Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
16de Desember 1882.
Fedraheimen.
199
høyrt gjetet, at Helvti av Byen var
liberal, men at Høgre, som hadde
største Pengemagti, plagad paa so
mange Slags Vis dei liberale Smaafolk,
at det var litet Von um, at Vinstre
skulde vinna. Kor som var, sagde
dei, laut Bankstyret fyrst verta libe-
falt, fyrr Smaafolket skulde vaaga
Skinntrøya. Ved Stortingsvalet fekk
Høgre umkring 500, Vinstre umkring
350. Det var betre enn ein kunne
venta. (No ved Formanns-Valet hev
Vinstre vunnet der!) So var det daa
Hovudborgi fyr Konservatismen, Kri-
stiania. Alle var samstellte um, at
Vinstre hadde gjenget ikkje litet fram
der, og Regjeringspressa var ikkje
trygg. Men daa kom det som eit
Toreslag 1 klaart Vedr, at Vinstre
hadde færre Røyster denne Gongen
enn sist. Borgarmeisteren hadde ikkje
havt Tider til aa innføra Folk i Mann-
talet, daa det var komet Folk, som
skulde tala véd han, Professor Monrad
trugad med Statskup, Røystesetlarne
var fargad og Høgre merkad seg, kor-
leids Folk røystad. Høgre vann med
Skam, men det vann, og vann med
uhorvelegt Yvertal. Etter detta fekk
Statskup-Partiet Mot, og med Vinstre
gjekk det sidan paa Skakke. Paa
Fredrikshald fekk Vinstre umkring
120, Høgre meir enn dobbelt so mange.
Der var Vinstre skræmt ved fargad
Røystesetlar (Folk som stod jamvæl
eit Stykke fraa, kunne sjaa, korleids
kvar Mann røystad), Høgrebladet der
hadde sendt ut eit ærelaust Upprop,
og der hadde det og voret Trugsmaal
um Ufred. I Larvik og paa Kongs-
berg vann Vinstre, men i alle hine
Byarne Høgre, som rimelegt kann vera.
I Arendal, der det finst eit ikkje litet
liberalt Parti, fekk Vinstre berre nokot
yver 20 Røyster. For det er ikkje
Spøk fyr ein liten Forretningsmann
elder Handverkar aa gaa fram, naar
Valet ikkje gjeng fyr seg i Løynd etter
Loven. Naar han ser ei morsk; kon-
servativ Valstyring og fargad Røyste-
setlar, fær han liksom ein Trykk fyr
Bringa.
Betre vert det aldri her i Aust-
landsbyarne, so lenge Stortinget toler
slikt. (Meir.)
Ho Lisa paa Vitjing.
(Av T—)
”Du Lisa”, sagde Prestekona ein
Dag til den vesle 7aarsgamle Dotter
si, ”eg skulde lika aa vita, korleids
Madam Mikkelsen hev det 1 Dag; men
eg er so trøytt. Meiner du, at du
kunde gaa der burt aa høyra etter?”
”Aa ja, Mor”, ropad Lisa glad, ”eg
veit godt Vegen, og eg skal ikkje gaa
meg burt. Ikkje skal eg gjeva meg
etter og leika med nokon helder, og
ikkje skal eg detta og slaa meg. Lat
meg gaa, Mor!”
”Naa, so vil eg freista aa lata deg
gaa daa,” sagde Mori, og Lisa gjekk
i stor Gleda.
Madam Mikkelsen var ei av Preste-
fru Gran sine Sokneborn. Ho budde
berre nokre faae Hus burte fraa der
Presten budde; men korso var det
. lenger enn Lisa endaa nokon Gong
hadde vaagat seg av aaleine. Ho
ruslad i Veg med vigtige Fagter og
ei fornem Mine; ho sknlde paa ”Visit”
og kjende seg heilt vaksi. Ho kom
til Madam Mikkelsen og ringde paa;
Tenestgjenta kom ut og leet upp, og
so fekk Lisa vita, at Madama var
mykje betre i Dag. Lisa sagde, at
”Mor vilde verta svært glad av aa
høyra det,” og*so sagde ho Farvæl
og gjekk.
Men utanfor Hagegrindi stansad
ho for aa tenkja yver nokot, som just
kom upp i det vesle Krullhovudet
hennar. Kvi skulde ein ikkje gaa paa
Vitjing paa fleire Stader, naar ein
fyrst var ute? Mor vilde visst lika
aa høyra fraa fleire Folk; Lisa høyrde
tidt, at ho talad um baade den eine
og den andre; ho hadde visst berre
gløymt aa nemna det i Dag. Og Ma-
dam Bjørk budde so like ved, berre
burtum »pærmaste Hyrna; det var
snart gjort.
So bar det so til, at Lisa strakst
etter bankad paa bjaa Madam Bjørk.
Madam Bjørk kom sjølv og leet upp.
”Ja men trur eg, det er Lisa!”
ropad ho. ”Kjem du aaleine?”
”Ja”, svarad den vesle Synderinna,
”Mor bad meg gaa og høyra um Ma-
dam Mikkelsen, og so tenkte eg ho
kunde lika aa høyra, koss De livde og,
tenkte eg.”
”Takk for det!” lo Madam Bjørk,
”du kann helsa og segja, at me liver
væl; men vil du ikkje gaa inn?”
Lisa gjekk inn i Stova med Madam
Bjørk, og der fann ho ei liti Gjenta,
tvo Aar yngre enn ho sjølv. Madam
Bjørk bad Lisa taka av seg Yverplag-
get og leika med den vesle; men det
vilde ikkje Lisa. Ho sette seg stivt
paa ein Stol og sagde med stort Aal-
vor: ”eg lovad Mor, at eg ikkje skulde
leika med nokon. Bg kjem berre paa
ei snøgg Vitjing, maa De vita!”
80, aa-naa!? lo Madam Bjørk, ”ja
eg takkar so mykje for Æra!”
Ja det er rimelegt”, meinte Lisa
med eit aalvorlegt Augnekast; ”men
eg bryr meg ikkje so mykje um det.
Eg likar aa gaa paa Vitjing; alle
Damur gjer det. Men Far min, han
likar ikkje aa gaa paa Vitjing. Daa
han kom heim fraa Dykk sist, var han
so leid og kjeid, han berre takkad til,
han var komen væl heim, sagde han.”
”S0 — 07, sagde Madam Bjørk og
vart so aalvorleg og rar. ”Det var
best, han ikkje kom her daa,” tenkte
ho; men ho sagde ikkje nokot.
Lisa sat og undrast paa, at Madam
Bjørk var so tagall, og ho prøvde aa
finna ut nokot aå drøsa um, som kunde
høvya seg for ei ung Dame paa Vitjing.
”Kva skal De ha til Middag 1 Dag %
spurde ho endeleg aalvorlegt.
”Fisk”, svarad Madam Bjørk stutt;
gjekk og stelte med einkvart.
”Berre Fisk?” spurde Lisa.
ho
”Aa nei. Men kvispør du so etter
um det, — Lisa?”
”Nei, ikkje for nokot. Me skal
hava Lammesteik til Middag i Dag,
me, og so Dessert.”
”Jaso.” ;
”Me fær altid god Mat, me; Mor
er so god til aa laga Mat; det er ingen
annan som kan laga Mat i heile Byen,
segjer Far min.”
”Det var svært. Far din likad væl
ikkje den Maten, han fekk her helder
daa?”
”Eg veit ikkje det. Men daa han
kom heim, bad han Mor um eit Stykkje
Mat, for han var so svolten, sagde han.”
”Hm! — Ja-ja. — Men maa du
ikkje snart tenkja paa Heimvegen no?
Mor di kunde verta rædd for deg.”
Madam Bjørk var so rar 1 Maalet.
”Aa, det hastar ikkje med meg,”
sagde Lisa og sat ei Stund. Men so
kom ho til aa tenkja paa, at det kunde
vera Moro aa sjaa innum hjaa Madam
Knutsen og, naar ho fyrst var paa
”Eg skal burttil Madam Knutsen,”
sagde ho. ”Jaso”, svarad Madam Bjørk
og leet henne ut. ”Takk for du saag
upp, Lisa!” —
Lisa ruslad væl fornøgd wupp til
M&dam Knutsen. Mannen i Huset var
sjølv heime og hadde just røykt ein
Sigar, so Romet endaa var fullt av
Sigarlukt. Lisa hadde ikkje fyrr komet
til Sæte, fyrr ho slog Krull paa den
vesle Nosi si og sagde: ”Eg tykkjer
det er slik ei rar Lukt her!”
Knutsen smaalo og sagde: ”Eg
røykte just ein Sigar no; men slikt er
væl ikkje du van med, Lisa.”
”Aa jau, eg er ikkje so uvan med
det,” meinte Lisa; ”Far min røykjer,
han og. Men Mor vil ikkje, han skal
røykja i Stova, og ute vil han ikkje
røykja, og so gjeng han ned i Kjel-
daren, naar han vil røykja ein Sigar.”
”Jaso”, smaalo Knutsen. ”Det hadde
eg ikkje tenkt!” sagde Madama.
”Aa ja, naar Sanningi slepp ut, so
er der kanskje ikkje so stor Skilnad
paa Heilagmenn og Syndarar, som det
kann synast,” sagde Knutsen, halvfegen
yver aa høyra, at Presten ikkje var
so streng som han leet til.
Men Lisa forstod ikkje dette.
Ho sat og saag paa Haaret til
Madam Knutsen, som laag uppvalkat
i ei diger Tuva uppaa Hovudet hennar.
Lisa hadde ofta grundat paa den Haar-
bunaden til Madam Knutsen, og no
tenkte ho, ho kunde koma etter, kor-
leis det hekk ihop. ”Brukar De Kraam-
budhaar, Madam Knutsen?” spurde ho.
Knutsen sette i aa læ aat det sure
Andlitet, som Kona hans sette upp
ved dette uhendige Spursmaalet. ”Godt
spurt, Lisa!” sagde han.
Dette argad Madam Knutsen endaa
meir, og ho var helder kvass i Maalet,
daa ho svarad: ”Du er nok litt spur-
vis, du Lisa; men eg kann segja deg
det, at Haaret mitt veks paa mitt eiget
Hovud.”
”Ho meiner, at ein Tridjepart av
det veks der,” sagde Knutsen, og lo
so det song. Men Lisa mislikad det
kvasse Svaret, ho hadde fenget av
Madam Knutsen, og sagde helder
snurpet:
”Det kann vera meg det same, det.
Men eg tykkjer Kraambudhaar er vent,
eg. Eg ser heile Dungar av det, naar
eg er med Mor i Byen. Her um. Da-
gen kjøpte ho eit Par svarte Flettur,
men eg saag nokre gule, som var
mykje finare, og so sagde eg ho skulde
kjøpa dei og. Men Mor sagde, at ho
ikkje vilde gjera Hovudet sitt til eit
Kraakereir liksom Madam Knutsen —”
Byen, og so reiste ho seg og gjekk.
”Ha-ha-ha-ha!” lo Knutsen, han sat
og heldt seg yver Magen.
”Du kann helsa Mor di paa det,”
kvesste Madam Knutsen i, ”at ho kann
passa seg sjølv, so ho ikkje kjem altfor
langt attum Moten! — og hellest var
det godt, at eg fekk vita um dei
svarte Fletturne” lagde ho til for
seg sjølv.
Lisa vart tykkji. Dei trudde nok
ho var ein liten Unge, desse Folk.
Ho reiste seg vyrdsleg og gjekk.
”Farvæl, Lisa! kom snart att!” ropad
Knutsen.
”Ja tru De meiner det De no segjer,”
svarad Lisa med eit myrkt Augnekast.
”Det er rett Lisa!” sagde Madam
Knutsen; ”det er godt, at du alt ser
Skalken i han; for han er ikke aa
tru.”
Lisa tok snøggaste Vegen heim no.
Men so kom ho framum Jomfru Lar-
sen, og so fekk ho Hug til aa sjaa
upp til henne med. Jomfru Larsen var
ei Gjenta paa gode 35 Aar, men fager
enno, og snild, og det einaste Lyte ho
hadde var, at ho ikke tolde aa høyra,
at ho var ugift. Og daa Lisa var
komi til Ro i Sofaen i den vesle pyn-
telege Daglegstova hennar, raamad ho
just denne saare Prikken.
”Eg vilde upp og sjaa um Dykk;
De hev det visst langsamt, Jomfru
Larsen.” -
”Aa, eg veit ikkje det.”
”Er det ikkje langsamt aa vera ei
gamal Gjenta?”
”Hm; hm! — kven hev sagt deg,
at eg er ei gamal Gjenta?”
”Jau eg høyrde Mor mi sagde det
her ein Dag, og ho tykte so Synd um
Dykk, sagde ho. Ho meinte De vilde
lika aa verta gift med Hr. Jonsen,
sagde ho.”
Jomfru Larsen vart raud av Sinne.
”Du kann segja det til Mor di, at eg
bryr meg ikkje um slikt Snakk !” sagde
ho. ”Trur du eg vil gifta meg med
den Jonsen?”
Ho gav seg til aa vatna Blomarne
sine. So sagde ho: ”Det er visst best,
du gjeng heim no, Lisa. Det er snart
Middag, og Mor di ventar visst paa
deg.” Lisa likad ikkje dette; ho for-
stod, at Jomfru Larsen vilde vera av
med henne, og utan eit Ord stod ho
upp og gjekk.
Men eit litet Stykkje fraa Huset
raakad ho Hr. Jonsen.
”Naa, Lisa?” sagde Jonsen, ”er du
ute og ferdast so eisemal?”
”Ja, eg hev veret ute paa Vitjing,”
sagde Lisa og kjeikad seg upp. ”No
kjem eg just fraa Jomfru Larsen, og
eg sa det til henne, at ho burde gifta
seg med Dykk, men daa vart ho so
vond, so vond. Var det nokot aa
verta vond for det, Jonsen?” :
”Du hev visst voret ute paa ymse
Veger i Dag,” sagde Jonsen, han vart
so underleg aa sjaa til. ”Gakk no
heim, Lisa; det er visst det beste du
kann gjera.” Han gjekk.
Det same gjorde Lisa. Men ho
var vond. ”Dei er so vigtige, alle Folk!”
tenkte ho og kastad paa den vesle
Nakken.
— ”Vil De røykja ein Cigar?” sagde
Knutsen til Præsten Gran Dagen etter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>