- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
11

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dinavisk kyrkjemøte i Lund. Dei tok vegen um
Kjøpenhamn både fram og attende og vart då
kjende med dei fremste av Grundtvigs vener i
Danmark.

Etter desse fyrste sterke inntrykka av det nye
åndslivet dernede, tok dei til med teologien att.

Arvesen var vel den av desse tvo som var mest
trottug til å gå på forelesingane og som las mest.
Anker hadde råd til å taka det meir i mak.
Dessutan var det so mykje anna han skulde vera
med på. Han var ofte på stortingsgalleriet,
høyrde Ueland, Sverdrup og Sehweigård, og lærde
meir politikk enn teologi, segjer han sjølv.

Til dette kom brevskriving. Dei kunde den
kunsta å skriva brev desse fyrste
grundtvigiana-rane. Ein av venene i Kjøpenhamn (Wagner)
skreiv upp Grundtvigs preiker kvar sundag og
sende dei til Anker. Denne skreiv av tri og
sende til presten Wexelsen (far til statsråd og
biskop W.) i Nidaros. Attåt sende han eit brev på
28 store, tettskrivne sider til Wexelsen og eit like
so langt til Wagner. Breva gjev m. a. eit godt
bilete av prestane i hovudstaden soleis som ein
ung, kritisk student såg det.

Til jol 1859 reiste Anker heim til Rød. Femte
joledag vart han sjuk og vart liggjande mange
veker (nervefeber). Men utpå vårparten friskna
han til att, og var heilt frisk til sumaren, so han
kunde bli med dei danske venene sine, Wagner
og Christensen, på ein fottur gjenom Gudbrands-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free