktbr. 1881.

”Aa, Teodor, me er so glade, aa!
so glade, for du er komen. Vel-
komen heim! Velkomen, kjære Teo-
dor, i Armarne aat dine eigne!” Og
so kom heile Flokken og lagde seg um
Halsen hans og greet nedyver Kvit-
kragen hans og ruskad og reiv i han,
so han visste ikkje, kor det vart
av han.

Bispen saag forstøkkt og fortryllt
ut. Han kavad seg reint sveitt for aa
koma laus, og sagde:

”Sannt aa segja, mine Damur, so
er dette her væl nok . . . det er for-
vitnelegt og alt slikt; men der maa
vera eit elder annat . .-. det vil segja,
eit reint forsett . . . orsaka meg, mine
Damur, men her synest aa vera —
um eg so maa segja — eit litet Mis-
tak her . .. Eg er Biskop Potts,”

”Me veit det, me veit det, kjære,”
ropad dei i Flokk, ”og me er glade,
for du er komen væl heim att. Me
hev alle ihop havt det berre godt, det
Bilet du var borte, kjære!”

”Det gjer meg godt aa høyra,
mælte Bispen, ”at ingen av dykk hev
voret so usæl aa vera krusleg. Eg
vert teken av sann Hugnad, naar eg
tenkjer væl yver denne Tingen; men,
sannt aa segja, eg forstend ikkje, kvi
de skulde renna hit paa denne Jarn-
vegsgarden her og kyssa meg, fordi
de kjenner, at Livri er i Orden og
Matmeltingi god. Det er eit Fyre-
døme, som ikkje er godt; det er
faarlegt!”

”Aa, men det var ikkje for det,
me kom!” ropad dei i Kor. ”Me kom
her for aa segja deg velkomen, for di
du er Mannen vaar!”

”Orsaka meg; men her maa vera
eitkvart litet ... det vil segja, um
eg maa faa Lov, eit. . . Kvende, de hev
teket i Misst av Mannen dykkar.”

”Aa, nei!” skreik dei; ”me hev gift
oss med deg, medan du var burte!”

”Kva Slag?” ropad Bispen, ”De vil
daa væl ikkje segja, at —”

”Jau, kjære Mannen vaar, William
Brown døydde um Maandagen, og um
Torsdagen hadde Brigham Young eit
Syn, som sagde, at han skulde vigja
oss til deg, og so vart me vigde; i
din Stad møtte ein Fullmegtig.”

”Du-du-du-dunderen !” sagde Bispen.

”Og me liver alle hjaa deg no, mel

og dei kjære Borni.”
”Born!” skreik Biskop Potts; han

vart bleik. ”De vil daa væl ikkje
segja, at der er ein Flokk Born
med og?”

”Jau, kjære; men ikkje meir enn
125, naar Ein ikkje reknar dei 8 Tvil-
lingarne og so Trillingarne.”

”Me-me- men kva er dette?” stunde
Bispen og kaldsveittad, *eit hundrad
og fem og tjuge! Eit hundrad og
fem og tjuge Born og tjuge nye Kjer-

ingar! Det er for mykje; det er skræ-
melegt!’* Og Bispen sette seg ned og
sukkad. Men dei, som fyrr hadde

voret *Fru Brown*, Brurerne, stod
rundt i ein Halvring og vifta han
med Lummeploggi sine, alle so nær
som den raud-hærde, og ho var so
fortryllt, at ho gjorde ein faafengd
Freistnad paa aa vifta han med Kol-
skuffa.

Men um ei Stund hadde Bispen

funnet seg til Rettes med den nye Egte-
skapen sin, ettersom han væl visste, at
det vilde vera faafengt aa gjera Mot-
stand, og so tok han ein Bundel av
dei smaae Brurehenderne i si og stau-
kad so heimetter; men den raudhærde
tok Regnhatten hans og marserad i
Brodden av det lange Fylgjet for aa
halda Vegen klar og skræma vek Smaa-
gutarne.

Daa Bispen kom heim, gjekk han
rundt til alle dei Voggur og Smaa-
sengjer, som fyllte upp Bakstova og
dei tvo Stoyurne i øvre Høgdi, og
prøvde aa gjera seg kjend med sine
nye Søner og Døtrar, og det gjorde
han med slikt Aalvor, at han fekk
alle dei 125 med Tvillingar og Tril-
lingar til aa ramskrika, medan hans
eigne upphavlege femtan stod rundt

ikring og gjorde sitt til aa auka Ljod-

flaumen. So gjekk Bispen ut og sette
seg paa Hagagarden i djupe Brudlaups-
tankar; men Fruvurne hans spreidde
seg rundt i Huset og fekk dei smaae
i Ro.

Men som Bispen sat der ut paa
Hagagarden og tenkte, kom det for
han, at etter som det no stod med
Huset hans, so hadde han nok for lite
Trompetar. Og han vilde ikkje vera
den, som var betre mot sine eigne Born
enn mot Stykborni. Han tok daa den
Raadi aa fara attende til San Fran-
sisko etter 144 Trompetar til.

So pakkad Bispen sin Reisesekk
og byrjad paa nytt til aa taka Væl-
far med Huslyden sin. Han kysste
kjærlegt alle dei Fru Potts’arne, som
var heime, og sette so avstad til Jarn-
vegsgarden; men Fruvurne stod i Vind-
auga og viftad med Lummeploggi til
han, alle so nær som den raudhærde;
ho stod i Døri og tok i Sanseløysa ein
av Tvillingarne sine i Foten og svin-
gad med den etter Potts, der han flaug
ned Gata til Jarnvegstasjonen.

Bispen kom til San Fransisko, ut-
rettad sitt Ærend og skulde just av-
stad aat Jarnyegen med dei 144 Trom-
petarne, daa det kom eit Telegram til
han. Det inneheldt Upplysning um,
at den brunhærde Fru Potts just no
hadde fengje ei Dotter. Dermed laut
Bispen ut paa Byen att for aa faa
endaa ein Trompet til.

Sundagen etter kom han attende.
Som han nærmad seg Huset sitt, kom
det ein Flokk av Smaaungar stormande
fraa Sidegata og rennde beint paa han
og skreik: *Der er Papa! Her kjem
Papa! Aa, Pa, so glade me er, at du
kjem. Hurra for Pa! o. s.fr.o.s. fr.

Bispen saag paa Ungarne, der dei
flokkad seg ikring han og klengde seg
fast til Føterne og Frakken hans, og
vart reint fortenkt, daa han saag, at
det korkje var hans Born elder den
avfarne Mr. Browns. So sagde han:
«Nei, Smaaungar, de mistek dykk; eg
er ikkje Far dykkar.* Og Bispen
smilte heilt godslegt.

«Aa jau, du er no det lell!" ylte
Smaaungarne i Kor.

*Men eg segjer nei!’* sagde Bispen
aalvorslegt og med Rukkur i Pannen;
«de skulde skjemmast, skulde de. Veit
de ikkje, kor det vert av dei, som lyg?
Det er skamlegt av dykk aa synda
slik mot Sanningi. Mitt Namn er Potts.*

«Ja, ja, me veit det,* skreik Un-
garne; *me veit det, og vaart Namn
er. og Potts! Det er Namnet vaart
no, etter Brudlaupet!*

- «Kva for Brudlaup?*

«Naa, Mor sitt, veit eg! Ho vart
gift med deg igaar av Mr. Young, og

me er alle i Huset ditt no med dei

nye Brødrarne og Systrarne vaare."

Bispen sette seg ned paa ei Tropp
og turkad burt eit Par Taarur. So
spurde han:

«Kven var Far dykkar?*

«Mr. Simpson,* sagde Flokken, *og
han døydde um Torsdag.*

«Og kor mange av hans fordømde
gamle Enkjur ... Eg meiner: kor
mange Mødrar er der?%

«Berre 27,4 svarad Borni, *og der
er ikkje meir enn 64 av oss, og me
er gruveleg glade for, at du er komen
heim.* ;

Bispen saag ikkje ut til aa vera
usedvanleg glad; kor det no hadde
seg, so forsømde han aa vera med i
Jubelen. Det syntest paa ein viss
Maate aa verta for mykje det same
og det same upp att ved desse uven-
tande Hendingarne; so sat han daa
der med Hatten ned yve Augo og stirde
paa Tilfellet. Til Slutt, daa han saag,
at der ikkje var Hjelp for det, stod
han upp og gjekk heim, og 48 av
Fruvurne kom farande imot han og
fortalde, at Profeten hadde havt ein
nytt Syn, som hadde bodet han aa
vigja *Enkja"* etter Simpson til Potts.

So stavrad Bispen ikring millom
Voggurne til Skrivebordet sitt. Millom
Leikur og Rap og Skrap fann han
fram eit Ark Brevpapir og skreiv ein
Setel til Brigham og bad han um som
ein personleg Gunst, at han leet vera
aa faa fleire Syner til yver Jol. *Man-
nen held meg visst for eit Vaisenhus,*
tenkte Bispen. Deretter forstod han
klaart nok, at um han gav Jolegaavur
til dei andre Borni, men ikkje til
Simpsons, so vilde nok dei nye Brur-
erne "gjera Jol* aat han. Dermed
drog han paanytt til San Fransisko
etter 46 nye Trompetar; *Fru Potts*
tok litt um Senn Vælfar med han i
Gangen — alle so nær som den raud-
hærde; for ho var upp aa Loftet og
maatte nøgja seg med aa skrika Farvæl
ned til han med sitt gnellaste Mæle.

"Daa Bispen kom paa Heimvegen
att, sat han i Vogni med Sida av ein
Mann, som var komen fraa Salt-
sjø-Staden Dagen fyreaat. Det var
ein pratsam Kar. Som dei sat og
talad saman um laust og fast, kom
han til aa segja:

+Det var ei gild liti Greida det der
upp i Byen no um Maandagen.*

«Kva var det?* spurde Potts.

«Naa, det Brudlaupet; Enkja etter
Me. Grath, gift ved Fullmegtig!*

«Er det Raad?* spurde Bipsen.
«Eg visste ikkje av, at Mc. Grath var
daaen.*

*Jau; døydde Sundag; same Notti
hadde Brigham eit Syn, som sagde,
at han skulde vigja henne til Bispen.*

«Bispen!* skreik Potts, *Bispen?
Kva for ein Bisp?*

Jau, ser De : . . Der var femtan
Enkjur etter Mc. Grath og 82 Born,
og heile Hurven vart lagt yver paa

gamle Potts.
gamle Potts?

Bispen sette i eit villt Skrik og
slengde seg ned paa Golvet som han
hadde ei vond Rid. Daa han kom seg
att, rymde han fraa Trænet og gjekk
paa sin Fot attende til San Fransisko.
So tok han fyrste Eimbaaten til Peru,
og der gjekk han i Kloster og vart
Munk.

Reisesekken hans vart send heim
til Huslyden hans. Der fann dei Trom-
petarne. Om Jolemorgonen fekk kvart
Barn sin, og um mindre enn ein Time
var alle dei 208 Borni sjuke av aa suga
paa Messingen. Ein Dokter vart hentad,
og han syntest aa hava slik Samhug
med denne Huslyden, at Brigham løyste
heile Stasen fraa gamle Potts og sette
Doktoren inn til Husbond i hans Stad;
men Doktoren gjekk fraa Forstanden
med ein einaste Gong og hadde tynt
heile Kolonien, dersom ikkje den raud-
hærde og den eldste Gutungen hadde
fenget han avstad paa Daarekista, der
han dreiv Tidi med aa freista paa aa
koma til ei Meining um Talet paa
Borni sine gjenom ei umogelig Sam-
mansetning av Multiplikasjonstabellen
og Algebra.” — —

— — Fr det endeleg slutt ?* sagde
Bob. Vil du no gjera so væl aa
segja meg, kva denne ravgalne Soga
hev aa gjera med mi Truloving?*

«Aa ikkje serskilt nokon Ting,
svarad eg, naar sannt skal segjast.
Men eg tenkte at du kanskje no kunde
hava eit Slags Moro av aa høyra alt,
som paa nokon Maate vedkom Egte-
skap, og desutan kunde eg hava Hug
til aa høyra di Meining um sjølve
Soga.

0; ja, etter mi Meining er det
ei Fillesoga. Eg skulde skriva ei
mykje betre Mormonsoga sjølv, og
endaa gjev ikkje eg meg ut for aa vera
nokon Bokmann!* —

De kjenner kanskje ikke

Dei Haust-rike.
(John Lie.)

”Aa dæ alli. Sæt paa dei; dei æ
av disse Haust-rike,” sae Bestemor.

— Pilt-Olav va ein Mann her,
som no æ avfaren. Han va haust-
rike. De va alli talandes um aa faa
han ein Arbeidsdag um Hausten. Va
de likt seg! Nei, ”han va i Sannheit
so goe Manne, at han inki traang aa
liggje burte aa slite fyr ei skarve
Dagløn, han.”

Jordeple ha han fengje so store at
dei var ”ubrukelege”; Konne va so
stort aa tungt at han orka ”ki bera i
Hus mei hell ein Staur mæ Venda,
aa endaa va de ei ”vederanskræmeleg
”Byr?, aa Høy fekk han so myki at
”han kunn” ”ki skjyne, koss Kreturi
kunn” eta de upp.”

Men fysst de lei yve Jol, so va
han jamt baade Mat- aa For-lause.
Aa daa vart han audmjuke au.

Eg minnest titt dette um dei haust-
rike, naar eg ser paa Novembermen-
narne. Dei”hev so fullt upp av alle
Slag. Dei, aa bare dei, forstend seg
paa Politik. Dei, aa bare dei, ”sit -
inne mæ? den sanne Magt, den sanne
Tru, den sanne Moralen, den sanne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free