Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
Fedraheimen.
12te Novbr. 1881.
tærar. Soleis æ der eit Kvende in-
mæ Avranches, som hev 1200 Livr.
1 Pension, fordi ho ”mange Gaangur
ha tekje imot ein Oberst ve Bore sitt.”
Nokle av desse underlege Pension-
arne av likso underlege Grunnar veit
alle bare va eit Skalkeskjul ti aa
løyne burt, kor Folksens Pening blei
av. Dei gjekk nok mest ti Hoffe, som
inki spara fyr seg paa nokon Maate.
Bare fyr aa nemne eit: Hofhorurne
kosta unde Ludvig 15 Frankrik likso
myki som Krigskostnaden i den seiste
fransk-tyske Krig!
Sia la" Hr. Camus fram ei onno
Bok, Gaave-Boki (livre de traite-
ments), som æ ein Veslebror ti ”raue
Boki”, aa liksom den innehelle ei
Liste yve Hoffes aa Ministrarnes skam-
lause Burtøyding av Landsens Medel.
Dæ var ein i Nasjonalforsamlingi, som
spurde liksom for Spøk: kot Bind hev
den Boki? ”Folksens Blod"! svara
Barnave med Harme.
Her æ mange godslege Folk, som
”helle seg ti dæ dei hev høyrt,” aa som
meine alt gamalt æ so godt. Lat dei
tenkje yve dette, som her er fortaalt.
Bare dette vesle. — Den ”raue Boki”
er ei stygg Bok; men lærerik er ho.
Me takkar fyr, at ho æ komi fram.
D’æ sant at Revolusionen gjore ymse
galne Grip. Men tek Ein alt mæ i
Rekningji, maa Ein nok helst undrast
paa, at han inki gjore fleir. Lat kon
koma ihug for ein likelaus Floke av
gudlause Kjeltringstykke han ha" aa
reida upp i! Mot Prestarne var han
har, sei dei. Men hae Prestarne for-
tent det likare, — slike Prestar? Les
Historia aa døm. Prestarne, som
skulde læra upp Folki i kristeleg Tru
og god Skjikk, førde sjave eit Liv,
som var reint forargelegt, ov-aat, ov-
drakk og heldt heiltupp Horehus paa
Slotti sine. + Dei maatte inki gifta seg,
maatru; de va nok for ”folkelegt”, de;
men dei tok de att paa annan Maate.
Aa so skulde Folke betale for Uliv-
naden deires. Folk maatte tilslutt
bli leie. —
”Stig upp ti Himmels, du aller-
kristelegaste Konge aa Son av Lud-
vig den Heilage!” sa Presten ti
Ludvig den 16de, daa han vart hals-
hoggen. Denne Ludvig den 16de va
ein Ov-etar, ein Drikkar, ein Horkarl
og ein Meinsvoren. Ein Floum av
uskulligt Blod velte han ut yve Frank-
rig ved de han vart Fedrelands-Svikar
aa fekk Europas Kongar ti aa sende
Krigshær paa Krigshær inn i hans eigi
Land aa sende Pæning i Haugevis for aa
narre veike Sjælir ti aa svike Lande sitt.
Men Ludvig 16de va heilag like godt,
aa Martyr for Guds Sak, sa Prestarne;
— aa ja, eg hev høyrt Prestar, som
segjer dette enno.
Lat dei skjelle paa Revolusionen,
dei gjer ’ki anna, mæ dei gjer de;
men de ska bli kjendt, aa godkjendt
mæ Takk, at mæ alt det galne han
gjorde, so er det likevæl fraa 1789,
at me kann rekne den nye Fridomstid.
— Revolusjonen gjore myki gott.
Han dømde, at alle skulle vera
like for Loven; at mi Friheit tryt,
der Nestens byrjar; at ein Mann inki
ska vera ærelaus, fordi um han æ
fatike. Han dømde, at Staten va
pligta ti aa uppfostre blinde aa dauv-
stumme Born, likeeins moralsk forkomne
aa foreldrelause. Friskular vart til-
budde, Asyl uppstelte, Aalmenskular i
kvart Herad tilskipa. —Peningstelle
vart sett paa Fot, so den aallmenne
Kredit steig ette den lange Fallit unde
Kongedøme. Der vart uppretta vel-
gjerande Samlag ti aa hjelpe Folk,
Mennar som Kvende, friske aa luftige
Sjukehus, polytekniske Skular aa an-
dre vitenskapelege Innretningar.
Nationalkonvente utstedde i de
Heile 11,210 Paabod (Dekret), ein Tre-
djepart av desse va serleg franske, men
dei tvo Tredjeparterne kaam heile
Mannsætti tilgodes.
Revolusjonen avdømde Slavehande-
len, preika Brorskap, gav Mannen atte
sine Rettigheiter, undergav Samviti
Loven, insette Arbeide i sin Rett, aa
gav kvar Mann Lov aa forkjynne sine
Meiningar fritt aa aapenskaat. Dette
maa me au minnas, naar me vil døme
Revolusjonen.
Malm-Haande.
Ingen hev høyrt merkjelegare Hen-
dingar hell dei, Henri de Latude upp-
liyde. Han vart, rimelegvis uskullig,
dømd ti ævelegt Fengsel av Ludvig
15. Der sat han aa vansmegta i ein
av dei djupaste Kjellarar i Bastil-
len i 37 Aar mæ Jern-Lekkjur um
Halsen aa um Føtarne. Han arbeidde
1 aarevis paa aa ryme; dæ æ utruleg
men sant, at han verklege fekk de ti
seiste. Aa, fyr eit Arbeid, fyr eit
Tolmo, fyr Viljemagt! Han arbeidde
seg gjenom Murar yve 15 Fod tykke,
gjore seg ein Stige yve 300 Fot lang,
aa so kaam han ut, — men vart gri-
pen aa laut i Fangehole paa nytt.
So blei han frelst liksom ve eit Under,
daa Bastillen vart nedriven aa øyde-
lagd.
Latude vart fri aa gjekk no
ikring i Paris og saag seg um. Der
sto Ludvig l5de støypti Malm mæ eine
Armen utstrekte liksom ein romersk
Keisare; — de va den Haande, som
eigong ha underteikna Domen for
Latude. Eg tenkjer Latude lo daa —:
”eg æ ennaa 1 Live aa ser Guds vene
Sol, men Kongen æ Mold!
Revolusjonen slo sund alle Konge-
Statyar, alle desse Monument støypte
av Folksens Merg og Blod, desse Træl-
domens Triumfar. Dei vart malne
smaa; men Årmen og Haandi has Lud-
vig 15 vart spard. —Kot vill dei mæ
den? Ein heil Flokk, gla yve den
attervundne Fridomen, gjekk i Rekkje
aa Ra (Processjon) mæ Malm-Haandi
ti de Huse, der Latude budde. Der
la dei ho ne, aa forærde ho ti
honom. — —
Henrik den 4des Staty sto lengst.
Han ha" i somt vori ein god Mann,
aa desutan vart han drepen uskulligt,
meinte Folke. Men — Sanningi kjem
upp tilslut. Aa so laut Stytta ne, aa
vart sundslegi aa trødd unde Føtar.
Aa Folk tala seg imillom: Ravaillac
var ingen Skarv —: han drap Hen-
rik 4, fordi Kongen ha" vanæra
Syster hass aa so jaga ho fraa
seg. — (Meir).
«Kongen er fornøgd.*
(Slutten.)
Eg hev lenge vonat, at Kongen
skulde verta fornøgd — av dei Raad-
gjevararne, som han hev, og budde
Kongen her i Landet, vilde det vel
ikkje drygja so lenge helder, for daa
vilde han snart sjaa, korleids rette
Tilstandet er her. Men no — me veit
Kongen vil gjerne vera elskad,-Kong
Oskar vil vera vensæl. Det er fleire
Merke paa det. Eg veit ikkje um
Kongen er elskad, men er han det
ikkje, so er det Raadgjevararne hans,
som er Skuld i det, baade dei i Styr-
ingi og dei utanfyr Styringi. Sjaa
korleids dei hev stellt fyr han. Kon-
gen visste fyrr truleg ikkje um nokot
absolut Veto i Bevilgnings-Saker, for
daa hadde han vel brukat det i 1875
mot Jarlsberg- og Vosse-banen. I den
Saki hadde han Sverdrup og Morgen-
bladet med seg. Men han brukad det
ikkje, for han visste vel ikkje, han
hadde det. Men no hev Raadgjevararne
lært han det. Kongen vilde truleg
sanktionera Statsraadssaki ifjor, og det
var vel difyr han kom til Norig ifjor
Vaar. Men daa han so kom hit, so
fekk Raadgjevararne hans han paa an-
dre Tankar, og det vart ikkje nokot
av, og i Stellet lærde dei han absolut
Veto i Grunnlogsaker. So vilde Kon-
gen, so vidt ein kann skyna, hava ei
Utsoning med Stortinget og vilde gjera
Sibbern til Statsminister — men so fekk
Raadgjevararne hans han paa andre
Tankar, og han tok Selmer. Sidan
sagde ein av Novembermennerne 1 of-
fentlegt Møte, at Kongen var hatad
og svivyrd og lastad meir enn nokon
annan her i Landet; ved same Leitct
vart Kongen sjuk, kannhenda sjukare
enn han hadde vortet, um ikkje dei
stygge Ordi fraa hans ikkje-offisielle
Raadgjevarar hadde komet att fyr han.
Ein kann lett tenkja seg, kor vondt det
laut vera fyr ein Mann som Oskar aa
høyra sovorne Slengjeord. So kom han
hit i Haust, og mange baade Nord-
menner og Svenskar trudde, at Kon-
gen no fyr Aalvor vilde faa ei Utso-
ning istand, men so er Raadgjevararne
hans paa han att og steller. det slik,
at Kongen paa ei Godvedrs-Ferd ikkje
fær sjaa Folkemeiningi. Dei konser-
vative tek imot han med svenske Flagg
jamsides med norske, svenske Natio-
nalsongar jamsides med elder fyre dei
norske, og det ser ut som Kongen aldri
hadde voret meir elskad enn no, og
som Nordmennerne aldri hadde tenkt
mindre paa Sjølvstendet sitt enn no.
Kann so Kongen sjaa, kvat Folket
meinar i denne Tidi? So kann det
vera daa med Utsoningi so lenge, detta
Storhinget, som no er, er ikkje eit Ut-
trykk fyr Folkeviljen, segjer November-
folket, so skal dei sjaa, korleids det
gjeng med dei nye Vali. Alle no veit
det, at desse vert endaa meir frilyndte
enn fyrr, men Raadgjevararne, iallfall
dei ikkje-offisielle, veit Raad. Dei vil
no hava Kongen paa den Trui, at han
fær alle retttenkjande Nordmenner med
seg, um han brukar Magti. Fædre-
landet, med Bibelspraaket paa Panna
liksom Farisæararne, hev prentat, ”at
Kongen tilsidst bliver nødt til at hævde
sine Rettigheder med Magt.” ”Natur-
ligvis,” stend det og. Soframt Stor-
tinget ikkje gjeng med paa det abso-
lute Veto, segjer Fædrelandet, vil Kon-
gen ”naturligvis” bruka Magt. Slike
Tankar set dei Kongen paa. Truleg
lyder han ikkje etter dei. Men han
er eit Menneskje han og, og det kunne
henda, endaa me trur det ikkje. Men
brukar han Magt, so møter han Magt,
det veit alle. Ein Konge, som i vaare
Dagar vil bruka Magti, kann ikkje
styra.
Fyr 8 Aar sidan for Kongen som
i Triumf gjenom Landet. 7 Aar etter
let det so, at han var meir hatad, van-
vyrd og lastad enn nokon annan. So
fallne Ord hev ikkje voret sagt her i
Landet sidan Svein Alfivasons Dagar.
So vise Raad hev dei gjevet Kongen.
Han hev visst og sant god Grunn til
aa vera fornøgd — av Raadgjevararne
sine. Endaa det truleg berre var Tøv,
det som cand. jur. Guldbrandsen, For-
mand i ”Novemberforeningen”, sagde
um Kongen, kann det likevæl eingong
verta Sanning. Me veit, at det er
Aschehoug, Birkeland o. fl., som er
Skuld i heile Ugreida, men Soga kann
koma til aa døma annarleids; for ho
vil knapt faast med aa minnast anten
Aschehoug elder Birkeland.
Kristiania, den llte Novbr.
Saki mot *Fædrelandet*, Daa Fædre-
landet ikkje vilde forlika seg, vart Saki
vist til Retten, der ho no skal upp fyr-
ste Gongen Laurdag l2te ds.
Christofer Bruun heldt um Tysdagen
Foredrag i Arbeidersamfundet om vore
(ortodokse) Teologar. Han vil heretter
tala oftare. Han vil fortelja Jesu Liv
slik at det spreider Ljos yver det aa
”levya for Ideen” 0: for dei edle Tankar.
Dr. €. Brandes talad igaar um Bjørn-
stjerne Bjørnson i Festsalen paa Uni-
versitetet. Imorgon (Laurdag) talar han
um Henrik Ibsen.
Heradsval vert no haldne mange Sta-
Dei frilynde vinn jamnt.
Paa Tetens-Møtet var der ved Lag
500. Mot 7 Røyster vart det vedteke
Resolusjon for 9de Juni Avgjerdi. Vul-
lum talad og Jacobsen og Bjørnson og
Arvesen o. fl. Paa hi Sida stod Selboe
og Sakførar Moss.
der.
Retting. I Nr. 44 paa fyrste Sida 7 ie
Spalte 6te Rad stod: Stokk og Sko — det
skulde vera: Sokk og Sko.
Lysingar.:
Det norske Samlaget.
Under Prenting er 1ste Bandet av Å. 0.
Vinjes utvalde Skrifter. Boki kjem vonleg ut
til Jol. Dei, som skriv seg inn i Laget fraa
1 Jan. 1881, fær denne Boki, Lauvduskar IV
og 3 andre Bøker (Kristi Efterfylgjing, No-
rigs Soga, Storegut) fritt sende i Posten fyr
4 Krunur. Fyr andre vert den fyrste Boki
aa faa i Bokbuderne og hjaa Kasseraren,
Lærar Halv. Johanson, Lykkjevegen 11,
Kristiania, etter 20 Øyrur Arket elder Kr.
5.60 å Kr. 6.00. — Norigs Soga” vil etter
Nyaar verta aa faa til nedsett Pris: fyr 80
Øyrur hjaa Kasseraren.
Moliere’s , fartufie"
Å
kjem i norsk Umskrift i yPedraheimen*
i dette Kvartal. — ”Fedraheimen” kostar
Kr. 1.10 for Fjordungaaret og kan tingast
paa alle Posthus og i Brev til ”Fedrahei-
mens” Ekspedition, Kristiania.
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>