Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- Hallen
18
Fedraheimen.
4de Februar 1882...
for aa berga seg. Der er ingji Av-
gjerd um det enno; men det kjem
væl snart.
RER RS SENTRET ARES DEE EEE
Norske By- og Bygdenemn m. m.
(Slutten.)
Me hava paavist i det fyrre Sytkkjet,
at det heve full Grunn og Rett aa
taka upp att det gamle gode Namnet
Oslo for Kristiania. Dei kann soleis
ogso kalla Fjorden Oslofjorden elder
Foldi. — Og so kann Stiftet heita
Oslo Stift, elder Oslo Bispedøme.
Ikkje so godt er det aa finna gode
norske Nomn paa alle andre Byar
med laake Nomn. Fredrikstad var
grunnlagd under slike Tilhøve, at det
kann ikkje minnast med Gleda. Det
var tvo Stakkarar, som var Kongar i
Danmark med Norig (Frederik II) og
i Sverike (Eirik XIV). Baae vilde hava
3 Krunor i Vaapnet sitt, og um slikt
Skrap spann det seg upp ein stor
Ufred, Sjauaars-Ufreden. Daa vart
Sarpsborg brend av Svenskom (1567).
Daa let Fredrik II byggja upp Fred-
rikstad og kalla det etter Namnet sit.
Sidan ogso Halden i 1665 av Fredrik
III vart kallad Fredrikshall, verta lett
Nomni paa dessa tvo Byom mistekne,
det eine for det andre, sidan dei liggja
So nær innpaa einannan. Men her kann
me no taka upp att det gamle Namn
for Fredrikshall. Dette er
enno i Bruk paa mange Stader. Fest-
- ningi Fredriksten kunde heita Hal-
lens Festning, Vil me hava eit nytt
Namn paa Fredrikstad, so kunde det
heita Glaamestad, elder Glaamos. etter
Glaama, elder Glømenstad etter Bygdi
der umkring som heiter ”Glømen” (gam-
melnorsk: Glymheimr, no skrivet
Glemminge). Med Kristianssand og
Kristianssund er det likaeins; desse
Nomni kunna lett verta umbytte med
einannan. Me hugsa paa, kvat Stor-
tjuven Gjest Baardson fortel, at han
ein Gong fekk fat paa eit Pass for
ein Mann. som skulde til Kristianssund.
Gjest gjorde Kristianssund til Kristi-
anssand og reiste so dit med Passet.
Kristianssand vart grundad 1641 av
Kristian IV og likesom Kristiania
kallad etter honom. Fyrr var det kal-
lad Sanden. Namnet Kristianssand er
langt og tungt og er ulagelegt paa
mange Maatar likesom dei andre Nomn
etter Einvalds-Kongom. Likesom Pre-
- stegjeldet tett ved heiter Oternes etter
Elvi Otra, soleis kunde Byen kallast
Otersand elder Oteros.., Stiftet kunde
heita etter Staden elder med sit gamle
Namn Stavanger-Stift. Kristianssund
heitte Lille-Fosen elder Fosunå (Fosen-
sund?) fyrr det fekk Kaupstadrett 1742
av Kristian VI og vart kallad etter hans
Namn. Det kunde no kallast Fosen-
sund, istadenfor det lange tunge Namn,
det no heve. — Fredriksvern kann
kallast med sit andre brukelege Namn
Stavern. Um vaåre andre Bynomn
er ikkje vidare noko aa segja. Aa
taka upp Bjørgvin for Bergen og Ni-
daros for Trondheim trengst ikkje, daa
- ogso dei Nomn, som no brukast, era
gamle. — Tromsø er ikkje godt Namn;
betre er det gamle Troms, som enno
brukast av Aalmugen.
Ordet Stift er framandt (Tysk),
Bispedøme kunde brukast i Staden.
Men det er nokot lengre enn Stift,
|som er stutt og lett, og difyr kann
brukast. Likeeins er Amt framand og
tyder paa tysk ikkje noko annat enn
Embætte, Amtmann er $o ikkje noko
annat enn berre ein Embætsman. Di-
fyr vøre det betre aa nytta det gamle
Ordet Fylkje. Det vart brukt i det
gamle um Landskap av mykje ulik
Storleik. I Trøndelagi var det soleis
8 Fylkje, endaa varikkje Nordmør, Roms-
dal og Fosen og ikkje Namdal med.
Men heile Landet fraa Aai Sira til
um Lag ved Kraakerøy var berre eit
Fylkje, Egdafylkje. Vil dei no bruka
Fylkje for Amt, so kann Amtmann verta
kallad Fylkjesmann. Ordet Fylkje er no
kjend i Landskapsnamnet Ryfylkje og
i Fylljesbygdi (Hafslo) i Sogn i Ber-
gens Stift.
Stygge og framande era alle Nemn-
ingar, som enda paa -ri elder -i. Dei
bør me sjaa til aa faa sopa burt,
soleis skriva istadenfor Fogderi Faute-
døme, istadenfor Sorenskriveri Skrivar-
døme og istadenfor Provsti Provast-
døme.
Nomni paa Amtom elder Fylkjom
era væl for det meste uppkomne av
norsk Rot. Men dei fleste era laake
og tyda sjeldan vett, kva dei skal
tyda. Anti era dei tekne av ei ein-
staka Bygd i Fylkjet, som ikkje er den
største Lut av Fylkjet, so som Hede-
markens Amt, Romsdals Amt, elder
era dei tekne av Festningar, so som
Akershus Amt, Søndre og Nordre Ber-
genhus Amter, elder ogso av sume
Gardar i Amtet, so som Buskeruds
Amt, Bratsbergs Amt, Nedenæs Amt,
elder av sume Byar, so som Stavanger
Amt, Tromsø Amt elder endeleg hava
dei tvifalde Nomn, so som Jarlsberg og
Larviks Amt, Lister og Mandals Amt.
Professor Munch heve greidt ut dette
mykje godt i eit Stykkje, som er pren-
tat etter hans Daude i ”Nyt norsk
Tidsskrift.” Han uttalar der den ri-
melege Tanken, at det maatte vera
best, um kvart Amt elder Fylkje hadde
eit Namn, som kunde tyda heile Amtet
S0, at naar ein segjer, at ein er fraa
det og det Amtet elder bur der, at
ein ikkje treng kvar Gong aa leggja
til Ordet Amt. Ein kan soleis no tala
um Stortingsmennerne: fraa Nordland,
men ikkje um Stortingsmennerne fraa
Hedemarken, elder fraa Stavanger
utan aa leggja til ”Amt.”
Det eldste Namn paa Smaalenenes
Amt var Vingulmark; sidan vart Borge-
sysla brukt, og det vert au nyttat
endaa, so som nedre, mellem og øvre
Borgesyssels Provsti; men det beste
Namnet vil vera aa kalla Amtet Aust-
fold. Det ligg paa Austsida av Foldi,
og Folket der vert kallat Austfoll-
ingar av Folk paa Tunsbergkanten.
Namnet Austfold’ skal ogso finnast i
gamle Brevskap. Smaalenene er ikkje
noko godt Namn. Det er eit sams
Namn paa fleire smaa Forleningar til
Adelsmennar, og det er no ikkje len-
ger nokor Meining 1 det.
Det gamle Namn paa Jarlsberg og
Larviks Amt: var Vestfold, daa det
ligg paa Vestsida av Foldi. Umkring
Dramn kalla dei enno Folket utyver
umkring Holmestrand, Horten o. s. v.
Vestfollingar. Og i Numedal kalla
dei Folket der i Jarlsberg og Larviks
Amt Utfoldingar. Vestfold vert soleis
det beste Namnet paa dette Amtet.
Med det slapp me bruka det tvifalde
Namnet, det no heve. Jarlsberg og
Larviks Amt er eit tungt og ulagelegt
Namn. Det kjem af. Herregarden
Jarlsberg og Byen Larvik, som sidan
gav baae dei Greivskapom Nomn;
og dette tvifalde Namnet høver illa til
det heile Fylkje.
Det laglegaste Nomnet paa Åkers-
hus Amt vert aa kalla det Romerikje,
daa dette Bygdelaget er Mestepar-
ten av Amtet. ’Det tek seg ikkje
godt ut aa nemna heile Fylkje etter
Festningi Akershus.
Hedemarkens Amt heve væl-Namn
etter ei av dei gildaste Bygdom i Am-
tet. Men det kunde med like so god
Rett verta kallat til Dømes Øysterdalens
Amt. Daa det høyrer til dei gamle
Upplond, og var ein Lut av det store
Upplands Amtet til Skilnaden i 1781,
er det best noaa kalla det Aust- Upp-
land. So heve det millom aat voret
kallat i vaare Dagar baade 1 fleire
Jordbeskrivingar og av Wergeland og
andre.
Namnet Kristians Amt heve ingen
rett og rimeleg Grunn, Det fekk det
Namnet ved Skilnaden ifraa Aust-
Uppland 1781 og vart kallad Kristians
Amt, kannhende etter Kongen Kristian
VIL Av same Grunn som er nemud
ovanfyre, der Tala var um Hedemar-
kens Amt, maa det vera rettast no aa
kalla Kristians Amt Vest- Uppland.
Buskeruds Amt heve Namn etter
den gamle Herregarden Buskerud paa
Modom ovanfyr Dramn. Dette er eit
klent Namn paa heile Amtet. Det er
vandt aa finna eit betre Namn paa
dette Amt enn Sør-Uppland. Dei
fleste Bygdar i Amtet høyra ogso til
dei gamle Upplond og liggja langt
upp fraa Sjøen, endaa -ei tvo tri
Prestegjeld i Amtet ogso naa ut til
Sjøen.
Like so ulagelegt Namn er Brats-
berg Amt kallat etter Garden Brattsberg
ved Skien. Daa Øvre- og Nedre-Tela-
marki era dei største Luter av Amtet,
maa det no vera best aa kalla det
heile Telamarki.
Like eins er Nedenes Amt kallat
etter ein gamal Gard, Nedenæs, ved
Arndal. Detta Namn er difyr likeso
klent. Daa detta Amt er øystre Luten
av det gamle Agder, er det no rettast aa
kalla det Aust-Agder. Dette heve god
Grunn for seg. I Telemarki kalla dei
enno Egder Folket fraa Nederæs og
fraa Lister og Mandals Amtom. Ogso
hava dei i nyare Tider kallat Sjø-
bygderne i desse Amtom Agdesida.
Namnet paa Lister og Mandals
Amt er tvifalt, framifraa laakt og ulage-
legt. Lista er ei liti Landremsa ut med
Havet, og Mandal er ein liten By inni
Amtet. Amtet borde heita Vest-Agder
av dei same Grunnar, som er fram-
haldet ovanfyr, da Tala var um Nede-
næs Amt.
Stavanger Amt heve ikkje det laa-
kaste Namn. Det er etter den største
Byen i Amtet, som ligg rundt ikring
den. Men betre er det og taka upp
att Landskapets gamle Namn Ro-
galand.
Søndre Bergenhus Amt borde kallast
Hordaland. Dette var Landskapets
gamle Namn, og det brukast enno
i Sønd- og Nordhordland, og Folket
der, som ellest kallast Strilar, vert
enno kallad Hordar paa Voss og i
Sogn og fleire Stader. No vert væl
ikkje Voss og Hardanger reiknad med
til Hordaland. Men me fær hugsa
paa, at Hardanger ikkje tyder nokot
annat enn Hordarnes Fjord. Og Hard-
enger, som vert brukat um Folk fraa
Hardanger, tyder soleis mest det
sama som Hordar.
Nordre Bergenhus Amt heve eit
ulagelegt Namn. Festningi Bergen-
hus ligg langt utanfor Amtet. Men
her er det vandt aa finna eit rett lag-
legt Namn, daa Amtet heve tvo nokot
nær like store Luter, Sogn og Sunn-
og Nordfjord,og Folket i den eine Luten
vert kallat med sit gamle Namn
Sygner, og i Fjordom med det gamle
Nomn Fyrder paa Sunnmør og paa
fleire Stader. Daa Fjordarne er den
største Luten, og daa Sogn ogso er
den største av alle Fjordom i heile
Landet, kunde det vera lagelegast aa
kalla heile Amtet Fjordarne. Vil dei
helder her bruka det tvifelde Namn,
so fær dei kalla det Sogn og Fjordarne,
um det ikkje tek seg godt ut, avdi
Sogn ogso er ein Fjord.
Namnet paa Romdals Amt er ikkje
godt, daa Romsdalen nærmast berre
er eit einaste Prestegjeld, Gryten, og
um me no taka med heile Romsdals
Fautedøme, so er det berre den minste
Luten i Fylkjet. Betre er det aa bruka
det gamle Namn Møre, daa Bygdarne
Sunnmør og Nordmør era dei største,
og Folket der enno kallas Mører elder
Møringar.
Syndre Trondheims og Nordre
Trondheims Amter hava væl gode Nomn,
daa Landskapet i gamal Tid heitte
Trandheim. Men daa det Namnet no
brukast berre um Byen, var det betre
aa bruka dei gamle Nomn og kalla
Søndre Tr. Amt Uttrøndelagi, daa det
ligg ut med Fjorden, og nørdre Tr.
Amt Inntrøndelagi, daa det ligg innst
kringum Fjorden.
Um Namnet paa Nordlands Amt
er ikkje nokot aa segja. Dei kunde
væl taka i Bruk att det gamle
Haalogaland; men det heve det imot
seg, at berre ein Lut av Amtet no
vert kallat Helgeland, og at det gamle
Haalogaland var nokot m8ir enn heile
Nordlands Amt no er.
Tromsø Amt borde helder heita
Senja etter den største Øy og dei
største Bygdom inni Amtet, elder ogso
kannhenda med det tvifalde Namn Senja
og Troms.
Um Namnet paa Finmarkens Amt
er inkje aa merkja, det maa heita
Finnmarki.
Me skal her stella saman desse
Bygde- og Bynomn, som me hava
umrødt, soleis:
Kristiania — =Oslo.
Fredrikshall — Hallen.
Fredrikstad =— Glaamestad?Glaamos?
Fredriksvern = Stavern.
Kristianssand= Otersand? Oteros?
Kristianssund= Fosensund,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>