Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
174
t
/
Fedraheimen.
5te Novbr. 1881.
Henrik Ibsen som Intelligens+-
Diktar.
(Slutten.)
Etter Morgenbladet er det Embætts-
mennerne, som ber uppe ”Intelli-
gensen” og ”dei ideale Interesser? her
i Landet. Ibsen gjer syndigt Narr av
desse ”Ide-Berarar”. Futen er glad i
Storverk, men berre 1 dei, som vart
gjorde ”i Kong Beles Alder”. Han
hjelper sjølv til med paa pynteleg og
vitug Maate aa halda Minnet um desse
gamle Storverk uppe. ”Gaa blot ud”,
segjer han,
”i Sognefolkets Gjæstebud,
hvor jeg og Lensmand, Klokker, Dommer
som Hæderslemmer er at finde,
saa skal De se, naar Punschen kommer,
at dødt er ei Kong Beles Minde.
I Skaaler, Bægerklang og Sang
han ihukommes, lades leve!”
Futen hev i det heile Sans for dei
gamle Minne. Kyrkja i Bygdi er han
svært glad i, fordi ho er ”et ædelt
Arvestykke” og eit gildt Minnesmerke
um ”fromme Heltes Ran og Rov”; ja
ho er so gamal, segjer han, at i Grun-
nen er ho ikkje til lenger; dei hev
bøtt henne so lengje, at det gamle
Byggverket etterkvart er bøtt reint burt.
Han likar Poesien, — ”dog alt
med Maade; i Livet bør den aldrig
raade, kun mellem Klokken syv og ti
om Aftenen, naar Folk er fri.” Like-
eins hev han Sans for Bygningskunst.*)
Han vil byggja eit stort Hus, som paa
ein Gong skal vera Fatikhus, Arrest,
”politisk Festhus” og Daarekista, —
eit utrulegt Kunststykke. Den gamle
Kyrkja, som han hev voret so glad i,
finn han seinare av serlege Grunnar
so stygg og kunstlaus, at ho ikkje er
verd aa halda paa:
”Hvor er vel Stil, Arkitektur,
naar ret man gransker Loft og Mur?
Hvad skal man kalde slige Buer?
en Fagmand vil dem kalde fæle; —
ja, jeg maa samme Mening dele!
— Nei, Pietet kan gaa for vidt!
Det maa dog Hvyermand se og skjønne
at denne gamle raadne Rønne
i et og alt er noget Skidt,”
— segjer Futen. Og daa Brand un-
drast paa, at den intelligente Mannen
kann skifta Meining so fort, so svarar
han som ein intelligent norsk Kontor-
Embættsmann skal svara: ”Det er
Humanitetens Frugt at faa med alt
ensidigt Bugt;” ”det ensidige,”
den klaare, greide, livande Tanken,
høyrer ikkje heime paa Kontoret, der
alle Setningar ”humant” byrjar med,
at ”man skulde saaledes vistnok for-
mene.”
At Futen er ”human”, segjer seg
altso sjølv; men denne Embætsmanns-
Humaniteten kann stundom taka seg
underleg ut. Brand spør han ein-
gong, um han veit Raad for desse
arme Fatikborni, som gjeng og sleng
Bygdi rundt og vert øydelagde baade
paa Sjæl og Kropp. ”Pyt,” svarar
Futen,
*) Ein ”fargelaus Mann” skreiv svært um
det i Mgbl. no nyleg, at dersom Fri-
domspartiet vann, so vilde al Kunst og
og Dikting døy ut i Landet. Det er
Futepartiet, som forstend seg paa
slikt!
— ”de maa ind bag Tugthusdørene!
De er fortabt opover Ørene;
at frelse dem, det var at stjæle
fra Fanden, som maa gaa fallit,
hvis ei han faar af Verden sit!”
Det er norsk Fute- og Politihuma-
nitet, — naar det gjeld slike Spurs-
maal.
Futen er naturlegvis ein Ven av
Folkeupplysningi; men det er ikkje
alt, Fin skal gjera Folk vise paa helder,
meiner han. Det er visse Ting, Folk
ikkje hev godt av aa vita.
”Folk er saa inderlig tilfredse;
de tykkes alt er gildt og rigt,
at aldrig før de øined sligt; —
o lad dem tænke saa for stedse!
Hvi skal vi pirke ved de Stakler
og pine dem med tændte Fakler,
hvis Lysning ingen skjøtter om?
Alt kommer an paa Troens Dom.
Det gjør ei til, ei fra, en Snus,
om Kirken er et Hundehus,
naar Folk blot uforstyrret tror,
at den er overmaade stor!”
Ein fær helder ljuga litt, um det
knip, meiner Futen. Det duger ikkje
aa vera for sannfarande; i det offisielle
hender det rett som det er, at Ein
maa smaaljuga og spela Komedie og
det kunde vera leidt baade for Fin
sjølv og for andre, um Ein sagde
Sanningi heilt ut.
Brand dømer til Slutt baade Futen
og heile hans Væsen i desse ægte Ib-
senske Ord:
”Ham gad jeg knuse med min Høæl!
Hver Gang jeg prøver paa at høine
hans Syn udover Kneb og Løgne,
han spytter ud sin raadne Sjel
uvorrent, midt for mine Øine!”
— Det var Ibsens Meining um
desse ide-berande Kontormenn, som
trur, at dei for ”Kulturens” Skuld bør
raa og rikja i dette Landet.
— Og so kjem Provsten.
Han er ”Statspresten”, den kyrkje-
lege Byrokraten. Det, som det gjeld
um, er aa hava gode Kyrkjebygningar
og god Administrasjon, so kjem nok
Resten etterkvart. Hellest er han ein
godsleg, ”human” Mann, som er glad
i godt Stell og god Mat, og som for-
stend aa bastebinda kvar livande Kraft
med mjuke Ord, so ho kann høva inn
i Protokollen og Systemet. Med Brand
tek han til strakst —:
”De hidindtil har stundom lagt
paa Skik og Brug for liden Magt,
og Skik og Brug er dog det første,
om ikke egentlig det største ...
De hidtil har formeget pleiet
hver enkelts særlige Behov;
den Feil er, mellem os sagt, grov.
Lad dem i massevis bli veiet,
kjæm alle med den sammo Kam;
tro mig, De faar ei deraf Skam —”
— Staten ser i Religionen
den Magt, der bedst forædler Tonen,
det Værn, hvori dens Tryghed bor, —
Kortsagt, Moralens Rettesnor.
Se, Statens Forraad er kun tyndt;
den vil Valuta for sin Mynt.
God Kristen, siges der, god Borger ...
Men dette Statens Formaal, Ven,
kun naaes ved dens Embedsmænd,
og det vil sige her: dens Prester. —
— Hver Sjæl kan skjøttes lige godt,
om Staten tjenes med det samme;
to Herrers Tarv De nemt kan ramme,
naar De Dem ter fornuftigt blot.
De er ei Prest for Per og Paal
at fri for Syndestraffens Baal,
men for at hele Prestegjeldet
kan nyde godt af Naadevældet;
dog, frelses Sognet, er det klart,
hver enkelt faar sin Frelsens Part.
Se Staten er, hvad knapt De aner,
nøiagtigt halv Republikaner;
den hader Frihed som en Sot,
men ynder Lighed saare godt;
dog Lighed vindes aldrig, før
hver Ujevnhed er nivelleret,
og det er det, De ikke gjør!
— Før var enhver et Kirkens Led,
nu er han en Personlighed,
og det er Ståten ikke tjent med;
derfor gaar det og saa sent med
at sammenskrabe Lighedsskatten
samt alle andre Samfundsgoder;
thi Kirken er ei længer Hatten
der skulde passe alle Hoder”...
— Som Korporalen fører sine
i Kirken ind afdelingsvis,
saa skal og Presten føre sine
i sognevis til Paradis.
Alt er saa let; til Grund for Tro
De har Autoriteten jo;
og da den er paa Lærdom bygt,-
saa kan den følges blindt og trygt,
og hvordan Troen frem skal bæres,
af Lov og Ritual jo læres.” — —
Slik held han fram. Det er ein
Spott so grov, so utan all Naade, at
kvar verkeleg Provst kan vrida seg
unda og segja: det er ikkje eg; so
galen er eg ikkje; — men ”Systemet”
er der, og ”Meiningi er god.”
Systemet er i- alt stort det same
som det, me saag hjaa Futen. Alt
inn i same Munduren; Protokol og
Instruks yver alt; streng i Formerne,
”human? i Moralen, — og so litt
Lygn, naar det knip. ”Tru kva du
Ivil, naar du berre tigjer med det” —:
”Jeg vil, at De skal i Dem sluge,
hvad Deres Samfund ei kan bruge.
Behold det hele, hvis De vil, —
men luk det blot hermetisk til;
flyv, sværm, i Herrens Navn, indvendigt,
men ikke aabenlyst for Mængden!” —
Og ”af maa alle Kanter slibes,
og af maa alle Kviste knibes;
glat maa De være lig de andre
og aldrig nogen Særvei vandre;” —
— for Verdi er eit Kontor og Livet ein
Protokol og Mannen eit Løbenummer. —
At Ibsen ikkje hev gløymt aa spotta
yver den prestelege ”Offerhugen”, d.v.s.
Hug etter Offer, — det.segjer seg
sjølv.
Naar det gjeld um aa vinna Folket
— elder ”Hjorden”, som dei kallar
det; ”Vælgerfæet”, vilde væl Morgen-
bladet segja paa sit Kulturmaal —,
daa kjem Moralen aat desse Ide-
Berarar fram i heile sin Jammer.
Dei lyg, dei gjøler for Folkets ”lavere
Instinkter”, dei svertar Brand per-
sonlegt for aa faa Folket fraa han —:
”0 gaa dog i jer selv tilsidst
og se den sorte Helvedslist
bvyormed han Folket om sig flokked!”
segjer Provsten;
”Svig Presten; det er Ret og Pligt;
han daared jer med Tant og Digt” —
segjer Futen; ”hans Tro er vrang!”
segjer Provsten; ”han har daarleg Ka-
rakter!” segjer Futen; og no tek dei
til med personlege Utfall av all si
Magt: ”Hans gamle Mor forgjæves
vented, han nægted hende Sakramen-
tet!” ”Han fast tog Livet af sit Barn!”
”Af Konen med!” o. s. f. Og Provsten
samlar det alt i eit stort, ”kristelegt”
Rop:
”Slet Søn, slet Far, slet Ægtemand, —
mon værre Kristen gives kan?”
— Me kjenner det meste att fraa
Livet. — Det, som hjelper dei mest
i denne ”Valstriden” deira, det er den
Lygni, Futen set upp um den store
Fiskestimen. ”Vil de fylgja oss, so
fær de Mat og Mynt og gode Dagar; lat
so den Drøymaren og Folkeforføraren
gaa!” — det er det store Argumentet.
Og so lovar Provsten dei, at dei skal
faa slik mild og god Medferd, dersom
dei berre vil fylgja —:
”Vi ved, Vorherre er saa god;
han kræver ei uskyldigt Blod;
og vor Regjering er tillige
saa mild som knapt i noget Rige;
og Øvrigheden, Amtmand, Foget,
vil ikke gjøre jer det broget;
jer Overmænd. vil allesammen
med eder bo i Fryd og Gammen.”
Jau, det skal verta glade Dagar.
Gull og Sild og grøne Skogar; — ”og
kjenner de Hug til aa ofra, so kom
til meg næste Søndag,” segjer Provsten.
Men Futen lovar dei, at det skal verta
nedsett ein ”Kommission”, som skal
tenkja yver, kva der kann vera aa gjera
for aa hjelpa Folket fram i Upplys-
ning og Tru —:
”den bør bestaa af nogle Prester
som jeg og Provsten kalder til, —
desuden, dersom saa I vil,
af Klokker og af Skolemester
samt andre Mænd af Folkets Kreds. —
saa I kan slaa Jer fuldt tilfreds.”
Han er Byrokrat til det siste. —
Alle desse fagre Ord og Lovnader
hjelper etterkvart; Folket gjeng yver.
Daa segjer Provsten:
”Ak, dette vil forbedre Tonen.
Nu er i alt et Omslag nær;
thi Gudskelov, der noget er,
som bærer Navn af Reaktionen!”
— Det er ein fæl Spott.
Etterpaa snakkar dei høge Herrarne
seg imillom um dei Kunsterne, dei hev
brukt. Futen forklarar, at det um
Fiskestimen ”var en Løgn, naturligvis;
— jeg gav til Pris hvad Vrøvl mig
først i Munden faldt,” segjer han til
Provsten. ”Kan sligt vel lastes, naar
det gjaldt slig vigtig Sag?” spør han,
”Nei Gudbevares,” svarar Provsten;
% Nødsfald kan det godt for-
svares.” Og so kjem Moralen i En-
den som ein roten Rosin:
”Og desforuden, om et Døgn,
naar Folket atter faar sig sundet,
hvad gjør det da, om Seir blev vun-
det
i Kraft af Sandhed eller Løgn?
Der er Folk millom vaare ”gamle”,
som synest fylgja den Moralen enno.
«Kongen er fornøgd.*
So læt det no. Kongen hev voret
nokre Dagar her i Landet, og no er
han faren fraa oss att, og han hev
voret fornøgd med det, som han hev
høyrt og set. Ifjor sagde Formannen
i ”Novemberforeningen”, at ingen var
so hatad og vanvyrd og lastad her i
Landet som Kongen. No kom Kongen
hit, var baade her og der, og han vart
fornøgd med det, han saag og høyrde.
Er Folket fornøgt? Det er leidt
med det, men dei, som raader fyr
Storbladi, dei, som sit i Kongens
Raad og alle dei ”uniformerade” bryr
seg nok helder litet um det. Folket
bygde Landet; i gamle Dagar, og det
eig Landet; men Grunnlogi — eig det
ikkje. Det hev vaagat Liv og Blod
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>