Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
1881
Den store Striden fraa 1880 heldt fram.’’Kongemagti heldt fast paa den Trui, at ho kunde hava Rett mot Folkeviljen; Storthinget sagg, kor dette bar av og heldt trufast paa Folkets Rett og Grunnlovens Meining. Aldri hev væl ei Regjering havt det verre, en den Selmerske hadde i 1881 Ingenting fekk ho fram; Tillit aatte ho ikkje; kom ho med Lovforslag, vart dei kastade elder "burtlagde", vilde ho hava Pengar, var det for det meste Nei. Ho kunde ikkje eingong faa Giftarmaalstilleg til Krunprinsen. Det einaste ho kunde, var aa segja Nei, og det gjorde ho daa, badde naar ho hadde Rett til det, og naar ho hellest tottest Raad vera. Ho vilde "visa Folket, kven som var Herre i Huset", som Mannen sa, daa han laag under Bor det. Inn i Thinget vaagad ho seg ikkje, endaa ho visste, at dersom ho hadde gjort det, so hadde Thinget strakst vist henne mykjet større Tiltru.
Thinget arbeidde strengt, for det hadde mykje aa gjera, daa det meir og meir maate taka heile Styret. Daa Regjeringsflokken saag, at han ingi Magt hadde i Thinget, gav han seg sil aa driva "Obstruksjon". Det galdt aa hala ut Tidi, so at Ein sidan kunde segja, at Thinget hadde sitet lengje saman, men litet gjort. Og regjeringi hjelpte til med umoglege Framlegg og med Veto i Aust og Vest. Thinget gjorde det eine gode Verk etter det andre: serleg maa Ein nemna Hærloven aa Røysterettsloven: men Regjeringsbladi hev heile Tidi sidan songet paa den Visa, at Thinget sat lengje saman og gjorde litet*). Det gjeld um aa døyva og drepa Folks Vyrdnad for Nasjonalforsamlingi; stort annet veit Høgre ikkje aa gjera no. Og endaa hev ein av deira eigne for faae Aar sidan sagt, at det aa "nedbryde Agtelsen for Nasjonalforsamlingen er den daarligste Gjerning, som kan gjøres i Norges Land"
Men det viste seg i Aar meir enn nokongong fyrr, at Folket sted paa Storthingssida, og at det veit, kva det vil. Dei mange Folkemøti og dei mange Adressurne viser det. Det same kann Ein sjaa av Heradsvali, som paa dei fleste Stader er plent frilyndte. Og endaa hev Høgre aldri drivet sterkare paa med sin Agitasjon og si "sunne og sanne Upplysning" enn just i Aar.
–-
*) Sjaa Arsutsynerne i Aftenbladet og Aftenposten
Folkemøti er merkjelege i fleire Mattar. Me hev havt politiske Møte fyrr; men det hev helst voret StandsMøte um Stands-spursmaal; sjølve Bondeven-Rørsla hadde ein Svip av dette. Det var daa og naturlegt, og paa sin Maate godt. Men i 1881 fekk me Folke-Møte um Riksspursmaal, altso reine politiske Møte. Det var um Grunnsetningarne for Riksstyret, Folk talad paa desse Møti. Det var um Folkesuverænitet elder Kongesuverænitet, um Fridom elder Trælldom, dei skifte Ord. Naar Folket i det heile er so langt komet, at det forstend og hev Sans for slike Spursmaal, so kann Ein segja, at det hev komet til politisk Mannsvit elder er politisk vakset. Det hev komet so langt, at det i full Sanning og med klaart Medvit kann taka til aa liva eit politisk Liv. Det hev funnet den politiske Traaden, so no gjeng det ikkje letteleg i Mist. Det veit aa skilja millom Fridom og Ufridom. Politikken hev vortet so greid og dei politiske Motsetningar so klaare, at kvar mann kann vita, kor han hev sine Folk og kven det er, han ikkje maa fylgja. Grunntanken i vaar Forfatning, Folkesuveræniten, hev "gjenget upp" for det norske Folk.
Folkemøti hev voret ein sann Borgar-Skule for Nordmennerne. Politisk Upplysning og politisk Sans kann aldri spreidast og vekkjast betre enn gjenom dei Og no, daa Folket hev lært dette, vil det halda fram med slike Møtte. Det vil gjera somFolk i andre politisk framkomne Land: møtast med Repræsentantarne sine millom Thingmøti og forhandla med dei um alle vigtigare Dagsspursmaal. Daa fyrst vil det "repræsentative System" vera full Sanning. Folket vil læra aa kjenna dei menn, som det sender avstad i sine største Ærende, og Thingsmennerne vil allstødt vita, kva Folket vil og ventar av dei. Daa vil Storthinget i full Sanning vera Folkets "Framsyning" elder Ærendsmann, og daa kjem Parlamentarismen av seg sjølv; for eit slikt Storthing vert so sterkt, at det vil vippa kvar einaste "Statsminister", som trur seg sjølv visare og sterkare enn det Folket, han skulde tena.
Men hev Folket i det heile komet etter, kva det meiner og vil, - so lyt Ein segja det same um Bakstrævet.
Det gjekk yver Rubikon den Dagen, daa det vedkjende seg det absolutte Veto. Mange trudde, at det absolutte Veto ikkje var so faarlegt; for kunde ikkje Folket vera fritt, fordi um det gav Retten yver Grunnloven? Og Høgrebladi og Kyrkjebladi*) skreik upp i fult Kor um, kor "jesuitiske" Fridomsmennerne var, nar dei sagde, at "absolutt" Veto førde til "Absolutisme". Men utetter Aret viste det seg, at Fridomsmennerne hadde havt Rett. Høgre hadde lært Veto i Grunnlovssaker; det gav seg i Rettfylgd av det til aa læra Veto i Pengesaker.**) Og det sluttad med endefram aa fornegta Folkesuveræniteten og forkynna Kongedømet og Byraakratiet av Guds Naade*) Det heilage Kyrkjebladet Luth. Ugeskrift sagde beint og greidt at "dersom de moderne Frihedsprinciper fremdeles fik radde i vort Samfundsliv, saa vilde Samfundet gaa imøde et nyt Kaos" og Fædrelandet, Morgenbladet,Budstikken og Thr. Andresse Prøvde aa skræma Folket med, at Kongen "naturligvis" vilde brjota sin Eid og bruka - Magt. Dei kunde ikkje "overvinde sin Frygt for", at slikt kun de henda, sagde dei. – Men samstundes som dei laag og vov i desse reint revolusionære Draumarne, arbeidde dei av all Magt imot, at Folket skulde "væpna seg." Dei var rasande galne baade paa Storthingets nye Hærlov og paa Folkevæpningssamlagi. Folket burde ikkje væpna seg for aa verja sin Fridom.
- So lang kom Bakstrævet paa eit einaste Aar, daa det fyrst hadde godkjennt det absolutte Veto.
Og det prøvde aa faa Folket med seg paa sin Meiningar. Det preikad kvar Dag mot "Talmajestæten". men vilde likevæl sjølv gjerna hava "Folkets Fleirtal" med seg; det preikad kvar Dag mot Folkemæte og "umreisande Agitatorar" ikring. Det var Novemberlaget, som fekk dette istad etter Paalegg fra Morgenbladet. Men Novembermennerne trode sjeldan elder aldri halde frie Diskussjonsmæte; det vart Mæte av "Meiningsfæller", som samlad seg for aa styrkja kvarandre i Trui, elder, dersom det skulde vera
––
*) Luthersk Ugeskrift i sine politiske Artiklar um "Pressen og Vantroen."
**) Budstikken visste endaa i Februar 1881 ikkje, um Kongen hadde bevilgningsveto; det maatte fyrst "anstille en Række af Undersøgelser" (!), fyrr det kunde segja nokt visst um den Ting. Men ein Maanads Tid etter var det ferdigt med sine "Undersægelser" og tok so paa av full Hals aa forkynna Bevilgningsveto elder Veto i alle Sakker, som ikkje var serlig og endefram undantekne.
"Frie Møte" so vart dei "frie med Modifikasjon." Og i slikt Tilfelle var det nok ikkje Novembermennerne som vann. Det gjekk i det heile so laakt med desse Novembermøti, at daa dei hadde haldt 8 av dei, so sluttad dei, og Morgenbladet gav seg paanytt til aa preika mot Talmajestæten og Folkemøti og dei umreisande Agitatorar. Og i sitt Sinne yver, at Folket ikkje vilde lata seg styra av Grosserar Gullbranson elder Professor Getz, skjellte Morgbl. Folket ut for aa vera "utruleg faakunnigt" og burtiveggjerne dumt.
– Men Folket hadde lært aa "kjenna sine Dyr," og det kastad Novembermennerne, kor det kunde, og upprettad det eine Folkevæpningssamlaget etter det andre. Og der det noko Ting som er viss, so er det den, at til Sumaren vil det velja eit gjenomliberalt Storthing.
––––––-
Maalsaki vann eit stort Steg fram i 1881. Ho var fyrr godkjent som literær Sak*) og Skulsak av baade Storthing og Regjering; i 1881 vart ho like eins godkjentd som folkelag Upplysningssak. Thinget gav Pengar til ei billig Upplysningsbok paa Norsk i Norigs Soga og til ei Fyrebuing av ei norsk Bihelumskrift; og Regjeringi vaagad ikkje aa gjera Krangel her. Derimot gjorde Regjeringi seg paa Tverke, daa Storthinget godkjende "Maalet" som ei aalmenn Vitenskapssak; den norske Regjeringi vilde ikkje hava noko Proffesor i Norsk ved den norske Høgskulen.
Men dermed skal ho knapt vina langt. -
"Det norske Samlag" tok til med aa gjeva ut Vinjes Skrifter. Fedraheimen heldt seg uppe og gjekk fram trass i alle heilage Freistingar paa aa tyna han med Forkjetringskunster og Lyng **) Molières namngjetne "Tartuffe" vart for fyrste Gongen umsett paa norskt Landsmaal. Ei ny Forteljing for den store Aalmenningen kom ut. Vestmanlaaget fekk skrivet ei ny Bibelsoga for Skulen, som vist snart er ventande; O. J. Høyem fekk ferdi si store Bibel- og Kyrkjesoga etter Tang Muller, men maate so des-
*) Jansons Diktarløn.
**) Vestlandsposten hev enno ikkje rettat det, det eingong hev latet ein namnlaus Kristianiabrevskrivar fortelja, at Fedraheimen i seinare Tid hadde vortet like fram "Organ for Fritenkjarskapen og Gudsfornegtingi." Den fær daa bera Ljungarnamnet, - so lengja den sjølv finn for godt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>