Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde Arvesen tinga hus på Hamar, lyst ut
skulen i sitt «Kirkeligt Folkeblad», skrive um han
og fyrebutt det so godt han kunde, alt i samråd
med Anker.
Mistru og motstand tok no til å melda seg. Ein
slik skule kunde bli fårleg; for desse tvo
teologane hadde ikkje den rette trua; dei var
grundt-vigianarar. Kva det i røynda var for noko, hadde
dei fleste inga greide på. Men noko gale måtte
det vera, sidan mest alle prestar stygdest. Andre
meinte at det kunde føra til eit bonderegimente
som kunde bli fårleg både for embetsfolket og
for heile samfundet. Det gjekk mest ut over
Arvesen.
Anker kjende folk mindre til. Dei visste berre
at han var prestlærd og ein rik mann, gift med
ei frå Danmark, og at det var han som skulde
bera utlogene til skulen.
Ein innsendar i eit blad kom med det
ålvor-lege spursmålet um «Ankers familie vilde tillade,
at de midler som var samlet i Fr.hald (Halden),
blev anvendt på Hedemarken». Dei burde i alle
tilfelle halda seg til sitt eige fylke, Austfold.
Folkehøgskulen på Hamar fekk mange elevar
likevel. Det var i alt 80 då dei tok til 1. novb. 1864.
Anker hadde valt til hovudfag for seg
heimssoge, geografi, upplesing og innføring i dikting
og islandske soger.
Det fyrste året gjekk uventa godt. Etter dette
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>