Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
————=> >>> O>>————
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat.
piioBl sat del åorske Töllet,
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No 91.
Kristiania den 28de Desember 1882.
|
6. Aarg.
IRER NR
Fraa Kyrkjesoga.
(Av 0. V.)
II.
Blodvitni i Sudgallia.
Grækaranden hadde tidlegt funnet
Vegen til Sudgallia. I den vene Roh-
nedalen var det fleire grækiske Ny-
bygder. Lyon og Vienne hadde vakset
upp til store Kaupstadar, og derifraa
gjekk den andelege Rørsla og ut. At
«dei fleste var Grækarar, er litet tru-
legt, men dei gjekk fulla i Fyrevegen
ialt. Og Keltarne var eit livlegt Folk,
som gjerna lævde av andre: Daa Kri-
stendomen hadde røtt seg heime i
Grækenland og Litleasia, vart Tru-
ordet snart boret ut til Nybygderne og.
I det andre Aarhundradet er det fleire
Menigheiter i Rohnedalen. Korleids
Kristendomen var komen dit, veit me
inkje, men mange gjæve Lærarar
var der. Og desse var skikkade i
Veg fraa Litleasia. Potinus, som var
Bisp i Lyon, var utsend av Polykarp,
segjest det, og Trenæus, som vart Bisp
etter honom, var ein Læresvein av
Polykarp, so me heve Grunn til aa
tru, at Menigheiterne i Rohnedalen
var Døtter til Smyrnamenigheiti.
Markus Aurelius var vorten Keisar,
og han var svært vond paa dei Kristne.
Han var ein bra Mann, og vis skulde
han vera attåat, so dei kallar honom
Vismannen paa Keisarstolen. Under
Krigen med Markomannerne, som
trengde Riket i Nord, var det mange
kristne med. Og dei var gode Her-
menn. Eingong fekk Keisaren stor
Vyrdnad fyr Trui deira og, fortel dei.
Det var i 174. Heren var i Vatsnaud,
og Folk var, so dei skulde ganga til
av Torste. I ei Fylking var det mest
kristne, og ho hadde fenget Lovord av
Keisaren, so ho heitte Torefylkingi
(lego fulmentrix). Dei stod uppstellte
til Slag, og so lagde dei kristne seg
paa Kne og bad til Gud. Men Kei-
saren og Heidningarne gjorde det same
og bad til Gudarne sine. Fiendarne
undradst, men daa det paa Romarsida
kom ei Toreflod, vart dei reint klum-
sade, og dei rømde det snøggaste dei
var god til. Nokot sovoret maa verke-
leg hava hendt, det kann me vita, daa
det er so mange paalitande Vitnemaal
um det. Heidningarne sagde, at Ju-
piter hadde gjort det, men det trudde
dei ikkje sjølve eingong: det laut vera
Guden aat dei kristne likevel. Det
vert fortalt, at Keisaren etter detta
sette Livsstraf fyr dei, som klagad dei
kristne, men det kann ikkje vera sannt.
Eit slikt Hende gjorde visst ikkje den
steinharde Vismannen og Statsmannen
blaut, han maatte helder sjaa, at det
vilde vera ute med Romarmagti, skulde
desse Drøymararne faa liva og festa
Draumarne sine. For dei drøymde
um, at Romarmagti snart skulde hava
gjort fraa seg. So hjelpte det ikkje
helder, at Torefylkingi var namngjeti
fyr Truskap og Mannsmod. Markus Au-
relius var so klok Mann, at han kunde
sjaa burt fraa det einskilde Høye, han
saag paa dei kristne i det heile med
Filosofaugat. Filosofar var dei ikkje,
sagde han, endaa dei liksom hadde
Svipen. Men difyr var dei faarlege
og, so det var best aa tyna dei.
I 177 gjekk det Rødur um Krig i
Rohnedalen. Heidningarne vart for-
fælde, dei gjekk som i ein Sveim, nokon
maatte dei hemna seg ut paa, og det
vart dei kristne, som dei hadde voret
sinnade paa lenge. Menigheiterne 1
Lyon og Vienne skreiv sidan eit Brev.
til ”Brøderne i Asia og Phrygia”, og
der fær me god Greida paa, korleids
det gjekk til i dei tvo store Byarne.
Ellest var Trengsla so stor, skriv dei,
at det var raadlaust aa fortelja det:
korleids Heidningarne bar seg aat mot
dei heilage, og kor mykje dei sæle
Blodvitne laut lida. — Dei kristne
torde ikkje syna seg nokonstad, inkje
1 Husi, inkje i Laugarstovurne og inkje
paa Torgi. Men Naaden aat Gud
stridde fyr dei, fridde ut dei veike og
sette fremst dei sterkaste Kultarne
som var so faste og støde, at dei samlad
heile Sinnet um seg. Desse Hovdin-
garne smaug ikkje undan i Naudi, for
dei trudde, ”at Lidingarne i den no-
verande Tid ikkje er vyrdande imot
den Æra, som skal openberrast paa
oss.”*) Kalling, Hogging og Stein-
kasting nyttad Herket godt. Hopen
reitad seg inn paa dei kristne, plun-
drad og drog dei att og fram, og
stengde dei inn i Husi. Men dei kristne
lest ikkje gaa og tolde alt. Endaa
var det Herket, men so tok Styre-
magti til. Hovudsmannen og Byraadet
heldt Forhøyr paa Torgi yver dei
kristne, og Folket stod og lydde paa.
Men opet og djervt vitnad dei kristne
um si Tru, og so vart dei kastade i
Myrkestova. Der skulde dei sitja, til
Landshovdingen (legatus) kunde koma
og døma dei. Daa han kom, vart det
Forhøyr atter, og han brukad seg so
fælt han berre kunde imot dei kristne.
Slik Aatferd kunde Vetttus Epaga-
tus ikkje tola. Han var ein ung Mann
endaa, men han hadde eit godt Ord,
*) Rom. 8,18.
AAR
var mykje dugeleg, heit i Hugen og
mykje fyre seg. Han bad, at dei vilde
høyra paa honom, so skulde han tala
Saki aat Brøderne og prova, at Gud-
løysa og gudlaust Ferdalag var langt
fraa dei. Endaa han hadde gtor Vyrd-
nad, huad og skreik Hopen, som hadde
sankat seg kring Domarsætet, og Do-
maren vilde ikkje høyra paa den rime-
lege Bøni hans, han vilde berre vita,
um han og var ein kristen. Høgt
sagde han ja til det, og so hædde dei
honom og kallad honom Maalsmannen
aat dei kristne, men den rette Maals-
mannen hadde han i Hjartat. Epaga-
tus vaagad Livet fyr Brøderne og vart
med i Vitneflokken.
So kom Stundi fyr dei andre og:
frie og djerve kom dei ægte Vitne
fram, og det var helder, som dei var
glade, daa dei vitnad um si Tru. Men
ein tie Stykke var ikkje budde til so
hard ein Strid, dei hadde freistat for
litet sine Dagar. Desse fall, naar
Trui skulde røynast. Dei kristne syrgde
etter detta, for illa var det med dei
fallne, men endaa verre vilde det vera,
um detta skulde døyva Modet hjaa
dei, som ikkje var tekne endaa. ”Alle
gjekk me med den største Otten fyr,
korleids det skulde enda med Vedkjen-
ningi av Trui. For me var ikkje rædde
fyr Pinslurne, som dei trugad oss med,
men me saag til Enden og sytte fyr,
at einkvar skulde falla ifraa.” Dag-
stødt vart det tekne nokre ut or Myr-
kestova til Forhøyr, og det var nettupp
dei gjævaste fraa baade Menigheiterne,
dei, som var den beste Studnaden.
Hjaa dei kristne var det Heidningar i
Tenesta, — Landshovdingen baud, at
heile Huslydarne skulde setjast fast,
og so vart desse heidne Tenararne
tekne med. Hermennerne talde til, at
dei skulde vitna det, som vondt var,
paa dei kristne, og daa dei saag, kvat
dei heilage laut lida, vart dei so liv-
rædde, at dei kunde segja, kvat som
høyde. Og Tenararne fortalde, at dei
kristne heldt Maaltid paa Mannakjøt
som Tyestes og livde i Blodskam som
Ødipus. Og mangt annat styggt skulde
dei kristne hava fyr seg og, ja det
var so fælt, at dei skjemdest nemna
elder koma i Hug sovoret, skriv dei.
Og dei vilde ikkje tru, at det nokor
Tid hadde funnest slikt millom Menne-
skjur*). Daa desse Rødurne kom ut,
*) Det var ikkje nytt, at dei kristne vart
skuldade fyr sovoret. Dei let aldri
Heidningarne vera til Stadar ved Daap
og Nattverd, men dei stal seg ofta til
aa lyda utanfyre. So fekk dei fulla Tak
i eit og annat av Sakramentordi. Av
kom Blodsinnet yver Heidningarne.
Hadde sume til dessa haldet Maate
fyr Kjennskap Skuld, so vart Hatet og
Iliska so mykje større no. Det vart
Sanning, som Herren hadde spaatt:
”Der skal koma ei Tid, daa den, som
slær dykk i Hel, skal meina, at han
syner Gud ei Tenesta.” Dei heilage
Vitni tolde Pinslur, som ein ikkje kann
teikna med Ord. Det galdt aa faa ut
or dei eit elder annat, som dei kunde
hengja seg i. Hopen, Landshovdingen
og Hermennerne kappadst um, kven
som kunde finna paa det verste. Stor-
sinnet samlad seg mest um Hjelpe-
presten (Diakonen) Sanktus fraa Vienne,
den nydøypte, gjæve Stridsmannen Ma-
turus, den vyrdande Attalus, som var
fraa Pergamus i Litleasia, hadde ro-
mersk Borgarret og var rett ei Svill i
Menigheiti, og Blondima, som var
Trælkvinna.
Ho høyrde til ein kristnad Huslyd,
og Fruva hennar var med i Vitne-
flokken. Dei kristne ottadst, at Blon-
dina kunde sleppa Trui, for ho var
skrinnlagd og veik til Helsa. Men
paa henne synte Kristus, at det, som
Menneskjur mismæter, vert haldet høgt
hjaa Gud, naar det er sambundet med
Kjærleiken til honom. Meistermen-
nerne brukad seg paa alle Viser, og
dei byttest um aa pina henne fraa
tidlegt um Morgonen til Kvelden, men
dei vart reint til Skammar og laut
segja, at dei ingen Veg kunde koma
med henne. Korleids det kunde vera
Liv-i henne, skynad dei ikkje, daa
mest heile Kroppen var sundersliten.
Og ho maatte kunnat voret ferdug
med ei av Pinslurne. Men ho heldt
seg som ei Kjempa og fekk Krafter
paa nyom av Vedkjenningi: det var
Frisking, Kvild og Svaling fyr Lika-
men aa segja: ”eg er ein kristen, og
imillöm oss gjerer dei ikkje nokot til
Skjemsla.”
Sanktus var ny i Trui, og difyr
desse fekk dei so ut, at dei kristne var
Mannetarar og annat fælt. Kjærleiks-
maaltidi gjorde dei og til nokot reint
ufyset. — Tyestes og Ødipus kjenner me
fraa grækiske Segner. Den fyrste aat
Kjøtet og drakk Blodet av sine eigne
Born. Son hans, Ødipus, gifte seg med
si eigi Moder. Ingen av dei gjorde det
med Vilje, so det høvde litet aa bruka
desse til Likning paa so fæle Folk, som
dei kristne skulde vera. Sume meiner,
at det, som gjekk fyre seg under dei
heidne Mysteria, hadde fenget Namn
etter Tyestes og Ødipus. Og der gjekk
mykje Styggedom i Duldi. Heidningarne
meinte daa, at dei kristne og fhadde
slike Mysteria, og der var det same
Livet som bjaa dei sjølve.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>