- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
176

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FE

kvatlegt.
upp slik, fær nemleg so mange andre
Hugmaal, og so mykje annat ”moro-
samt” aa stella og stræva med, at um
han enn stundom fær høyra einkvart

176

»

Fedraheimen.

5te Noybr. 1881.

stengjing nyttar det ikkje. Ja det ser,
tidt ut til, at di meir dei gamle stræ-
var med aa halda Ungdomen ifraa slik
Vitskap, di verre gjeng det. Det,
som vert mest nedløynt, synest hava
ei reint djevelsk Magt til aa eggja og
lokka Ungdomen til seg. Og der er
altid dei, som lærer han det han treng
til aa faa Timdi av den Løyndomen,
han ikkje burde kjenna. Ja stundom
hev han ei syrgjeleg Gaava til aa
finna ut alt ihop sjølv. Og so hender
det, at Ungdomen endaa 1 dei reinaste
og stillaste Heimar, der det kanskje
aldri vert høyrt eit stygt Ord, gjeng
og vert løynlegt uppeten av vonde
Tankar. Det er so ufyselegt og fælt,
at Ein kunde ynskja, at Ein aldri
visste det.

Det er altso likt til, at den Ung-
domen er verst faren, som fær ei
streng, innestengd, t. D. pietistisk Upp-
fostring. Betre gjeng det med den,
som fær veksa upp nokonlunde natur-
legt, snart i Arbeid, snart i Leik, all-
stødt i Lag med Folk, og i Heimar
der Livet gjeng nokonlunde lett og
Den Ungdomen, som veks

stygt, so fengjer det ikkje. Dessutan
fær ein slik Ungdom ikkje Tid til aa
gjeva seg yver i vonde Draumar.
Han flyg og kavar i Arbeid og Leik,

til han er trøytt, og so sovnar han.

Paa den Maaten held han seg dess-

utan frisk, og ein frisk Kropp er ei

betre Hjelp mot usunne Tankar enn
nokon trur. Den Ungdomen, som veks
upp slik, kan nok verta ”vill”, og kann
i ”dei galne Aari” finna paa mangt
og mykje. som han skulde halda seg
ifraa; men signe meg daa for ein sunn
Ungdom, som ”rasar”, mot ein, som
gjeng og heng og sleng, sjukleg og
daud, og tærest upp av vonde Draumar.

Naar me hev sagt dette, so vil Ein
forstaa, at me legg meir Lag paa ei
sunn og naturleg Uppfostring enn
paa ”Prohibitiv- elder Forhindringsraa-
derne, som Fædrelandet trur so paa.
Me meiner med andre Ord, at hev me
ein sunn, sterk Ungdom, so vil ”natu-
ralistiske Bøker”, kor stygge Ting dei
so ”handlar um”, ikkje bita paa han.
Den sunne Ungdomen bryr seg ikkje
stort um aa lesa slikt, og um han
les det, so fengjer det ikkje letteleg
i hans glade, friske Natur; han hev
for mange andre Ting, som han held
av. Men hev me ein innestengd, sur
og sjuk Ungdom, som ingenting hev
aa halda av, og ingen Ting aa gleda
seg 1 utan sine eigne Draumar, — so
kann Eim lata dei lesa elder ikkje
lesa, selde er dei likevæl.

Endaa er det greidt, at dersom
Ein kunde halda den sjuke Ungdomen
burte fraa alle Bøker, som er usunne,
elder iallfall helst ”for vaksne”, so
vilde det vera det beste. Usunne Bøker
gjer naturlegvis vondt verre, naar gode
og høvelege Bøker derimot kan gjera
godt. Men Ulukka er, at for den
usunne Hugen vert mest allting usunni.
Og der er dessutan den Møda, at
skynar Ungdomen, at der er nokot han
ikkje maa lesa, daa skal han just

hava fat i det, — og so kann Ein gjæta
han so mykje Ein vil: han fær i det
likegodt. Og daa les han det med

dobbelt Hug og med dobbelt Skade.
Naar Ein veit alt dette, kva skal

Ein so gjera? — Ein skal gjeva Ung-
domen ei sunn og naturleg Uppfostring;
det er snart sagt det einaste, Ein kann
nemna. Gjer Ein det, og hev Ung-
domen ikkje fraa Foreldri ervt nokot
serlegt Drag til Synd, — so vil
Ungdomen klara seg utruleg godt sjølv,
og best utan ”Prohibitiv”raader.

Det kann høyrast vaaglegt aa segja
slikt. Men det er med dette paa same
Maaten som naar Ein slepper Smaa-
borni ut paa Viddi, berre dei er so
store dei kann stabba og gaa —: dei
klarar seg forunderleg, og det er just
paa den Maaten dei vert friske og
sterke. Er du derimot so rædd for
dei, at du stengjer dei inne, ja stoppar
dei ut baade her og der, for at dei
ikkje skal koma til Skades, so vert
dei aldri sjukare og armare enn daa.

Der er det gode ved Naturen, at
han læt Hugen og Krafti veksa no-
konlunde jamt. Kvar Alder hev Hug
til det, som han treng og toler, men
Uhug, ja Mothug, til det, som han
ikkje treng. Fær Ungdomen veksa
naturlegt og liva sunnt, so vil Bøker
um faarlege Ting vera det, han minst
bryr seg um, til dess han daa vert
vaksen. Dersom du er elder hev voret
ein sunn Ungdom, so veit du, kor reint
uendeleg det bar deg imot, naar raae
Folk ertad deg med Flskhugssnakk
elder med stygg Tale. Du vart ra-
sande, skamfull, reint ulukkeleg. Ikkje
stort betre likad du aa lesa um Elsk
og Kyssing og alt slikt; dersom du
forstod det, so var det deg ufyselegt.
Du vilde lesa um Kjempur og Drags-
maal, um framande Land og um store
Eventyr, dersom du i det heile skulde
lesa meir enn det du var nøydd til.
Det var med dette, som naar raae Folk
gav deg Brennevin elder Tobak: du
spydde. Naturen er ikkje so laak
Læremeister som Ein trur. Me inn-
biller oss, at me sjølve er so mykje
klokare, at me skal kunna ”hjelpa
Vaarherre”, som dei segjer; og just
so er det nok me, som føær læra av
Naturen, dersom me ikkje i vaart Upp-
fostringsarbeid skal gjera vondt ista-
denfor godt.

— Men naar Ungdomen vert vaksen?
kann Ein spyrja. Den Tidi er, meiner
Fædrelandet, den verste.

Ja, det er visst so. Men — me
maa svara som fyrr: er berre Ung-
domen frisk, so hev Naturen Raad for
Uraad her med. Kva er daa det for
ei Raad? Det er Kjærleiken.

Ein sunn Ungdom, som elskar —
og den sunne Ungdomen vil altid
elska —, er so godt forvarad mot Uliv-
nad og Styggedom, som eit Menneske
kann vera. Alt annat kann svigta;
”Grunnsetningar” og ”Visdomsreglar”
ryk kanskje som Halmstraa, og sjølve
Trui kann tapa si Magt, naar Syndi
i Ungdomstidi stormar paa. Men elskar
Karen, so vil eg mest vaaga han. Det
einaste er, dersom han ikkje fær den
han vil hava; daa gjeng det stundom
galet. Men den grunnfriske Naturen
vil for det meste snart reisa Rygg att.

e-

Til alt dette kann Ein svara, at
Ungdomen er ikkje lenger sunn. Tidi
fører det med seg. Verst er det i
Byarne, der Gutarne gjeng i Skule
fraa dei er 6 til dei er 20 Aar, og
les seg forderva, og der Gjenturne
snart les likso mykje. Kva nyttar det
so aa tala um sunn Ungdom?

Nei; men kva nyttar det aa tenkja
Prohibitivraader? Byarne hev iallfall
sine Leigebibliothek —! Er det so,
at Byungdomen er sjuk, so skal Fæ-
drelandet hjelpa til med aa faa Upp-
fostringsverket umstellt; for det
vil vera eit Gagnsverk. Men naar det
fører Krig mot ”Naturalismen”, so er
det ingen, som lær meir aat det enn
nettupp Ungdomen.

For naar dei unge fær høyra, at
naturalistiske Bøker skal vera so ”faar-
lege”, og naar dei daa ikkje i seg
sjølve hev den Motstandskraft, som
ein frisk Natur og sunn Elskhug gjev,
— so vil dei just leggja seg etter
aa lesa desse Bøkerne. Ja um dei so
skulde maatta læra Fransk, som dei
sjeldan kann, endaa alt det dei les,
so vilde dei gjera det for aa faa lesa
”Nana”; — no kann dei faa ”Nana” paa
svensk, som Fædrelandet visst veit.
Og prøv so aa hindra dei i aa lesa
henne, naar dei høyrer, at ho skal
vera ”faarleg”! —

Vaar Meining er, at den naturali-
stiske tDiktningi ikkje er usedeleg.
Og endaa vilde me aldri ynskja, at ei
Bok som ”Nana” vart lesi av andre
enn fullvaksne Folk. Ikkje fordi ho
i Grunn og Tanke er usedeleg, men
fordi ho er ufysi. Ho skildrar Syndi
slik, at kvar nokonlunde sunn Lesar
fær den verste Avsmak for henne; ja
me vil sjaa paa den, som les ”Nana”
og ikkje sputtar. Du vert elgjen av
slikt; du fær vond Smak i Munnen;
det er som Boki er full av vond Lukt.
Me vil ikkje snakka um, at ho er
kjeidsam, so dei fleste vert leide av
henne fyrr dei hev leset Helvti. Aa
lesa ei slik Bok vil ikkje letteleg for-
føra dei unge til Synd; men det vil
skjemma ut so mykje fagert for dei,
so mange ljose Draumar; det er una-
turlegt for Ungdomen aa vita, at Livet
kan vera so styggt og Folk so raae.
Dei yil verta sjuke og magtstolne av
det. Ein skal vera litt gamall og
beinhard, fyrr Ein toler aa verta so
”desillusjonerad” elder vribbad for
Draumar. No er det vaar faste Tru,
at dersom ikkje desse gamle ,Morali-
starne”, slike som Fædrelandet og
andre, laag og skreik ut slike Bøker
og snakkad um, at dei var so ”faar-
lege”, so vilde det berre vera overlag
faa, som las dei. Og minst vilde dei
unge lesa t. D.”Nana”, um dei so var
litt ”sjuke”, dersom ikkje det Skriket
var. Me hev sannt aa segja ikkje
høyrt nokon lesa denne Boki — utan
boklege Fagmenn daa"—, som ikkje
hev vortet eggjad til aa lesa henne av
alt Skriket. Helder ikkje hev me høyrt
nokon, som hev funnet henne ”moro-
sam”, naar dei hev leset henne. Det
er ”Moralistarne” som hev gjort denne
Boki kjend. Slik gjeng det altid. Di
meir Moralistarne skrik, di fleire er det
som les. ”Prohibitivsystemet” er det
daarlegaste av alle. (Meir.)

Di,
å

Kristiania, den 4de Novbr.

Det dramatiske Diktet ”Tartuffe"
av den franske Skalden Moliöre, som
hellest hadde Namnet Jean Baptiste
Poquelin (fødd %’, 1622 i Paris, daaen
der *7/1. 1673) heve alle Tider voret
haldet for det beste Stykkjet hans og
for eit Meisterstykkje av sit Slag, so
ingjen heve set Makén til det. Det
legg fram for Lesaren og Skodaren
Jesuitmoralen i si rette Vis og av
klæder Hyklarskapen elder Skrymt *
den fine Hamen, som det sveiper seg
inn 1, og steller os fram for Augo eit
slikt falskt Heilagmenne i heile sin
stygge Skikk. Det er nokot sveiplik*

det Stykkjet av Ibsen: ”Samfundets
Støtter.”
Moliöre skreiv ”Tartuffe” i 1664.

Stykkjet vart uppført i Kongsgarden
hjan den megtige Ludvig XIV. Mo-
liere stod seg vel godt hjaa denne
Kongen. Han hadde so ofta moroat
honom med alle sine gjilde Lystspel,
og vart likat av honom, fyredi han
hadde refst Lasterne hjaa Folk baade
høgt og laagt.

Men med ”Tartuffe” gjekk det ikkje
so godt. Kongen sjølv hadde væl
ikkje nokot imot det; men han hadde
sine Lunor maavita, og det jesuitiske
Presteskapet hadde kjent kor hardi
det raamad deim. Difyre lagde i
seg saman, gav ut Skamskrifter m-
det og reiv det ned paa alle Maatui
og fekk Kongen til aa negta Mo-
lere aa faa trykt Stykket og via
det upp paa Skodeplassen. Det hjelpte
ikkje, at Moliére gav inn til Kongen
ei Bønskrift i 1664. Han maatte venta
enno i fleire Aar. Til Slutt" kom
Kongen 1 godt Lag etter ein Siger i
Flandern; og han var kanhenda ei
Stund vill paa Jesuitarne og Paven.
Ei Tid etter at Moliére hadde gje-
vet inn ei ny Bønskrift, fekk han i
Febr. 1669 Lov av Kongen aa gjeva
det ut og lata det føra upp paa Sko-
deplassen. No fekk det slik Lykke
og so mykje Lovord av Folket, so
det tyktest aldri verta Ende paa det.
Det vart uppført 44 Gonger i Slag,
og maatte berre stana, daa Paaske-
helgi kom. =Stykkjet er umskrivet
utallege Gonger paa alle Maal i Europa,
som hava nokon Bokavl.

Av Menn, som vyrde dette Stykkjet
yver all Maate, skal me nemna Keisar
Napoleon I og den store tyske Skalden
Göthe.

”Tartuffe” liksom dei andre Stykkje
av Moliere hev i mange Maatar voret
Fyrebilæte for Holbergs Lystspel.

Idag er det politiskt Møte paa Toten.
Dit kjem Bjørnson, Arvesen, Albert
Jacobsen, Erik Vullum.

Folkevæpningssamlag er det noi mange
Fylke. Sist er der skipa eit i Raume-
riks-Fylket (Akershus), og snart vert det
nok eit i Borgesyssel og.

I Belgia hev dei frilynde vunne i ,
Heradsvali.

I Frankrike vart Tinge opna her um
Dagen. Gambetta vart vald til-Formann
for det fyrste, men det gjeng ikke mange
Dagarne, fyrr Ministeriet, som no er,
tek Avskil, og so kjem Gambetta til
aa vera Hyrstemann i det nye.

Vali i Tyskland hev gjenge imot Bis-
mark. Der er valde fleire Katolikar og
fleire frilynde enn fyrr, men mykje
mindre av dei nasjonal-liberale og Riks-
partiet.

I Grekland skal det haldast Val um
Nyaarsdagen.

sNordmanden*
udkommer hver Torsdag (ofte med Tilleg)
og koster med Postpenger 83 Øre Kvartalet
Kan tinges paa alle Posthus.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free