- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
78

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

Fedraheimen.

20de Mai 1882.

i Sol. Eg heve fanga eit par, som
nok ska gjera mi Lykke.
De skulle gleda meg.
(Meir.)

ae ata

Bibelen og dei moralske Reformer.

(Foredrag av Principal I. Macy i Iowa
Collegiums kristelege Samlag.)

(Fraa No. 18.)

Bibelen hev, etter det han sjølv
lærer oss, sitt Upphav fraa Folk, som
var litet meir enn Villmenn. No er han
ei Haandbok for dei lengst komne og
mest upplyste paa Jordi. Og han skal
eingong verta ein Rettleidar for Folk,
som stend likso høgt yver oss, som
me stend yver dei ville. Fi Bok, som
er tilmaatad aat $0 ulike Aldrar, maa
hava eitkvart merkjelegt ved seg.

Åbraham vert i Bibelen kallad Guds
Ven, og Fader aat dei Truande. Han
var ein rettvis Mann. I alle Aldrar
hev dei beste og reinaste paa Jordi
kjennt seg uppbygde og framdrivne
av den simple Soga um dette trufaste
Livet. Abraham snudde Ryggen til
ei Verd av Synd og Avgudsdyrking og
vende seg fram mot ei Verd av Rett-
ferd. Den gudlause Verdi var synleg,
Rettferdsriket var berre i Trui. Men
i denne usedde Verdi livde Abraham,
den store Rettferdskjempa, heile sitt
indre, sitt aandelege Liv, og dette hans
indre Liv er verdt aa verta granskat
av dei heilage i kvar Tid. Derimot
utvortes livde han millom Folk, som i
det store og heile var Villmenn. Og
hans ytre Liv høvde med den Tidi,
han livde i, naar ein reknar ifraa nokre
faae Ting, som Guds endeframme Fy-
resegner forandrad. Dersom ein Mann
no vilde setja tilsides den klaare Læra
i Abrahams indre Liv og berre festa
seg ved hans ytre Aatferd, og so vilde
fylgja Fyredømet haus, so vilde han
koma paa Fangehuset elder i Daare-
kista paa mindre enn seks Maanadar.
Det ytre Livet hans Abraham høyrde
til ei villmannsleg Tid, var villmanns-
legt. I sitt indre Liv var han trufast
mot dei Fyresegnerne, han hadde fengje,
og Bibelen syner fram hans Liv som
eit heilt i stutt, endefram Forteljing.

Kvi kunde ikkje Bibelen, naar han
fortalde um dei rettvise Menn, ha tagt
med dei Ting, som for oss er stygge?
Kvi skal ei fin, kjenslerik Tid skakast
av fæle Sogur fraa Villmannslivet? —
Bibelen er likso ubøygjeleg i aa syna
fram Lyti og Synderne aat dei reitvise
som 1 aa syna fram deira Dygd. Han
brukar ikkje Høling. Han talar greidt
og endefram, og dylgjer korkje det
eine elder det andre.

Her er Grunnen til den Knipa, me
hev talat um. Men —:

(1) Me trur paa moralsk Framgang.
(2) Den moralske Framgangen hjaa
den einskilde viser seg i Samfundet
og fører til Umbrigdingar i Folks ytre
Liv. (3) Er der moralsk Framgang,
so maa dei beste Menn i ei tidlegare
Tid ha ført eit Liv, som i ei seinare
Tid maatte reknast for gudlaust. (4)
Er der moralsk Framgang, so kann
ikkje det ytre Livet aat dei beste Menn

i ei tidlegare Tid takast til Rettesnor

for det ytre Livet aat ei seinare Tid.
(5) Er der moralsk Framgang, so maa

det Slags Folk, som i ei seinare Tid
lagar sitt Liv etter den ytre Aatferd
aat Mennerne i ei eldre Ætt, koma i
Strid med Moralen i si eigi Tid og
verta til Hinder for Framgangen.

Desse fem klaare Setningarne hev
sin Grunn i sjølve Framgangstanken.
Dei segjer seg sjølv; dei framtvingar
Samtykkje. Dei kjem ikkje fraa Bibe-
len, men fraa Utgrunding og Under-
søkjing. Likevæl hjelper dei oss langt
fram til aa kunna greida det Spurs-
maalet, me her hev for oss.

Der er visse Ting ved desse Set-
ningarne, som hev eit meir likefram
Samanheng med Bibelen. (1) Dei prak-
tiske Fyresegnerne, som det ytre Livet
aat ei tidlegare Tid rettad seg etter,
kann ikkje alle verta ei Rettesnor for
Livet i ei seinare Tid. (2) Ein Mann,
innsnørd som han er i heile sitt Moral-
Liv av Tidi, han liver i, kunde paa
ingen Maate setja ihop eit Moral-Skrift,
som kunde høva aat Turfterne i ei
komande Tid. (3) Eit Moral-Skrift,
som høver aat Turfterne i fjerne og
ulike Aldrar og Ætter, hev ikkje eit
berre menneskelegt Upphav; det maa
vera komet fraa ein, som kunde sjaa
fyre aat, kva fjerne Aldrar vilde turva.

Her er ei Bok, som i denne Tidi
inneheld snart sagt den einaste Voni
for hugsprengde Foreldre, som ynskjer
aa faa sine Søner frelste fraa eit for-
fyllt Liv. For ei Tid sidan kom ho
med Ljos og Fridom til Trælarne, som
paa onnor Vis laag vonlause og hjelpe-
lause. For ti Aar sidan var ho i
Italia den sterkaste Uppmanar til Strid
paa Livet for Fridom og. Nasjonalitet
og konstitusjonelt Styre. I det 17de
Aarhundred gjorde Bibelen eit liknande
Storverk i Engeland. Den opne Bibe-
len hev gjort, at denne Alderen kann
gleda seg yver ein god Aalmennskule.
Men Boki er komi fraa gamle vill-
mannslege Tider. Og ho ber Merkje
av Villmannskapen skrivne mnedetter
Bladi sine i dei klaaraste og mest
umistydelege Ordelag. Baade Kristne
og Fritenkjarar er nøydde til aa ved-
kjennast dette.

Dersom me no kjenner for lite til
desse fjerne Tiderne til paa nokon
Maate aa kunna skyna deira verkelege
Liv, um me endaa kjenner mykje til
dei, kva skal me daa segja um desse
gamle og halv-ville Tiderne, som visste
inkjevetta um oss, og som likevæl røyn-
leg hev gjevet oss eit Moralskrift, som
just høver til vaare allstødt skiftande
Turfter? Er denne Røyndomen — som
Wendel Philips segjer — lagad til aa
skapa Fritenkjarar?

Lat oss til betre Upplysning sjaa
litt nærmare paa Træle-tilskipnaden.
I dei villaste Tiderne drap Folk sine
Krigsfangar. Heile Huslydar og heile
Fylkje kunde dei slagta ned. Ettersom
Folkeskikken vaks og der vart ei betre
Styring, so lærde dei aa taka Fangarne
livande og bruka dei til Trælar. Dei,
som soleis vart tekne til Trælar, hadde
altso ikkje aa velja millom aa vera
Trælar elder frie Menn; dei hadde aa
velja millom aa vera Tælar elder —
daude Menn. Kva vilde no Bibelen
segja um dette? Bibelen held Folk
allestad til Kjærleikslogji. Denne Logji
nøyder deg til aa velja for kvar Mann,

det, som etter Tid og Tilføre er honom
best. Set no, at ein Trældomsmot-
standar, som var Fritenkjar, var i det
Høyet, at han skulde velja millom aa
døma ei Bygd til aa øydeleggjast elder
til aa gjerast til Trælar. Korleis vilde
han daa velja? Han kunde segja: Nei,
eg kann ikkje vera med paa aa gjera
Folk til Trælar; Mor mi lærde meg,
at Trældomen var Synd. Eg vil, at
desse stakkars hjelpelause Borni skal
setjast inn paa eit Barne-Asyl, og En-
kjurne fær me syrgja fyre i Fatik-
heimar! — Slikt Snakk vilde, i den
fyrste harde Tidi, daa Trældomen kom
upp, berre lydast som Galenskap, —
og for galne Folk, so væl som for alle
slike hjelpelause og gagnlause Armin-
gar, var der i den Tidi berre cm
”Heim”, og den var i — Moldi. Træl-
domen hev i si Tid voret ei vælgjerande
Tilskiping. Han hev bergat med Livet
baade Fylkje og Folkeslag, som hellest
hadde gjenget til. Mose-Logji god-
kjende og heldt Skikk paa Trældomen,
so lengje Samfundet var slik, at Træl-
domen gjorde Gagn. Men daa Sam-
fundslivet vart eit annat, so at det
aa gjera ein Mann til Træl vart aa
røva fraa han eit fritt og lukkelegt
Liv, daa dømde denne ubrigdelege
guddomelege Kjærleikslogji Trældomen
som ei Synd, ei Ugjerning, ”Summen
av all Udaad”.

Kva skal me so segja um den fri-
tenkjande Trældomsmotstandaren, som
dreg seg inn 1 sitt tronge Skal og
segjer: Trældomen er Synd. Eg veit
det er Synd. Eg kjenner det inn i
mi innste Sjæl. Alle mine beste og
høgste Kjenslur segjer meg, at det er
Synd. Dersom Bibelen paa nokon Stad,
elder til nokor Tid, godkjennef Træl-
domen, so kann eg ikkje tru paa Bibe-
len!? — Dersom Bibelen var skriven
for aa byggja og heila berre ei stak-
kars veik liti hinkande Sjæl, bundi
til ei einaste stutt, stutt Tid, so kunde
Størsteparten av Bibel-Innhaldet voret
ute, og mykje, som ikkje stend der,
kunde voret sett inn. Men dersom
Bibelen er ei Bok, komi fraa honom,
som lagad Mannahjartat, og som styrer
alle Folkeslag og Ætter fram mot sitt
Endemaal; dersom Bibelen er ei Bok,
innehaldande den himmelsende Sanning,
som hev lyft Ætti ut or Villmannska-
pen og skal føra henne fram til eit
Rike av Reinleik og Rettferd, som
inkje Manna-Auga enno hev set og
inkje Mannahjarta drøymt; dersom Bi-
belen er den Boki i Verdi, som aaleine
kann bera den endelause Framgang;
dersom den aaleine inneheld den San-
ning, som manar dei reinaste og beste
Menn i kvar Ættled til aa arbeida
med usliteleg Iver for aa faa burt,
det som 1 kvar Tid hindrar Fram-
gangen; dersom Bibelen viser Fram-
gangs-Maaten 1 Fortidi og høver til
alle Fram-Stig i Framtidi, — med
andre Ord, dersom Bibelen er det, han
i dei klaaraste og vissaste Ord gjev
seg ut for aa vera, og det, Soga sann-
provar, at han er, — so kann det nok
henda, at eit Menneskje, som er bun-
den 1 Hugen sin til dei Tankarne, han
saug inn med Morsmjølki, vil finna
eitkvart i Bibelen, som er heilt gaate-
fullt og rart. Bibelen hev Mjølk for

alle sanne Born, men sterk Mat for
Menn. Dei Bibel-Lærarar, som slettar

yver, ”orsakar”, elder freistar aa bort-

fortolka desse Bibel-Flokarne, dei gjer
seg sjølve smaae, og vilde, um det

var mogelegt, avminka sjølve Bibelen.

Dersom Bibelen lærde Jødarne aa halda
Trælar, lat den Sak standa. Men ved
aa samtykkja i dette skapar me Fri-
tenkjarar! segjer Veikingen. Um so
var! Saki i seg sjølv er lagad til aa
skapa Truande, og Truande vil ho
skapa, ettersom Folk vert meir upp-
lyste og vituge. Hellest er ein Fri-
tenkjar, som hev vortet dette av rein
Vælgjerdshug, ikkje nokon svært vond
Mann. Dersom han er sann og aal-
vorleg i si Leiting etter Sanningi, so
kann den Tidi koma, at Dimma løyser
seg fraa Åugo hans, og han fær sjaa,
at han aldri var Fritenkjar, — at han
trudde so mykje av Sanningi, som han
hadde Vit til aa forstaa. Men dersom
Fritenkjaren er ein Hyklar, som berre
brukar desse Bibel-Flokarne til Fyre-
vending for sin Fritenkjarskap, daa er:
det mykji betre, at han er ein hyk-
lande Fritenkjar enn ein byklande
Kristen. (Meir.)

Eit Stykkje av Kolosserbrevet.
(Prøve paa ei Umsetning).

II. (1) Era De daa uppreiste med
Kristus, so søkje det,.som er ovantil,
der Kristus sit ved Guds høgre Haand;
(2) sanse det som er ovantil, inkje det
som er paa Jordi! (3) For De hava
døytt, og Livet Dykkar er løynt med
Kristus i Gud; (4) naar Kristus vert
synberr, som er Livet Dykkar, daa
skal De og saman verta synberre med
honom 1 Herlegdom.

(5) Døyde daa Lemerne Dykkar
paa Jordi: Hordom, Ureinskap, Ovhug,
vond Lyst, og Vinnesjuken, som daa
er Avgudsdyrking; (6) ved dette kjem
Guds Vreide yver Vantrudoms Søner.
(7) Millom dei ferddest De og eitid,
daa De livde i dette. (8) Men no leggje
og De det burt alt saman: Harm, Vreid-
ske, Vondskap, spottande Ord, skamleg
Tale or Dykkar Munn; (9) ljuge inkje
mot kvarandre; De hava daa avklædt
Dykk det gamle Menneskje med Gjer-
ningarne til det, (10) og iklædt Dykk
det nye, som nyast upp til Sannkjenning
etter Bilætet hans, som skapad det;
(11) der det ikkje er Hellener og Jøde,
Umskjering og Forhud, Villmann, Sky-
ter, Træl, Fri, men alt og i alle er
Kristus.

(12) Iklædest daa som Guds Ut-
valde, Heilage og Kjære eit ynksamt
Hjarta, Godleike, Mjuksinn, Mildsinn,
Langmod, so De lida kvarandre og
tilgjeva kvarandre, (13) um Einkvar
hev ein Anke mot Nokon; (14) liksom
Kristus og tilgav Dykk, so gjere ogso
De, men attaat alt dette Kjærleiken,
som er Fullkomenskapens Band. (15)
Og Guds Fred raade i Hjarto Dykkar,
den De ogso vart kallat til i ein
Lekam; og verte takksame. (16) Kristi
Ord bu hjaa Dykk rikeleg, so De i all
Visdom læra og paaminna kvarandre
med Salmar, Lovkvæde og aandelege
Songar, so De kveda fagert 1 Hjartat
Dykkar for Herren. (17) Og alt som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free