- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
13

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

————>>OOE> ODD ———

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyrcaat.

Fit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 4.

Kristiania den 28de Januar 1882.

6. Aarg,

ETTE TERRE ETTE TT TETTESTE TT TT NETTET OTTER

Den ville Rosa hell Speiaren.

Forteljing fraa Amerika av
Mabel Frothingham.

2. Stykkje.
Eg talar med Sydney.

Daa eg hadde ete Dogurden Dagjen
etterpaa, sae eg eit Par Ord til Nelly,
og gjekk so burt til Sydney og vilde
fortelja ho, at eg ikkje vart med paa
Ferdi.

Mor hennar var Enkja og budde i
eit lite nett, men helder gamaldags
Hus i Utkanten av Byen. Det høyrde
eit stort Gjorde til det, og næst ved
Huse var det ein Grasvoll — mjuk og
grøn um Sumaren, som dei plar slaa
Kroket paa.

Daa eg kom so nære, eg kunne
sjaa Huse, saa eg ein liten Hop med
Ungdom paa Vollen paa Framsida av
Huse, som helt paa slo Kroket. Millom
dei saag eg Gjenta mi, og -— store
Himel! ser eg rett? — nei! — jau!
det er Charles Howt.

Hans Hovud og Sydney sitt er nær
i Hop — dei samraadest um eitkvart
i Leikjen — so fortalde ho meg sidan,
og avdi dei snudde Ryggen aat meg,
saag dei ikkje at eg kom, og eg gjekk
ikkje fort helder, for eg vilde tenkja
meg um.

”Vil det vera klokt” spurde eg
meg sjølv, ”aa lata Howt taka min
Plass paa Ferdi?” og eg vart reint
galen, daa eg saag, kor umogelegt det
var aa hjelpa det, mindre eg kom sjølv.

Eg skulde haft Lyst til aa gjeva
meg i Trætta med Sydney fyr hans
Skuld, men eg kunne kje finna noko
Tilfelle til det, for det var kje ho, som
hadde bode han, men Veezey, Farbror
min, -— Pokkeren take han!

Det kunne kje nytta noko aa beda
Farbror umraa seg, for det var eg viss
paa, han ikkje vilde gjera paa nokon
Maate, og so var han alt boden au,
og ber var ei av Verkningarne.

Charles Howt hadde haft Tiltak
nokk til aa koma so tidla um Morgonen,
paa ei Tid, daa eg hadde venta aa
finna Kjærasten min ledug, og dei helt
no paa tala um den Hugnaden, dei
vona seg paa Ferdi, det var eg viss paa

No lest dei likvæl slaa Kroket, og
etterpaa, daa ein av Ballarne, som
Frøken Howt slo til, trilla burt imot
meg, fekk dei sjaa, at eg kom yve
Grasvollen fraa Gata.

”God Morgon, Hr. Veezey,” ropte
ho, ”kom og slaa Kroket med oss.”

”Mange Takk,” svara eg, men det

er for varmt til slikt Arbeid. Um eg

g

fær Lov, vil eg setja meg i Svoli og
sjaa paa Leikjen.”

Frøken Howt lo og kalla meg ein
Leting, med dei andre kom og helsa
paa meg — so nær som Sydney og
Charles Howt.

Kjærasten min sto der — hadde
sett fram ein naudfin Fot og ein Ball
ved Føtarne, Klubba laag paa Herdi
med eit sorglaust Ynde, og ho tala
med Howt, men endaa ho gav meg
ein liten Nikk og ein Smil til Helsing,
so flutte ho seg likvæl ikkje fraa
Flekkjen.

Det var verkeleg likt til, at Sydney
brydde seg meir um denna Kvelpen
bell um meg.

Eg var mest galen, men eg vilde
visa meg lika sæl, og gjekk burti den
breide Svoli og sette meg til aa vifta
meg med den vide Sumarhatten min.

Eg veit ikkje, kosso det gjekk med
Leikjen, fyrr eg kom, men det, gjekk
fælt seint med han under mi Tilsyn»
so det varde kje lengje, fyrr dei kasta
Klubborne og sende eitlystugt Farvæl
til meg alle saman — so nær som
Sydney, kann du vita, for ho skulde
fylgja dei nedetter heile den lange
Gata.

Eg skulde kje ha brytt meg so
mykje um det, fyst ikkje denna Charles
Howt hadde hengje fast med ho som
ein Igle, og det som erga meg endaa
meir, var at Sydney syntest lika det.

Hadde eg gjort det som eg hadde
god Lyst til daa, so vilde eg fylgt
med det same og rundjula han, og so
vilde eg ha kasta han yve Hagegarden
ut i Gata.

Men eg kom i Hug, at Kjærasten
min — og endaa meir Mor hennar —
kunne setja seg mot, at Gjesterne
hennar vart skamførde paa hennar
eigjen Grunn, og so laut eg røgjast
med aa skjera Tennarne og knyta
Nevarne — Nevar, som eg kunne ha
brukt med slik Hugnad til aa øyda
Charles Howt.

Fru Eno kom ut til meg med det
same, og spurde, um eg hadde vore
med i Leikjen.

”Nei, Frua,” sae eg lite høviskt,
”det er altfor varmt til slikt dyriskt
Arbeid.”

Fru Eno lo. ”Ko lengje er det,
sid’ de fann, at Kroket var eit dyriskt
Arbeid,” spurde ho, og utan aa venta
paa Svar: ”men hellest,” sae ho, ”er
eg einig med dykk, Tom, det er reint
for varmt til nokoslags Møding.”

”Eg skulde meina det,” svara eg.
”Men det finst visse Folk, som ikkje
kann halda seg i Ro, um dei fekk Bi-

taling fyr det. Der er til Dømes detta
Asne Howt.”

”Jaja,” sae Fru Eno, ”eg veit ikkje
um han er verre hell alle dei andre.
Men likvæl trur eg ikkje, nokon var
meir reidug til Leikjeni Dag enn han.
Unglyren maa vera Salamandrar i Dag,
naar den toler Hiten so godt. Sjaa
no paa Sydney, som kjem atte der,
kor sval ho ser ut.”

”K...80 sval!” mullaeg.

”Kva segjer De, Tom?”

”Eg segjer, at eg ser det, Frua!”

”Ja so høyr daa. No hev Sidney
slegje Kroket i mest tvo Timar, det
hev eg set paa, og eg høyrde, ho lovde
Abbie Howt aa taka uppatte Leikjen i
Ettermiddag burte hjaa henne. Kor
modige er dei ikkje, Tom, kor herduge,
eg kann nokk kalla dei Salamandrar,
tykkjer eg.”

”Eg undrast ikkje paa, at de kallar
dei slik, Frua,” svafa eg, ”men det er
eg viss paa, at dei fær Solstyng, um
dei ikkje alt hev fengje det.”

Fru Eno vart bleik. ”Bevar oss.
sae ho, ”det tenkte eg ikkje paa. Du
hev Rett, Tom. Det var underlegt,

eg ikkje haatta paa det fyrr. No skal

eg segja til Sydney, at ho ikkje skal
spila meir, til Vedre vert svalare.”

nn

Fyst Sydney ikkje gjeng til Howt,

vert hoikkje freista til aa slaa Kroket,” |

sae eg sløgt.

”Du hev Rett, Tom,” svarar Frua.
”Ho skal kje gaa dit, ho fær kje Lov
av meg.”

”Kvenn skal ikkje gaa, og kvifor?”
spyrr Sidney, som hadde kome nære
nokk til aa høyra dei siste Ordi aat
Mori.

”Du, Dotter mi, avdi Hiten er so
fæl.” Å

”Aa! og kort maa eg kje gaa?”

”Til Fru Howt.”

Til detta gjorde Kjærasten min store
Augo. ”Kjære Mor,” sae ho, ”du sae
inkje, daa eg lovde det; kvifyr hev
du so mykje mot det no?”

”D’er varmare no, du. Eg hev tenkt
etter det, og Ettertankar er alltid beste,
veit du væl.”

”Ikkje allstødt,” svarar Sidney kaldt
og gjev meg eit kvast Augnelag. ”Eg

tykkjer det, Mor,” lae ho til, ”at du

hev tåla um det au, du og Tom.”

: ”Ja, og Tom er ottefull fyr deg,
liksom eg — kvi skulde han inkje
det? No, kjære Sidney, lova meg, at
du ikkje vil forlata Huse fyre Sol-
glad; gjer so, hell au vert eg kje trygg
ein Minutt i Dag.”

Sydney saag traassig ut og sende
meg eit Augnekast, som ikkje var

mykje venslegt, men ho gav seg til
Slutt fyr Mor si.

”Eg skal vera heima, Mor,” sae ho,
”um det kann vera til Fagnad fyr deg,
men eg er slett ikkje rædd fyr Hiten,
Du kan sjaa sjølv, at han ikkje hev
gjort meg noko.”

”Nei, du, men eg er rædd, og Tom
med, fyr det som kunne henda, fyst
de var for uvyrdne.”

”Eg tykkjer Tom kunne tala fyr
seg sjølv,” segjer Sydney kort.

Ho slengde seg uppi ein Karmstol
med det same, og eg gjekk inn i Huse
etter ei Vifta. Daa eg kom utt att,
hadde Fru Eno gjengje, og eg tok ein
Stol tett attmed Gjenta mi.

Det fyste sae me kje noko. Syd-
ney vifta seg so smaatt, og saag roleg
burt imot Aasarne der langt burte,
med” eg sat og skoda ho fraa Sida
og plaaga meg med den Tankjen, at
ho tenkte paa den Skarven Howt.

Ho hadde vist seg svært blid imot
han, og det endaa i mitt Vedvære.
Og han skulde verta med til Sjøkanten
i hennar Sellskap. Kva kunne kje
henda, naar eg ikkje saag det, fyst ho
var so uvyrden, naar eg saag det!

”So du tykkjer Tom kunne tala fyr
seg sjølv,” sae eg, daa eg saag, at
ho ikkje vilde byrja.

”Ja det var det, eg sae med Mor,”
svara ho, og sette dei svarte Augo
sine paa mitt Andlit i Staden fyr paa
Aasarne langt burte.

”Ja, ja, du,” sae eg, ”eg vil tala,
og so til Saki. Kvifor var du so høg-
modig imot meg daa eg kom just no?”

Sydney såag reint forstøkt ut.

”Eg vera so høgmodig mot deg?”

sae ho. "Kjære Tom, du maa ha
drøymt det. Eg totte eg var berre
Tydskap. Eg gav deg ein af mine

sötaste Smilar, og —

”Ein Nikk”, tok eg fram-i.

”Ja, for du vilde daa væl ikkje ha
meg til aa ropa til deg, naar eg sto
so langt ifraa deg. vona eg,” sae ho
med ein lystug Laatt. ”Hadde du ver-
dugast koma nærre, so hadde eg tala,
kann du vita. Du er fælt urimeleg,
Tom, og eg skulde kje undra meg,
um du hadde fengje Solstyng. Hev
du det, skal eg gjeva meg.”

”Du er alt for snild,” svara eg.
”Maa eg spyrja, um det var Solstyngjen,
som gjorde, at eg saag du akta so
mykje paa Hr. Howts Snakk? hell er
eg urimeleg atte, naar eg held fyre,
at eg ikkje saag gale?”

Eg gav ho eit neisande Augneslag.
daa eg sae dette, men ho syntest ikkje
gaa det. Ho for upp og ropte med Liv:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free