Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
|
|
Eir
|
66
Fedraheimen.
29de April 1882.
som dei setja fram fyr dykk! (9) Og
heilbrigde dei Sjuke, som era der, og
segje til deim: Guds Rikje er komet
nær til dykk. (10) Men kvar By de koma
inn i, og dei ikkje taka imot dykk,
gange daa ut paa Gata deira og segje:
(11) Me rista av oss enndaa den Dusti,
som heng ved oss av Byen dykkar;
men de skal daa vita, at Guds Rikje
heve voret nær hjaa dykk. (12) Men
eg segjer dykk: Det skal ganga Sodoma
likare paa denna Dagen enn den Staden.
(13) Usæl er du, Korasin: Usæl er du,
Betsaida! for vøre dei Kraftgjerningar
gjorde i Tyrus og Sidon, som era gjorde
i dykk, so hadde dei for lengje sidan
setet i Sokk og Oska og hugvendt seg.
(14) Det skal endaa gangar Tyrus og
Sidon likare paa denna Dag enn dykk.
(15) Og du, Kapernaum, som heve
voret upphøgd alt til Himels, du skal
verta støytt ned alt til Daudeheimen.
(16) Dén, som høyrer dykk, han høyrer
meg; og den, som mismæter dykk, han
mismæter meg; og den, som mismæter
dykk, han mismæter den, som sende
meg. (17) Men dei sjautti komo til-
baka med Gleda og sagde: Herre,
ogso dei ureine Andarne lydde oss i
dit Namn. (18) Men han sagde til
deim: Eg saag Satanas falla ned som
ein Ljunvarme ifraa Himeln. (19) Sjaa,
eg gjev dykk Magt til aa troda paa
Ormar og Skorpionar og yver al Fien-
dens Kraft; og dei skal ikkje skada
dykk. (20) Glede dykk likevel ikkje
avdi, at Andarne lyda dykk, men glede
dykk, avdi at Nomni dykkar era skrivne
upp i Himeln. (21) I denne sama Ti-
men gledde Jesus seg i Andi og sagde:
Eg lovar deg, Fader, Herre yver Himeln
og Jordi, avdi du heve løynt dette for
dei vise og kloke og kunngjort det for
dei einfalde; ja Fader, for soleis heve
det voret tekkjelegt for deg. (22) Alt
er yvergjevet meg av Fader min, og
ingjen kjenner, kven Sonen er, utan
Faderen, og kven Faderen er, utan
Sonen, og den, som Sonen vil kunn-
gjera det. (23) Og han vende seg til
Læresveinom sinom serskilt: Sæle éra
dei Augo, som sjaa det, de sjaa. (24)
For eg segjer dykk, at mange Spaa-
mennar og Kongar vilde sjaa det, de
sjaa, og fingoikkjesjaa det, og høyra
det, de høyra, og fingo ikkje høyra
det. (25) Og sjaa, ein Logkunnig reis
upp og freistade honom og sagde:
Meistar, kvat skaleg gjera, at eg maa
faa det ævelege Livet? (26) Men han
sagde til honom: Kvat er skrivet i
Logi? koss les du? (27) Men han
svarade og sagde til honom: Du skal
elska Herren, din Gud, av alt ditt
Hjarta, av all di Sjæl, av all din Styr-
kje og av all din Hug, og Næsten din
som deg sjølv.
til honom: du svarade rett; gjer detta,
so skal du liva. (29) Men han vilde
gjera seg sjølv rettvis og sagde til
Jesus: Kven er daa Næsten min? (30)
Men Jesus tok til Ords og sagde: Fin
Mann for ned ifraa Jerusalem til Je-
riko og fall imillom Røvarar; og dei
rivo Klæde av honom, slogo honom,
gingo burt og leto honom liggja halv-
daaen. (31) Daa hende det seg, at
ein Prest for ned den sama Vegen og,
daa han saag honom, gjekk han framum
honom. (32) Likaeins gjekk og ein
%
ø|
(28) Men han sagde
Ihans Paagangs Skuld.
Levit til den same Staden og saag
honom, men gjekk framum honom.
(33) Men ein Samaritan, som for Vegen
fram, gjekk til honom; og daa han
saag honom, ynktest han yver honom.
(34) Og han kom til honom, fetlade
Saari hans, rende Ylja og Vin i deim,
sette honom upp paa sin eigjen Øyk,
førde honom til eitt Herbyrgje og hadde
Umsut fyr honom. (35) Og Dagen
etter, daa han for burt, tok han fram
tvo Penningar, gav deim til Verten og
sagde: Hav Umsut fyr honom! Og
maa du leggja ut meir, so skal eg
bitala det, naar eg kjem att. (36) Kven
av desse tri, tykkjer du, var Næsten
til honom, som var fallen imillom Rø-
varar? (37) Men han sagde: Han, som
gjorde Miskunn imot honom. Difyr
sagde Jesus til honom: Gakk du og
gjer likaeins!
(38) Men det hende, daa dei fore
fram, daa gjekk han inn i ein By.
Men der var ein Kvende, som heitte
Martha, som tok imot honom 1 sitt
Hus. (39) Men ho hadde ei Syster,
som heitte Maria, og ho sette seg ned
ved Jesu Føter og høyrde paa Tala
hans. (40) Men Marta fekk Annsemd
med aa stella til og gjekk fram til
honom og sagde til honom: Herre,
bryr du deg ikkje um, at Syster mi lot
meg gjera Tenesta aaleina? Seg til
henne, at ho hjelper meg!
(41) Men Jesus svarade og sagde
til henne: Marta, Marta, du heve Um-
hug og Sut fyr mange Ting! (42)
Men eitt er naudsynlegt; Maria heve
valt ut den gode Luten, som ikkje
skal verta tekjen ifraa henne.
Ellevte Hovudstykkjet.
(1) Og det hende, daa ban var paa
ein Stad og bad, at ein av Læresvei-
nom hans sagde til honom, daa han
heldt upp med det: Herre, lær oss aa
beda, liksom Johannes lærde sine Lære-
sveinar. (2) Men han sagde til deim:
Naar de beda, daa segje: Fader vaar
i Himlom! Heilagt verte Namnet dit!
Kome Rikjet dit! Verte din Vilje, som
i Himelen so og paa Jordi! (3) Vaart
daglege Braud gjev oss kvar Dag! (4)
Og tilgjev oss vaara Synder; for ogso
me tilgjeva vaare Skuldmenn! Og leid
oss ikkje inn i Freisting; men frelsa oss
ifraa det vonde! (5) Og han sagde til
deim: Kven av dykk heve ein Ven
og gjeng til honom midt paa Naatti
og segjer til honom: Kjære, laana meg
try Braud, (6) for Ven min er komen til
meg utav Reisa, og eg heve ikkje nokot
aa setja fram aat honom, (7) og han,
som er innanfyr, svarar og segjer: gjer
meg ingi Møda! Dyri er alt stengd, og
Borni mine er gjengne i Seng med meg;
eg kann ikkje standa upp og gjeva
deg det? (8) Eg segjer dykk: Um
han ikkje stend upp og gjev honom,
for han er Vennen hans, so stend han
upp og gjev honom det han treng for
(9) Og eg
segjer dykk: Bede, so skule de faa;
leite, so skula de finn; og banke paa,
vert det latet upp aat dykk! (10) For
den, som bed, han fær; og den, som
leitar, han finn; og for den, som bankar
paa, vert det latet upp. (11) Men
imillom dykk um ein Son bed Fader
sin um eit Braud, tru han gjev honom
ein Stein? og um han bed honom um
ein Fisk, tru han gjev honom ein Orm
istadenfor Fisken? (12) Elder og um
han bed um eit Egg, tru han gjev
honom ein Skorpion? (13) Naar soleis
de, som era vonde, vita aa gjeva Bor-
nom dykkar goda- Gaavor, skulde daa
ikkje mykje helder Faderen, som er av
Himelen, gjeva den heilage Ande aat
deim, som beda honom? (14) Og han
dreiv ut ein vond Ånde, og han var
maållaus; men det hende, daa den
vonde Ande var faren ut, daa talade
den maallause, og Folket undradest.
(15) Men sume av deim sagde: Ved
Beelsebul, som er dei vonde Andars
Hovudmann, driv han ut vonde Andar.
(16) Men andre freistade honom og
bad honom um ei Teikn ifraa Himelen.
(17). Men daa han visste Tankarne
deira, sagde han til deim: Kvart Rike,
som er usams med seg sjølv, vert øydt
og Hus dett ned paa Hus. (18) Men
um Satan er usams med seg sjølv,
koss kann daa Rikjet hans verta va-
rugt? For de segja, at eg driv ut
vonde Andar ved Beelsebul. (19) Men
um eg driv ut dei vonde Andarne ved
Beelsebul, kvenn driv daa Sønerne
dykkar deim ut ved? difyre skal dei
vera Domararne dykkar. (20) Men
um eg driv ut dei vonde Andarne med
Guds Finger, so er Guds Rikje komet
til dykk. (21) Men naar den sterke
med Vaapn vér Garden sin, so vert
det, som han heve, i Fred. (22) Men
naar den kjem, som er sterkare enn
han, og vinn yver honom, so+tek han
burt heile Herbunaden hans, som han
leit paa, og de skifter Herfanget hans.
(23) Den, som ikkje er med meg, han
er mot meg, og den, som ikkje dreg
saman med meg, han spreider (24)
Naar den ureine Anden hev faret ut
or Menneskja, so gjeng han igjønom
vasslause Stader og leiter etter Kvild;
og naar han ikkje finn henne, so segjer
han: Eg vil ganga til Huset mit att,
som eg foor ut or. (25) Og naar han
kjem, finn han det sopat og fjelgat
(26) daa gjeng han og tek med seg
sjau andre Andar, verre enn han sjølv,
og dei ganga inn og bu der; og det
siste vert verre for detta Mennet enn
det fyrste. (27) Men det hende, daa
han sagde dette, daa hov eit Kvende
utor Flokken upp Røysti og sagde til
honom: Sælt er det Moderlivet, som
bar deg, og det Brjostet, som du saug!
(28) Men han sagde: Sæle era dei,
som høyra Guds Ord og gøyma det!
(29) Men daa mykje Folk samlade seg,
byrjade han aa segja: denne vonde
Ætti krev Teikn, og ho skal ikkje faa
onnor Teikn, enn Teikni til Spaamannen
Jonas. (30) For liksom Jonas vart ei
Teikn fyr Ninivefolket, so skal Menne-
skjesonen vera fyr denne Ætti. (31)
Dronningi or Sørlandom skal risa upp
i Domen med denne Ætti og fordøma
henne; for ho kom ifraa Heimsens
Endar for aa høyra Salomons Visdom,
og sjaa, her er meir enn Salomon!
(82) Folket i Ninive skal risa upp i
Domen med denne Ætti og fordøma
henne, for dei hugvendest etter Preika
til Jonas, og sjaa, her er meir enn
Jonas. (33) Men ingjen tender eit
Ljos og set det i ei Kraa elder under
Skjeppa, men paa Ljosstaken, at dei,
som koma inn, kann sjaa Skinet. (34)
Augat er Likamsens Ljos; naar difyr
Augat dit er friskt, er og heile Likamen.
ljos; men er det sjukt, er ogso Likamen
din myrk. (35) Sjaa soleis til, at
Ljoset i deg ikkje vert Myrker. (36)
Um heile Likamen din er ljos, so at
ingjen Lut av det er myrk, so vert det
heile ljost, liksom naar Ljoset med eit
klaart Skin lyser paa deg. (37) Men
med han talade, bad ein Farisæar
honom, at han skulde eta hjaa honom;
men han gjekk og sette seg til Bords.
(88) Men daa Farisæaren saag det,
undradest han paa, at han ikkje tvo
seg, fyrr han aat. (39) Men Herren
sagde til honom: De Farisæarar tvaa
Skaaler og Fat utanpaa; men det, som
er inni dykk er fullt av Ran og Vond-
skap. (40) De Daarar! Heve ikkje
den, som. gjorde det, som er utanpaa,
ogso gjort det, som er inni? (41) Gjeve
daa til Gaava det, som er inni, sjaa,
daa era alle Ting reine for dykk!
(42) Men usæle era de Farisæarar, at
de gjeva Tiend av Mynta og Ruta og
alt Slag Kaalgras, men setja til Sida
Rett og Guds Kjærleik; det eine bør
ein gjera, og det andre bør ein ikkje
forsøma. (43) Usæle era de, Farisæa-
rar! at de lika dei fremste Stolarne i
Stemnestovom og vilja verta . helsade
paa Torgom. (44) Usæle era de skrift-
lærde og Farisæarar, Skrymtarar, av,
at de era likasom dei Graver som ikkje
synast, og Folki, som ganga yver deim,
vita det ikkje. (45) Men ein av dei
Logkunnuge svarade og sagde til ho-
nom: Meistar, naar du segjer detta,
sneider du oss. (46) Men han sagde:
Usæle era og de Logkunnuge, for de
tyngja Folk med Byrdar, som er tunga
aa bera, og sjølve røra de deim ikkje
med ein av Fingrom dykkar. (47)
Usæle era de, at de byggja Gravstader
til Profetom, men Federne dykkar slogo
deim i Hel. (48) de vitna og sam-
tykkja i det, som Federne dykkar hava
gjort; for dei slogo deim i Hel, men
de byggja Gravstaderne deira. (49)
difyre sagde og Guds Visdom: Eg vil
senda Spaamenn og Apostlar til deim;
og dei skal slaa sume av deim ihel
og elta deim. (50) For at det skal
verta kravt av denne Ætti alt Blod av
Profetom, som er helet ut ifraa Heim-
sens Grunnleggjing (51) ifraa Abels
Blod til Blodet hans Sakarias, som
vart drepen imillom Altaren og Guds-
huset; ja, eg segjer, det skal verta
kravt av denne Ætti. (52) Usæle era
de, Logkunnuge, at de heve teket
Kunnskapsens Lyklar; sjølve gingo de
ikkje inn, og de meinkade andre aa
koma inn. (53) Men daa han sagde
dette, byrjade dei Skriftlærde og Fari-
sæarne aa trengja hardt inn paa honom
og lokka Ordi or Munnen hans um
(54) Og dei lurde paa
mange Ting.
honom og freistade, um dei kunde
lokka nokot utor Munnen hans, for at
dei kunde klaga paa honom.
Tilsvar fraa 0. Asperheim.
(Slutten.)
Hr. G. læt mykje illa um det, eg
sagde um ”Fedraheimens” Forsvar for
Dagbladets stygge Føljetongar. ”Fedrah.”
hev ikkje lagt inn nokot slikt Forsvar,
segjer han; det hev berre forsvarat seg
EG
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>